Tidlegare i år kom nyheita om at teleoperatøren Telia var råka av eit stort datainnbrot.
No viser det seg at den lekne informasjonen er meir omfattande og alvorleg enn først antatt.
Bergen kommune er blant Telia-kundane som er råka.
Først melde kommunen at loggen om utgåande telefonar og meldingar frå kommunen var stole og lagt ut på det mørke nettet.
Torsdag stadfestar kommunen at også inngåande telefonar og meldingar er lekt.
– Om innbyggarane har tatt kontakt og ringt inn på ein av tenestenummera våre, så kan altså det vere synleg for eksterne aktørar.
Det seier finansbyråd Eirik Tenfjord (H) til NRK.
Telefonloggen for kommunen sine kontaktsenter er dermed eksponert på det mørke nettet.
– Det kan vere sentralbord, skule, barnehage eller kva som helst anna kommunal teneste, seier Tenfjord.
Det er ikkje snakk om at det konkrete innhaldet i kommunikasjonen er lekka.
Totalt er over ein halv million privatkundar og 3000 bedriftskundar blant dei råka av lekkasjen.
Også 16 andre norske kommunar, med eit ukjend antal telefonar, skal ha blitt råka.
– Svært alvorleg
Kommunen ser svært alvorleg på angrepet, som no viser seg å vere meir omfattande enn det først verka.
Frå før var det kjent at informasjon om utgåande telefonar og meldingar i perioden 2021 til april 2024 hadde lekt.
No viser det seg også at inngåande telefon- og meldingslogg frå perioden oktober 2024 til april 2025 er eksponert på det mørke nettet.
– Dette er informasjon som aldri skulle ha lege ute, og som no er blitt gjort tilgjengeleg på det mørke nettet. Så det er klart at også her kan det vere sensitiv informasjon, seier Tenfjord.
I praksis betyr det at ein kan finne ut kva enkeltpersonar som har kontakta kommunen, og kva avdeling.
– Altså kva tenester til dømes naboen din kan ha kontakta. Det er kanskje uproblematisk for dei fleste, men i enkelte tilfelle kan det vere sensitivt.
Råka enkeltpersonar kan ha behov for å gjere tiltak for å beskytte seg mot svindelforsøk, seier Tenfjord.
Foto: Hannah Hægeland Blom / NRKKommunen har framleis ikkje det fulle bildet av kva informasjon som ligg ute.
– Vi analyserer og går gjennom dette kvar bidige dag, og håpar at vi snart kan få sett ein strek for saka.
Vil informere innbyggarane
Bergen kommune går ut med denne informasjonen for å informere innbyggarane som kan vere råka av lekkasjen.
– Vi har eit ansvar. Vi skal vere opne om det som har skjedd, og innbyggarane har rett på å vete kva som har skjedd.
Tenfjord seier at kommunen vil publisere informasjon om korleis innbyggarane som kan vere råka kan beskytte seg mot svindelforsøk.
No gjer dei risikovurderingar i alle byrådsavdelingar og i alle tenestene for å vurdere korleis dei skal handtere saka vidare.
Bergen kommune er ein av 17 kommunar som er råka av datainnbrotet.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBBlir etterforska av Kripos
Politiadvokat Terje Nedrebø Michaelsen i Kripos har tidlegare bekrefta at dei etterforskar datainnbrotet, som blei politimeldt 9. februar.
Saka blir enda etterforska og et er førebels ikkje noko nytt å melde, seier Jonas Fabritius Christoffersen, pressevakt i Kripos.
Kripos gjennomfører tekniske og taktiske undersøkingar for å finne ut korleis innbrotet har skjedd og kven som står bak.
Dei har førebels ingen mistenkte.
Telia: – Vi er oppriktig lei oss
Telia oppdaga datainnbrotet i november 2025, men det vart først kjent i februar i år, etter hackargruppa varsla om lekkasjen.
Hackargruppa hevdar å sitte på 2,5 terabyte med personleg informasjon om kundar, finansielle dokument, intern korrespondanse, kontraktar og fakturaer frå Telia.
Om lag 3000 bedriftskundar og over ein halv million privatkundar er råka av datainnbrotet.
Foto: Ints Kalnins– Vårt viktigaste ansvar no er følge opp råka kundar og tilsette, og samarbeide tett med alle relevante myndigheiter, skriv Daniel Barhom, informasjonssjef i Telia Norge til NRK.
Dei arbeider seg framleis gjennom det stolne materialet og informerer fortløpande dei som har fått sensitiv informasjon på avvege.
– Vi ser svært alvorleg på datainnbrotet, og betydelege ressursar er kopla inn for både å handtere, undersøke og medverke til å avgrense skadane av dette, skriv Barhom.
Hei!
Har du tips eller informasjon om saka? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 19.03.2026, kl. 15.02 Oppdatert 19.03.2026, kl. 15.53














English (US)