– Bare i eit svært rikt land vil vel nokon velja vekk helsehjelp under ein fødsel, og heller vera i fred

3 weeks ago 23



KOMMENTAR: Aktivisten Kristin Indreeide påstår at ein fødsel utan helsepersonell er like trygg som ein fødsel på sjukehuset. Det er ikkje sant. For å seia det veldig forsiktig.

Aktivist Kristin Indreeide i debatt med lege Kaveh Rashidi i Dagsnytt 18 sist veke. Foto: Skjermdump NRK Dagsnytt 18
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Å gå inn i fødsel er å bli overtatt av naturen. Bli herja rundt med, av krefter du ikkje ante kunne finnast. For mens du ventar på å få vera med på å driva barnet ditt ut, så driv naturen og utvidar kroppen din. Det skal bli ti centimeter open passasje i midten. Det er det jo ikkje, alle andre dagar enn denne. Så naturen gjer klar, flyttar og drar i vev og ledd og senar. Det beste du kan klara, er å pusta og venta. Til det er klart og du får vera med. Til du får eit nytt lite liv opp til deg. Til det er heilt fantastisk.

Viss alt er vanleg. Og det veit ein jo ikkje om det blir. For ting kan skje, og det kan skje brått. Babyen kan bli sitjande fast, navlestrengen kan vasa seg inn der den ikkje burde, mor kan begynna å blø. Eller rettare sagt, det kan skje at mor ikkje sluttar å blø. For eksempel ved at ikkje heile morkaka kjem ut, så ikkje livmora får trekt seg saman. I perioden 2008 til 2017 fekk 184 av dei kvinnene som fødde ved Rikshospitalet eller Ullevål sjukehus slike livstruande blødingar.

Det hastar då. Med å redda mor. Det kan også hasta, av ulike andre grunnar, med å redda barnet. Det kan hasta med å unngå skadar, varige, eller mindre varige. På mor, eller barn, eller begge.

Nei?

Kristin Indreeide, aktivisten bak podkasten Frifødsel, meinte i Dagsnytt 18 sist veke at det er «et narrativ» at det tryggaste er å føda på sjukehus. Det er altså berre ei forteljing. Og ein treng jo ikkje tru på forteljingar. Ein kan velja dei vekk. Laga seg ei betre sjølv.

I Indreeides versjon blir det til at «en uassistert fødsel kan gå fint for noen, men ikke for andre. Det samme kan vi snu og si for sykehuset. Det dør babyer der også.»

Det døyr babyar på sjukehusa våre også. Ein av tusen, omtrent. Men å likestilla risikoen for det, med risikoen når ein føder heime, utan helsepersonell tilgjengeleg? Det går ikkje.

Det skal ha vore 20 planlagde, uassisterte heimefødslar i tidsperioden 2020–2023. Men det er ingen fullstendig oversikt. Helsetilsynet kjenner likevel til fleire alvorlege hendingar, der det har blitt rykka ut, og der utfallet har blitt dårleg.

Du må gjerne seia at du vel å føda heime, utan jordmor til stades, fordi du kjenner det tryggast. Men det er di oppleving. Og bare det.

Historia

For kvar gong vi mista eitt spedbarn i 2024, ville vi ha mista 10 i 1974. Eller rundt 50 i 1924. Eller 80 rundt 1900.

For kvar gong ei kvinne døyr før, under eller etter fødsel i Norge, døyr fire i Storbritannia eller Slovakia. Eller 620 i Afghanistan. Og blant åtte europeiske land, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Norge, Slovakia og Storbritannia, er det bare i Norge at ikkje minoritetar og utanlandsk fødde kvinner har høgare risiko for å døy enn oss andre.

Dette er viktige tal. Det er viktig informasjon. Det er ikkje berre «ei forteljing.» Spedbarn, barn under eitt år, er svært sårbare. Kor få som døyr det første leveåret, er ein sterk peikepinn på kor gode ordningar det finst i landet, og om dei finst for folk flest.

Nei, det gjeld ikkje bare for om ein føder med helsepersonell til stades eller ikkje. Den største nedgangen gjennom hundre år skuldast at nesten ingen lenger døydde av smittsame sjukdommar og infeksjonar. Det skuldast omfattande vaksinasjonsprogram, mot kikhoste, meslingar og tuberkulose. Og det skuldast etter kvart utbygginga av helsestasjonane på midten av 1970-talet, at dei når ut til alle, med viktig kunnskap om barselomsorg, hygiene og ernæring.

Det skuldast at vi fekk tilgjengeleg helsepersonell over heile landet, at heimefødslane gjekk drastisk ned, at folk flest fekk meir kunnskap, at kvinner i arbeidarklassa fekk rett til fri i samband med fødsel og barsel, at færre levde i fattigdom, at folk fekk betre helse. Alt det har gjort det lettare for dei aller minste å klara seg gjennom det første leveåret.

Og ein del av dette gjer heilt sikkert også heimefødslar tryggare enn dei var. Kunnskapen er høgare, den er nærmare, folk er rikare.

Men å føda er likevel alltid å gi slepp på kontroll. Sjølv under ein vanleg fødsel. Og det er alltid, alltid ein risiko for at noko plutseleg kan gå veldig gale.

Tilbake til naturen?

Kristin Indreeide ser på fødsel som eit heilag overgangsritual, som best får skje uforstyrra, som krev varsemd og fred.

Eg trur nok også helsepersonell helst vil la ein fødsel få gå sin gang. Så lenge den gjer det på trygt vis. For så å kunna gripa inn dersom det ikkje lenger gjer det. Dersom fosterlyden går ned, dersom babyen sit fast, dersom mor ikkje sluttar å blø. Då er det akutt. Då bør vegen til operasjonssalen vera kort og legen klar. Elles kan vi mista mor, eller barnet, eller begge. Eller dei kan få skadar, skadar som kunne vore unngåtte viss hjelpa hadde vore nær nok.

Det finst ingen naturleg orden å gripa tilbake til, som gjer fødslar til det du ønsker dei skal bli. Eller livet til det du ønsker det skal bli, med deg sjølv i førarsetet og ro og fred rundt. Det har aldri vore slik.

Men fødslar har alltid handla om minst to liv. Mor og barn. Dei har begge ein risiko under fødselen, sjølv nå. Den risikoen kan helsepersonell ta ned. Langt ned.

Velja vekk hjelp?

Bare i eit svært, svært rikt land vil vel nokon velja vekk den tryggleiken, og heller vera i fred. Som om kontrollen ein kan kjenna ein mister under ein fødsel, kan gjenvinnast visst ein trekkjer seg bort, og går tilbake til naturen. Som om naturen skulle vera fredeleg, og vennleg innstilt.

Jo, det finst sikkert samtalar å ta, om betre omsorg under fødsel og i barsel. Men vi må ha dette klart først:

Naturen kan vera brutal. Omsynslaus. Den rammar tilfeldig og brått.

Når den gjer det, treng du hjelp fort. Den hjelpa er det sjukehusa våre som kan gi.

Publisert:

Publisert: 9. april 2025 18:17

Read Entire Article