Ben Ward har fått ei lita hand i si

2 hours ago 1



Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Heile vaksenlivet har Ben Ward drøymt om å bli far.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

No er han blitt det – på ein litt annan måte enn han hadde tenkt.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

– Den fyrste gongen eg heldt han og han såg meg inn i augo, tenkte eg: Oh, my God! I have a boy!

Det var ikkje akkurat slik Benjamin Ward hadde sett det føre seg, då han braut opp frå London og flytta til ein fjellgard i Sogn for fire år sidan – dregen av ein draum om å stifta familie og å leva av det den brattlendte jordlappen kunne gi.

Medan engelskmannen har sett i stand gardshuset og bygd trehytte og badstove høgt oppe mellom granene, har han heile tida bore på eit håp om at han ein dag kunne dela høgdegardsriket sitt med nokon.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

I 2021 kjøpte Ben Ward garden Kroken, høgt over Sognefjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ein kjærast let framleis venta på seg, men det har kome nokon inn i livet til Ward – ein liten, velskapt son.

Mora og eg er ikkje saman, men me har eit godt venskap. Me begge vil berre gjera det beste for vesleguten. Ho skal vera ein del av livet mitt for alltid. Og me skal klara å samarbeida, slik at sonen vår skal kjenna seg trygg.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

– Eit born som kjem inn i verda, er berre vakkert, seier Ward.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ei gåve til ein son

Ward lagar det fyrste handfaste teiknet på all kjærleiken han er blitt fylt med. Ein varme inni seg som er ny, annleis og sterkare enn det han har kjent på tidlegare.

Eg har alltid ønska meg barn, heilt sidan eg var ung. I hovudet mitt såg eg føre meg at eg skulle gifta meg og stifta familie innan eg var 25. Så skjedde livet, og det blei annleis enn eg hadde tenkt. Eg enda opp i Frankrike, Sveits, og til slutt på ei fjellhylle i Noreg.

På arbeidsbenken inne i den slitne låven ligg ei velforma øks, som Ward har kløyvd dungevis med ved med. Ved sidan av har han funne fram eit lite stykke tre.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ward lagar ein trekopi av øksa i gåve til sonen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

No ligg blyanten i høgrehanda, og med røynde hender og eit veltrent augemål teiknar han inn omrisset av øksa på trestykket, såpass nedskalert at det får plass akkurat innafor kantane.

Så startar han bandsaga og skjer ut øksa etter blyantstrekane.

Eg likar ikkje å kjøpa gåver. Eg føretrekker å laga dei. Og sidan eg er blitt far no og har fått ein fager liten son, tenkte eg at den fyrste gåva kunne vera noko som passa på ein gard med mykje vedkløyving.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ben Ward treng mykje ved til den kalde vestlandsvinteren. Løfta er mange og tunge.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Mykje har skjedd i livet til Ward det siste året. Garden har vakse raskt. Og midt i alt fann han ut at han skulle bli pappa.

Det var ikkje planlagt. Men eit born som kjem inn i verda, er berre vakkert. Og eg skal gjera alt som står i mi makt for å bli ein god far.

Frå einsam einebuar til Gullruten

Dei siste to åra har livet til Ben Ward blitt vist fram i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det har endra mykje for einebuaren.

Eg har vore så mykje åleine, og no ... Eg har aldri kjent så mykje kjærleik før. Alle er berre så hyggelege, seier Ward i ein av episodane.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ben Ward strevar i fjellsida. 28 kilo hus-isolasjon må han bera dei 2,3 kilometerane heim på ryggen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Pågangen av meldingar og telefonar er framleis stor. Det siste året har Ward fått prisar, blitt nominert til Gullruten, gitt ut eiga bok og blitt ein populær influensar med over 150.000 følgjarar på Instagram.

No er «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i gang med nye opptak, som kan bli til i eit nytt program i desember.

Som den kjende personen han er blitt, har Ward gått rundt å bore på den store livshendinga utan å fortelja det til andre enn dei næraste. Han ville vera sikker på at det gjekk godt med guten og med mora, før fleire skulle få vita om det.

Han har lyst til at folk skal vita, slik at han kan vera med sonen, utan at det skal vera ei hemmelegheit.

Nydeleg, sterk og frisk

Ward har busett seg langt frå allfarvegen, oppe i ei stupbratt li over Sognefjorden. Mora bur på andre sida av Langfjella, i meir sentrale strok på Austlandet.

Dei ferske foreldra har funne ei løysing som gjer at dei begge kan vera ein del av sonen sitt liv, sjølv om dei i utgangspunktet bur langt frå kvarandre.

Eg har vore veldig heldig. Etter at sonen blei fødd, har mora og hennar mor flytta mellombels til Sogn. Det har gjort at eg kan hjelpa og bidra. Alle som har hatt nyfødde, veit at den fyrste tida kan vera krevjande, som med netter utan søvn. Det at dei bur nære, gjer at eg har kunna hjelpa til og avlasta.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ward er fylt av ein kjærleik han ikkje har kjent på tidlegare.

Foto: Privat / NRK

Om Ward har drøymt om å bli far lenge, blei han 40 år gamal før det skjedde. Ein dag gjekk han med ein liten son i armane sine.

I byrjinga kunne eg nesten ikkje tru det. Den fyrste gongen eg heldt han og han såg på meg ... Han berre stira i augo mine. Og eg tenkte: Oh, my God! I have a boy! Det var så spesielt.

Han er så nydeleg og så sterk og så frisk. Mora hans gjer ein eineståande god jobb.

Vil ha privatlivet i fred

Ward har sett seg ned i den uisolerte låven. Inntil vedomnen kan han varma opp nevane. Han byrjar å spikka på den utskorne treøksa. Dei spisse kantane må rundast og gjerast litt mindre spiss for guten – og for dei rundt.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Det minus 11 grader på Kroken, men inni seg er Ben Ward varm.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ward har valt å dela raust frå livet sitt for eit stort publikum på sosiale medium og på fjernsynet. For mora er det annleis.

Ho ønskjer ikkje å vera i offentlegheita. Ho vil ha privatlivet sitt i fred for andre. Det respekterer eg sjølvsagt. Eg kjem også til å halda sonen min vekke frå sosiale medium inntil vidare.

NRK har snakka med mora som er gjort kjent med innhaldet i artikkelen. Ho seier at samarbeidet mellom dei er godt. Dei vil begge det beste for sonen. Utover det har ho ingen ytterlegare kommentar.

Ward har i periodar i oppbygginga av fjellgarden hatt lite pengar. No ser det annleis ut. Folk kringom i landet har allereie tinga overnatting på Kroken for over 90 gjestedøgn til sommaren. Ward har vore på bokturne på Vestlandet. Og i tillegg byrjar han å tena litt pengar på sponsorar.

Eg er ein enkel mann og brukar lite pengar på meg sjølv. Eg treng ikkje luksus i livet. Og mora veit at eg ikkje vil halda tilbake noko for meg sjølv. Eg skal gjera livet så enkelt som mogleg for dei, også på den måten.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Ward ventar storinnrykk av overnattingsgjester til sommaren. Det hastar å få klart stabburet, der frukosten skal serverast.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vera der for sonen

Ward er snart ferdig med øksa. Dei siste kantane må berre gjerast endå litt meir runde, slik at øksa bli god å halda i for ein liten son.

Snart skal Ward gyva laus på golvet på stabburet som han fekk sett opp før snøen kom. Laftebygget skal bli kafé og frukostsal for alle gjestene som har tinga overnatting på garden til sommaren – eller som Ward sjølv kallar det: Ben and breakfast!

Eg har framleis store planar for denne plassen. No ser det lysare ut økonomisk. Det gjer at ting ikkje treng skje i eit så raskt tempo. Eg vil bruka tid med sonen min, alltid vera der for han.

Publisert 01.03.2026, kl. 12.04

Read Entire Article