Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Det rår kaotiske tilstandar med omsyn til parkering av elsparkesyklar i Stavanger – parkering på fortau er spesielt alvorleg, etter mitt syn. Kaoset har rådd i fleire år, og mykje er sagt, men lite er gjort for å bøta på dette.
I deler av året bur eg i Beijing, som for nokre år sidan hadde eit stort problem med bysyklar parkerte overalt. Etter nokre års kaos rår det i dag god orden. Her er nokre av tiltaka som blei gjennomførte:
Antalet utleigeselskap er avgrensa til tre, og antalet leigesyklar er avgrensa til 800.000 for byens 22 millionar innbyggjarar. Syklane må parkerast på oppmerkte felt; ved feilparkering er det ikkje mogleg å avslutta leiga, og teljeverket går til ein maksimumssum er nådd. Utleigar har sjølvsagt full informasjon om utleigar, og kan sanksjonera om nødvendig.
Stavanger kommune har ein jobb å gjera for oppmerking av parkeringsfelt, og utleigeselskap har tilsvarande jobb å gjera for å programmera elsparkesyklane til ikkje å godta parkering utanfor desse felta. Ingen av delane er kompliserte.
Publisert:
Publisert: 20. juni 2025 20:08