«Carlo Ancelotti, we`re coming for you».
Slik avslutta Ståle Solbakken sin tale til landslagsspelarane og resten av støtteapparatet etter sigeren mot Elfenbeinskysten.
No er det Brasil som står for tur.
Og det er ikkje kva som helst profil Ståle Solbakken no skal ta rotta på.
– Han er ein av dei største i historia. CV-en hans og titlane hans talar for seg sjølv. Heilt enorm, seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.
VINNAR: Carlo Ancelotti har trent fleire av dei største klubbene i Europa.
Foto: SAM NAVARRO / REUTERS,NTBUnik evne til å takle store ego
Don Carlos fotballkarriere strekker seg over nesten 50 år. Over 30 av dei som ein svært merittert trener.
Inn i Brasil-jobben kjem han frå sin andre periode i Real Madrid (2021-2025), som reknast som ein av klubbens beste nokosinne. Her blei Carlo Ancelotti historisk og vant Meisterligaen for femte gang.
Han har også vunne turneringa to gongar som spelar.
GROSSIST: Ancelotti har vunne Meisterligaen sju gonger. Fem som trenar, og to som spelar.
Foto: GLYN KIRK / AFP,NTBHistorisk blei han også som den første – og hittil einaste – trenaren som har vunne ligaen i dei fem største fotballanda i Europa.
– Han er ein pragmatikar som lar stjernene skine. Ein fantastisk «man management-trener», seier fotballekspert Petter Veland.
– Hans «man-management» var den beste, har Gareth Bale sagt.
Med det meiner dei at Ancelotti har hausta mykje skryt for hans evne til å handtere dei aller største stjernene og få dei til å skine. Løkberg meiner koplinga mellom trenaren og gultrøyene er optimal.
– Eg føler den miksen passar veldig bra fordi Ancelotti sin store styrke er å handtere store stjerner, og dei største egoa. Han klarar å få det til å bli eit velfungerande lag, der andre ikkje klarar å handtere garderoben for eksempel, forklarar han.
Ancelotti har trena Vinicius Junior både på klubb- og landslag.
– Han ser moglegheiter og tar grep
Reint fotballfagleg er Ancelotti langt vanskelegare å plassere, meiner Veland.
– Han har vunne mykje, men ikkje sett spor etter seg reint taktisk. Det kan endre seg frå kamp til kamp og frå klubb til klubb. Vi har trenarar som Cruijff, Guardiola og Sacchi som endra fotballen – der har ikkje Ancelotti vore like framståande i mine auge.
Han trekker fram Japan-kampen som «typisk Ancelotti».
– Japan-kampen er litt Ancelotti-kamp destillert. Han trefte kanskje ikkje hundre prosent på lagoppstillinga, inngang til kampen og kva som ville møte dei – men så justerte han og dei vant til slutt, fortel Veland.
Løkberg lar seg også imponere over italienarens evne til å snu kampar, og åtvarar mot å avskrive hans taktiske eigenskapar.
– Han er ein veldig god kampleiar. Han ser moglegheiter og tar grep frå sidelinja, det har han stort sett alltid gjort, og klarar gjerne å påverke og snu kampar på den måten.
Sjå høgdepunkta Brasil – Japan.
God nok for gull?
Når Brasil stiller i VM er berre gull godt nok for det sigersvande landet.
Likevel er det 24 år og seks meisterskap sidan dei sist kunne kalle seg verdsmeistrar, og dei siste meisterskapane har gitt fleire nedturar enn gleder for fotballstordommen.
I VM på heimebane i 2014 drøymde mange brasilianarar om gull. I staden blei det eit mareritt. 1–7-tapet mot Tyskland i semifinalen er framleis eit nasjonalt traume.
Som trenar for Brasil er oddsen imot italienske Carlo Ancelotti. Aldri i løpet av VMs nesten hundre år lange historie, har eit land vunne VM med ein utanlandsk trenar.
Løkberg skjønnar likevel godt at det brasilianske forbundet valte å hente italienaren.
– Viss du har moglegheit til å få Ancelotti som landslagssjef så tar du den jo. Då drit du i statistikk om at det ikkje skjer. Viss det er ein mann som skal kunne få det til, så er det Carlo Ancelotti.
– Sjølv om eg tvilar sterkt på at han får det til med denne brasilianske utgåva som eg ikkje trur er god nok til å vinne VM, legg han til.
Skulle han likevel motbevise skeptikarane, meiner ekspertane at han skriv seg inn i historiebøkene med gullskrift.
– Blir han verdsmeister med Brasil, så vil han openbert vere blant dei største trenarane i historia, seier Petter Veland.
– Viss han då skulle ende opp med å ta Brasil til ein VM-tittel, då byrjar det å bli vanskeleg å plassere nokon over han. Då blir han ikkje berre ein av dei største, men kanskje den største, meiner Løkberg.
Det var også han som gav landslagskaptein Martin Ødegaard sin Real Madrid-debut i 2015.
Foto: EFE / NTB,NTBStor respekt for rivalen
Og på pressekonferansen dagen etter kampen mot Elfenbeinskysten blei Solbakken naturlegvis spurt om åtvaringa han sende Ancelottis veg.
– Eg har den største respekt for han, sa Solbakken.
Brasiliansk presse lurte på om videoen skulle tolkast som vennlegheit eller ein provokasjon.
Ståle Solbakken avslutta med en helsing til Carlo Ancelotti.
– Det er så langt frå provoserande som mogleg. Han er kanskje den beste trenaren i europeisk fotballhistorie saman med Guardiola, Mourinho og eit par andre, svarte Solbakken.
Så gjenstår det å sjå om Solbakken og Noreg klarar å overliste ringreven Ancelotti.
Sjå Brasil–Noreg på NRK1 og NRK TV 22:00 søndag 5. juli.
Har Norge en sjanse mot Brasil?
Absolutt, dette er helt åpent.
Vinnersjanse


Publisert 04.07.2026, kl. 17.09 Oppdatert 04.07.2026, kl. 17.12














English (US)