Avslørar ukjend drama i Mesternes mester: – Heilt jævlig

1 hour ago 2



– Det var faktisk heilt forferdeleg, heilt jævlig, for å vere ærleg, seier Daniel Andre Tande.

Den tidlegare skihopparen er tilbake i deltakarhuset etter ei intens natt.

I den åttande episoden av Mesternes mester, var tema Lagånd 2. Der hamna Tande og Isabelle Pedersen nedst, og dei måtte i nattest.

Der blei dei ståande mykje lenger enn dei hadde trudd.

– I den første runden blei vi ståande i 35 minutt. Da måtte produksjonen stoppe oss fordi minnekortet på kameraet gjekk tomt, fortel skihopparen og held fram:

– På det tidspunktet hadde ingen av oss kjensler igjen i føtene. Det blei ein veldig langdryg og intens aftan, som var utmattande både fysisk og psykisk.

– Ein nattest for historiebøkene

Også produksjonen blei tatt på senga av den lange nattesten.

– Dette blei ein nattest for historiebøkene og ein thriller me knapt har sett maken til. Det var jo ein heilt ny nattest denne sesongen, og i dei tidlegare rundane var ikkje deltakarane i nærleiken av å stå så lenge, seier dagleg leiar i Nordisk Banijay, Erlend Røeggen til NRK.

Han fortset:

– Så Isabelle og Daniel overraska oss verkeleg med den ekstreme uthaldet deira i kombinasjon med konsentrasjon og kontroll, seier Røeggen.

I den første runden stod dei over 40 minutt.

– Eg har jo ikkje hatt kjensler i foten min i alle fall dei siste 10 minutta, men det går jo på ein måte greitt, for du er jo i konkurranse-modus, seier Pedersen.

Hekkeløparen mista til slutt balansen og tapte den første av to rundar.

kvinne

TAPTE FØRSTE RUNDE: Isabelle Pedersen tapte den først av to rundar.

Foto: Mesternes mester episode 7 / Nordisk Banijay/NRK

– Det var ordentleg, ordentleg svintøft å stå der, og det å måtte gå ut var vondt når du hadde gitt så mykje innsats og du verkeleg hadde gitt sjela di til ein konkurranse, seier Pedersen.

– Eg er ganske sikker på at vi begge blei ståande så lenge berre på grunn av rein staheit. Kroppen var ikkje til særleg hjelp mot slutten. Eg hadde rett og slett ikkje lyst til å gi meg før ho gjorde det, fortel Tande.

mann og kvinne

REKORD: Tande og Pedersen blei ståande rekordlenge i nattesten.

Foto: Mesternes mester episode 7 / Nordisk Banijay/NRK

Tatt på senga

– Denne heilt nye nattesten har eit viktig element av uthald og blei testa grundig i framkant. Etter 2 minutt skal ein opp på éin fot, og då var det ingen i testperioden som klarte å stå lenger enn 5–6 minutt, seier Røeggen og held fram:

– Rekorden i dei føregåande nattestane denne sesongen var på 12 minutt. Så her blei alle tekne på senga av den enorme kapasiteten til Isabelle og Daniel.

Deltakarane blei også overraska over eigen prestasjon.

– Herregud å kunne knuse ein rekord på 12 minutt med så verdig kontroll som vi hadde. Altså det var jo «insane», ballane våre rørte jo ikkje kanten ein gong, seier Pedersen.

Etter ei ny runde på over 50 minutt, vann til slutt Tande.

– Eg er ein «sta jævel». Det som alltid har motivert meg, er å bevise at eg får til ting, spesielt viss folk ikkje har trua på meg, seier Tande.

isabelle pedersen gårter

LEI SEG: Isabelle Pedersen var tydeleg prega då ho rauk ut.

Foto: Mesternes mester episode 7 / Nordisk Banijay/NRK

Fekk ikkje sove

Skihopparen gjekk sigrane ut av utslagsduellen og kunne returnere til deltakarhuset. Då han kom heim att, hadde resten av deltakarane lagt seg for å sove.

– Eg var heime rett før klokka to. Hovudet «kokte», så eg fekk ikkje sove med ein gong, fortel Tande.

Han held fram:

– Heldigvis har eg ein romkamerat som heldt TV-teamet unna rommet mitt fram til klokka ni, så det blei heldigvis nokre timar søvn. Men det var seigt, seier ein litt sliten Tande.

Produksjonen avslørar at dei, etter at Tande og Pedersen blei ståande så lenge, skal vurdere kva endringar dei kan gjere til seinare.

– Me skal evaluere årets sesong og vil vurdere å introdusere nye vanskeligheitsgrader for å få ei raskare gjennomføring av nattesten. Det handlar òg om at vi ønskjer at deltakaren som vinn nattesten, skal få tid til å restituere seg til neste konkurranse, avslørar Røeggen til NRK.

Publisert 14.02.2026, kl. 22.36

Read Entire Article