Baksnakking: – Slik vi vaksne mobbar kvarandre

2 hours ago 2



Baksnakkar du?

Det er veldig menneskeleg.

Det å snakke om andre kan gjere oss sosialt trygge.

Men kor går grensa mellom destruktiv prat og ventilering?

Dei aller fleste baksnakkar

Glenn Rolfsen er psykoterapeut, og held foredrag om baksnakking, psykososialt arbeidsmiljø og bedriftskultur.

Når han kjem til ein ny arbeidsplass for å halde foredrag, startar han alltid med det same spørsmålet: «Trur de det føregår baksnakking her hos dykk, så rekk opp ei hand!»

– Mellom 90 og 95 prosent rekk opp handa, uansett kor eg er.

Glenn smiler til kamera. Han har på seg en grønn genser.

– Eg tenkjer at jo meir negativt vi tenkjer om andre menneske, jo dystrare verds- og menneskesyn får vi.

Foto: Olav Johnsrud

– Baksnakking er ofte eit symptom på at noko ikkje er bra. Så det blir jo ein strategi, kanskje ein overlevingsstrategi.

Rolfsen seier han skulle ønske at fleire visste hvilke konsekvensar baksnakking kan få.

Baksnakking hjelper ikkje på relasjonar, og det fargar andre sitt syn på den det blir snakka om, fortel han.

Kim og Khloe Kardashian på en båt.

Baksnakking fører ofte til meir baksnakking. Også når vi høyrer andre gjere det, seier Rolfsen. Han meiner også at realityseriar kan påverke oss til meir baksnakking. – Det smittar over på sjåarane, seier han.

Foto: Luigi Costantini / AP / NTB

«Om personen ikkje veit det, så har han ikkje vondt av det», er eit argument han høyrer. Men det hjelper ikkje, meiner han. Baksnakking blir ofte synleg for den det snakkast om.

– Det endar kanskje med sjukemeldingar, lettare psykiske plager som angst og depresjon, eller i verste fall sjølvmordstankar, seier han i NRK-podkasten «Lev vel».

På same scene

Patrick Hilmar Ingvaldsen (30) og Jo Saberniak (36) jobbar som skodespelarar på Trøndelag Teater.

Dei er med i familiemusikalen «Matilda», der dei byter på rolla som pappaen – den uærlege bilseljaren.

Mann ser i speilet og smiler.

– Det er sjeldan det kjem noko godt ut av baksnakking, seier Saberniak.

Dei opplever ikkje at dei har eit problem med baksnakking på jobb. Men også dei kan kjenne seg igjen i behovet for å ventilere.

Sjølv om eg har baksnakka og snakka om ting som ikkje fungerer, så er eg opptatt av at ein så ofte som mogleg skal halde det konstruktivt.

Mann ser i speilet og smiler.

– Om ein for eksempel opplever noko urettferdig, så er det veldig godt innimellom å finne ein trygg kollega og seie: «Æsj, faderullan, det her skjedde i dag, eg synest det er skikkeleg drit», seier Ingvaldsen.

Men då set han ofte pris på om han blir utfordra på korleis han har opplevd situasjonen.

– Så får ein høve til å tenke gjennom korleis ein seinare kan snakke med dei involverte på ein god måte, seier han.

Mann ser på seg selv i speilet mens han påfører sminke.

– Vi er jo ganske heldige her, seier Ingvaldsen.

– Vi er jo ganske heldige her, seier Ingvaldsen.

At skodespelarar må kjempe om dei same rollene, er ikkje eit ukjent fenomen. Og då kan også baksnakking oppstå.

– Sjå til utlandet, der finst det veldig sjeldan lange kontraktar. Der vil eg jo sjå for meg at den baksnakkinga, eller knivinga om konkurransen, er skyhøg. Eg trur det er ganske brutalt å stå i det evige prestasjonsjaget kor ein må på audition og vise seg fram, seier Ingvaldsen.

Behov for sosial tryggleik

Og du, om du trur det er kvinner som baksnakkar mest, tru om igjen.

Dette er den mest vanlege myten om baksnakking, fortel terapeut Rolfsen.

– Eg har jobba med mange mannsdominerte yrke, kor det nesten berre er menn. Dei baksnakkar like mykje, seier han.

Filosof Ragnhild Folkestad har erfaring frå Konfliktrådet, og meiner baksnakking handlar om tre ting:

Tre typar baksnakking:

  • Alliansebygging

    Dette er ei vanleg form for baksnakking som typisk kan gå føre seg i ei gruppe på jobb, i nabolaget, i storfamilien eller i vennegjengen.

    – Om du føler deg trakka på, utfordra eller er redd for at nokon eigentleg ikkje likar deg, kan du kjenne på ei frykt for at nokon skal baksnakke deg, eller truge din plass i flokken, fortel Folkestad.

    Då handlar baksnakkinga om å heve eigen status i gruppa, seier ho.

    – Den som baksnakkar prøver meir eller mindre medvite å forme synet til andre gruppemedlemmar på den som ikkje er til stades, i negativ retning – med ei hensikt om å få nokon «over på sitt lag». Renkespel altså.

    Det kan vere for å påverke andres syn på den som ikkje er tilstades, for å gjennvinne kontroll over eiga forteljing om ein sjølv, og for å ikkje vere den som blir ekskludert først, ifølgje Folkestad.

    Då får baksnakking ein «splitt og hersk»-funksjon.

  • Ventilering

    Ei anna form for baksnakking kan oppstå på grunn av eit behov for å ventilere, eller eit behov for bekrefting.

    – Hensikta er ikkje nødvendigvis å skade den andre, men at ein sit med ei kjensle av å vere krenka, lei seg, eller skuffa, og så veit ein ikkje heilt kvar ein skal gå med kjenslene, forklarer Folkestad og kjem med nokre eksemplel på kva ein kan trenge andre si tilbakemelding på:

    «Er eg heilt galen som reagerte sånn?» «Er det forståeleg at eg vart såra?»

    – Ein kan også ha behov for å rettferdiggjere seg sjølv, som å seie «Eg har rett til å vere sint her!»

    Det er ikkje noko feil med det, meiner filosofen, men legg til at ein kanskje bør ventilere til ein venn som ikkje er i same gruppe.

  • Kalibrering av eiga dømmekraft

    Baksnakking kan også ha ein viktig funksjon, om du er open for at du kan ta feil, meiner Folkestad.

    «Ser du det eg ser?» kan du spørje ein venn.

    – Vi har behov for å lene oss på ei felles dømmekraft, for å kalibrere oss, seier ho.

    Og forklarer at du kan tole å høyre kor god du eigentleg er på å lese situasjonar og menneske generelt, av ein venn du er trygg på.

    – Vi har alle eit ansvar for å ikkje teikne verkelegheita så svart/kvit.

Dette kan gi ulikt utfall, men éin ting har dei felles, slår filosofen fast:

– Alle desse tre tinga handlar jo om sosial tryggleik.

Humanist og filosof Ragnhild Folkestad fotografert i resepsjonen på NRK.

– Du kjenner det når du driv med baksnakking for å posisjonere deg. Skamkjensla er aldri veldig langt unna, seier Folkestad.

Består du testen?

– Eg trur baksnakking er slik vi vaksne mobbar kvarandre, seier Rolfsen.

Han fortel at det er vanskeleg å finne krystallklare grenser på kva som er destruktiv prat og kva som er ventilering.

Men han seier at baksnakking er å snakke negativt om ein tredjeperson som ikkje er til stades, for å heve seg sjølv.

Terapeuten seier du kan ta ein test for å sjekke om det du skal til å gjere er baksnakking:

– Det er ok at vi to snakkar om ein tredjeperson, men målet må vere å gjere noko med det. Elles endrar ingenting seg, seier han.

Og om du opplever baksnakking på arbeidsplassen, kan det vere lurt å seie frå, meiner terapeuten.

– Det skaper psykologisk tryggleik, sjukefråværet blir lågare og produktiviteten aukar, slår psykoterapeuten fast.

Frå baksnakking til framsnakking

Når skodespelarane blir spurde om dei måtte kjempe om rolla som far til «Matilda», er svaret nei. Det har ikkje vore spisse olbogar involvert.

Som regel er det ikkje det på teateret her, meiner dei.

– Dei er veldig gode på å finne folk som kan jobbe med mange andre menneske her, som tenker på andre enn seg sjølve, som har eit veldig «utoverblikk». Det trur eg er utruleg viktig, seier Saberniak.

Ingvaldsen meiner nordmenn kan bli betre på framsnakking.

– Altså den positive baksnakkinga.

Mann står på en scene.

Pappaen til Matilda hatar bøker. Og han er ikkje framand for å snakka stygt om andre. Ingvaldsen er ikkje heilt lik.

Pappaen til Matilda hatar bøker. Og han er ikkje framand for å snakka stygt om andre. Ingvaldsen er ikkje heilt lik.

  • Høyr meir om temaet i NRK-podkasten «Lev vel» med Linnea Myhre:

Publisert 20.02.2026, kl. 09.41

Read Entire Article