Bent Høie, sau på beite er vel like god beredskap som joikakaker på boks?

1 month ago 36



DEBATT: Er det best å lagre beredskapsmaten på boks i boden? Eller går det greitt at han held seg i live og beitar på gras?

Kan beredskapsdebatten starte ein samtale om korleis og kor me bur? Ikkje sikkert det er så dumt å halda seg på bygda? Spør Oddvar Vignes. Foto: Jarle Aasland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er altså ekstreme mengder med omtale av beredskap og prepping for tida. Eg har ikkje heilt klart å engasjere meg. Før no. No har eg vore på konferanse der Bent Høie sa at me må førebu oss for andre si skuld. Kjøpe inn det som trengst slik at dei som ikkje har ressursane til det kan få hjelpa dei treng. Bent Høie, altså. Eg køyrde heim og tenkte at no må eg rett og slett få gang og kjøpe det som trengst. Eg vil ikkje vere ein egoist. Eg vil i alle fall ikkje vere ein egoist som Bent Høie får vite om.

Er folk på bygda betre rigga for kriser enn folk i byane?

Då eg vart fødd i 1980, var det ikkje så lenge sidan krigen. DEN krigen. Me vaks opp med historier om at når landet vart invadert, då flykta folk ut av byane og ut på landet. Til mellom anna Finnøy og øyane rundt. Her var det relativt fredeleg. Det var husrom, hjarterom og ikkje minst, det var mat. Gardane produserte mykje av sin eigen mat og ein hadde det, i alle fall målt mot andre, greitt her ute. Så har tidene endra seg. Gardane har vorte færre og meir spesialiserte. Før hadde dei litt av alt, no har dei mykje av litt.
Eg gjekk gjennom listene over kva ein burde ha i beredskap. Det synte seg at listene inneheldt ein haug med ting me hadde frå før. Varme klede til dømes. Me har lagra alle klede frå huset vart bygd i 1974 og fram til no. Lite visste mor og far at dei eigentleg preppa for ein katastrofe, for nokre pionerar!
Boksmat har me lite av, så der må me gjere ein innsats. Samstundes har me 29 sauer som for det meste går og beitar ute. Kor mange boksmatmåltid er ein sau? Truleg ganske mange. Eg har ikkje gått i Pimp Lotion sine fotefar tidlegare, men ei veke med sauekjøt er å føretrekkje føre nokre boksar med Joika-kaker. Om noko av beredskapslageret kan gå ute, i staden for å stå på ei hylle i boden, så er eg nøgd.
Etter ein gjennomgang av huset har eg enda opp med at me må ha litt grønsaker på boks, litt vatn og litt kontantar. Det var eigentleg ein nyttig gjennomgang. Kanskje det viktigaste funnet mitt er at heime er me eigentleg ganske godt rigga for kriser.
Er folk på bygda betre rigga for kriser enn folk i byane? Ikkje fordi dei har vore bevisste på det, men fordi det er slik ein lev utanfor byane? Ein veit at straumen plutseleg kan verte vekke nokre dagar utan at nokon fiksar den og at ekstremvêr øydelegg avlingar.
Kanskje kan beredskapsdebatten starte ein samtale om korleis og kor me bur? Det er ikkje sikkert at det å halde seg på bygda var så dumt likevel.

Denne teksten blei først publisert på LinkedIn av Oddvar Vignes. Teksten er publisert i Aftenbladet etter avtale med forfattaren.

Publisert:

Publisert: 21. mars 2025 12:39

Read Entire Article