Brannen på sørsida av Lustrafjorden er i vanskeleg tilgjengeleg terreng, både med tanke på vatn og tilkomst for store bilar, opplyser 110 Vest.
– Skal vere eit bål som er kome ut av kontroll, og som spreier seg fort i terrenget, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.
Området som brenn vart tidlegare opplyst å vere på storleik med ei fotballbane.
– Men det spreier seg stadig, seier Dahl-Michelsen.
Det er gult farevarsel for lyng- og grasbrann i store delar av Vestland. I starten vart det opplyst at det ikkje var fare for at brannen spreier seg til bygningar. Dette har endra seg. Ein driftsbygning står no i fare for å kunne ta fyr. Det er ikkje dyr i bygningen.
Røyken frå brannen er godt synleg frå Luster Fjordhytter.
Foto: Øystein Magnus Grødem TveitOperasjonsleiaren seier at det er fare for at brannen også spreier seg til skog.
– Det er vår forståing. Det er tørt i området og veldig spreiingsfare, seier Dahl-Michelsen.
Det er krevjande å få fram ressursar til å sløkkje brannen. Brannvesenet har lang utrykkingsveg.
Det blir vurdert å få ei ferje til å frakte både mannskap og sløkkjeutstyr til staden. Eit helikopter er også rekvirert.
Brannvesenet var like over halv eitt framme med sin første ressurs, som stadfestar ein stor lyngbrann som trekkjer mot skogen.
Det brenn i terrenget mellom Feigom og Kroken i Luster.
Publisert 21.04.2026, kl. 13.04 Oppdatert 21.04.2026, kl. 13.37







.jpg)





English (US)