Barack Obama på plass på kongs­garden med kongen

6 hours ago 4



Den tidlegare presidenten kom til kongsgarden i ein lang kortesje med mykje sikkerheit.

På kongefamilien sin eigedom på Bygdøy skal den tidlegare presidenten ete lunsj saman med kong Harald, kronprinsesse Mette-Marit og statsminister Jonas Gahr Støre.

en svart bil på en vei

Obama kom køyrande i kortesje.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Fylte Spektrum

Barack Obama starta besøket i Noreg med å halde eit innlegg i Oslo Spektrum måndag kveld.

Frå scenen snakka USA sin tidlegare president om tematikkar som rettferd, ytringsfridom og utdanning.

et par menn i dress som håndhilser

Obama på veg til kongsgarden tysdag formiddag.

Foto: Lise Åserud / NTB

Obama var særleg positiv til Skandinavia og Noreg sine løysingar innan utdanning.

USA-ekspert Sofie Høgestøl leia samtalen med Obama i Spektrum.

en mann og kvinne som håndhilser

Sofie Høgestøl leia samtalen med Obama.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Obama nytta også måndagen til å møte med sjefen i Oljefondet, Nicolai Tangen.

– Dei diskuterte verdsøkonomien, geopolitikk og den generelle situasjonen i USA, fortel kommunikasjonssjef i Oljefondet, Line Aaltvedt til VG.

Tidlegare besøk

Obama var også i byen i 2018 då han talte på ein konferanse.

Før det mottok den tidlegare presidenten Nobels fredspris i hovudstaden i 2009.

Obama på balkongen

Michelle Obama og Barack Obama var i hovudstaden i 2009.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters / NTB

Publisert 13.05.2025, kl. 11.34 Oppdatert 13.05.2025, kl. 11.56

Read Entire Article