– Eg er eit nattdyr, fortel Emil Iversen med eit stort smil.
Den nybakte landslagsløparen har under store delar av gruppespelet i fotball-VM vore på samling i Sandefjord med dei ferske lagkameratane.
Saman har dei sett fleire av kampane i seine kveldstimar, og vike frå den faste søvnrytmen.
– Litt etter ti, svarer Lars Heggen på spørsmål om når han vanlegvis bruker å hoppe i køya.
NATTUGLE: Emil Iversen fortel at enkelte lagkameratar duppar av under kampane i fotball-VM, mens han sjølv har null problem med å halde seg vaken.
Foto: Matias Næss Lysholm / NRKIversens VM-bom – skulle heie på Noreg-offer
NRK møter landslagsherrane på heimebana til Sandefjord sitt eliteserielag. Den har dei fått låne ein time for å spele ein intern fotballkamp.
I ein jamspelt batalje er Johannes Høsflot Klæbo, Heggen og Iversen blant dei som er på sigerslaget.
– Det er eg som har det beste overblikket og det naturlege talentet, skryter Iversen, og legg til den store fotballmeritten i karrieren: siger i Bergstadcupen på Røros.
INTERNKAMP: Vinnarlaget bestod av Emil Iversen, Johannes Høsflot Klæbo, Lars Heggen, Mattis Stenshagen og ein Sandefjord-spelar i mål. Taparlaget var Andreas Fjorden Ree, Oskar Opstad Vike, Erik Valnes, Martin Løwstrøm Nyenget, Even Northug og Harald Østberg Amundsen. Det var noko usikkert om sigersmarginen var eitt eller to mål.
Foto: Matias Næss Lysholm / NRKLike etter samlinga er Iversen på plass i Italia for ei privat høgdesamling med hans eige «vesle team» i 3,5 veker.
Der har 34-åringen gledd seg så mykje til å følge fotball-VM, og heie litt ekstra på Italia, at han har gått til innkjøp av ei Italia-drakt.
Så gjekk det opp for han.
– F*en, Italia er jo ikkje med.
– Eg veit ikkje kor mykje eg skal gå rundt med den drakta nedi der. Så det hadde eg gløymt, fortel Iversen.
– Redd for å få nokon italienarar på nakken?
– Det er vel ikkje noko fotballfeber der i alle fall, humrar han.
BOMKJØP: Emil Iversen nye Italia-drakt.
Foto: PrivatLandslagstrenar Eirik Myhr Nossum har vore fan av italiensk fotball heile livet, men ville ikkje ha bytt ut Noregs VM-plass med støvellandet, som fotballandslaget nedkjempa to gonger i fjor.
Han har fått med seg Italia-glippen til eleven sin.
– Hovudet under armen og armen i bind, seier Nossum og fortset:
– Det er godt gjort.
TOK VM-TUR: Midtvegs i Sandefjord-samlinga avbraut Johannes Høsflot Klæbo opphaldet for å reise til USA på Noreg–Senegal.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBOm landslagstrening: – Ikkje berekraftig
Fjorårssesongen var ein enorm sportsleg suksess for Iversen. Etter fire meisterskapslause år var han tilbake i OL, og tok med seg individuell femmil-bronse og stafettgull.
Denne sesongen kjem han til å gjenta mykje av suksessoppskrifta frå fjoråret, sjølv om han er underlagt regimet til landslaget.
– Slik som vi trenar her er ikkje berekraftig for meg. Og det veit eg ikkje om det er for resten heller. Eg har ein litt annan treningsfilosofi, men samtidig er det greitt å bli utfordra på det ein er litt dårleg på.
Iversen seier han generelt legg mindre innsats i treninga samanlikna med landslagskollegaene.
– Eg trenar mykje, men eg trenar med relativt låg intensitet og ikkje så mykje hardt. Ein del av gutane her får ein halvkram ein når det er intervall og dei kan få dra. Det gjer ikkje eg.
Nytt landslagsgrep
Ettersom OL i 2030 går i høgda i dei franske alpane, der langrennsøvingane vil finne stad i La Clusaz, skal herrelandslaget auke mengda høgdetrening frå denne sesongen.
– Det har lege i langtidsplanen ganske lenge, fortel Nossum, og fortset:
– Så kunne vi nok ha venta til det nærmar seg, men det handlar om å planlegge fram i tid. Det er ei læring det og. Det er mange her som ikkje har vore i høgda før.
EIN AV TO: Eirik Myhr Nossum er trenar for landslaget saman med nytilsette Ånund Lid Byggland. Nossum vil ha eit lite auge ekstra på distanserenn, og Byggland tilsvarande på sprint.
Foto: Terje Pedersen / NTBEtter Toppidrettsveka i august reiser utøvarane til dei første tre vekene i høgda, før dei etter planen skal gjennomføre tre nye veker nærare sesongstart.
Før den tid skal det sjåast fleire fotballkampar.
– Vi dominerte i vinter-OL, og no har vi verkeleg markert oss i fotball-VM. Det er berre å halde fram med det, seier Iversen.
Publisert 29.06.2026, kl. 08.51











English (US)