Bernt (28) fekk tre månader på å rekke Paralympics: – Set livet på pause

2 weeks ago 11



– Det finst to typar menneske her i verda, dei som har vore i OL og dei som ikkje har det. Og kven vil du vere?

Ein motivasjon Bernt Marius Rørstad dreg med seg inn i alt han føretek seg.

– Eg har alltid hatt ein draum om å delta i eit meisterskap, ha flagget på brystet og høyre nasjonalsongen.

Livet til Bernt har alltid båre preg av adrenalin, høge toppar og luft under vengene.

Men no har han kanskje sette i gang sitt mest hårete mål: Å stille til start i Paralympics i ein idrett han aldri før har prøvd.

En mann sitter i en innendørs restaurant med dempet belysning, iført en rød og hvit mønstrete genser. Han har på seg en caps og gestikulerer med hendene mens han snakker. Bakgrunnen viser en peis og bord med stearinlys, som skaper en avslappet atmosfære. Rommet har moderne innredning med brune skinnsofaer og bord.

BERNT: Lenge var målet å bli verdas beste i langrenn. Men etter kvart vart han veldig lei idretten, i tillegg til at han fekk påvist ME.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Første portpassering

Ei alpint-interesse melde seg for alvor i fjor haust. Få månadar før sirkuset startar i Cortina under Paralympics i mars.

Då kasta han seg rundt i jakta på å komme seg inn på landslaget.

– Eg ringde rundt og spurde; kven skal eg snakke med, og er dette mogleg å få til?

En skiløper med protesefot står på ski i snøen, iført spesialiserte skiutstyr og støvler. Han bruker staver og er kledd i en mørk drakt med detaljer i rødt og hvitt. Bildet viser en del av bakgrunnen med snødekt terreng. Flere blå stenger fra et start- eller målområde er synlige i forgrunnen.

PROTESE: Med ei protese og ein fot set Bernt Marius Rørstad utfor både alpinbakkar men også store fjell.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

I ein solrik skibakke i Austerrike, på over 2000 meters høgde, står Bernt klar til å sette utfor i ein idrett han knapt har rørt.

Det er tre månadar til mars og hans første offisielle internasjonale FIS-renn.

Gode resultat her er heilt avgjerande for å nå poengsummen som kvalifiserer til Paralympics.

– Den første portpasseringa mi var i min første konkurranse.

Port etter port forsvinn bak han medan han kryp ned i hockey. Brått litt ustødig, men han kjem seg vidare.

Her køyrer han sine første portar!

Men korleis kan Bernt faktisk ha ein reell moglegheit til å kvalifisere seg til Paralympics i ein idrett han aldri har prøvd før?

Det store smellet

Bernt Marius Rørstad vart fødd med ski på beina. Først langrenn der han ville bli best i verda, så frikøyring i puddersnø frå høge fjell med god utsikt.

På sommaren fortsette draget mot spenninga i form av fallskjerm og paragliding.

Mot slutten av langrennskarrieren fekk han påvist ME. Han måtte gi seg med mykje av den fysiske aktiviteten og på eit tidspunkt sov han 16 timar i døgnet.

En mann sitter i en innendørs restaurant med dempet belysning, iført en rød og hvit mønstrete genser. Han har på seg en caps og gestikulerer med hendene mens han snakker. Bakgrunnen viser en peis og bord med stearinlys, som skaper en avslappet atmosfære. Rommet har moderne innredning med brune skinnsofaer og bord.

BERNT: Lenge var målet å bli verdas beste i langrenn. Men etter kvart vart han veldig lei idretten, i tillegg til at han fekk påvist ME.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Etter kvart som han lærte seg å kjenne sjukdomen, klarte han å fortsette med idrett.

Ein kvardag fylt med frikøyring, fallskjermhopping og klatring melde seg raskt som ein ideell verd for Bernt.

Men ein dag i 2018, 21 år gamal, går det verkeleg gale.

Sjå ulykka her:

Her går det verkeleg gale!

– Bernt, vi må amputere vekk foten din. Då såg eg opp på pappa, det var første gongen eg har sett han grine på 21 år.

Ingen veg tilbake

Mot alle odds er det «berre» ein fot som ryk. Og i det han får den beskjeden set han seg fire mål.

– Eg skulle fullføre fallskjermlisensen min, eg mangla berre to hopp. Eg skulle flyge frå Loen igjen, der eg skada meg. Eg skulle komme topp ti i Norgescupen i frikøyring for funksjonsfriske og er skulle klatre Store Skagastølstind igjen.

Han ville ta tilbake identiteten sin.

Gjennomføringa av dei fire måla kan du sjå i dokumentaren Momentum i NRK TV.

Etter ei dramatisk ekstremsportulukke må Bernt Marius amputere foten. På sjukehuset set han seg eit mål om å finne tilbake til gleda i livet.

Fokuset har alltid vore å sjå det positive i kvar situasjon.

– Det handlar om å gjere det lystprega. Fokusere på det du får gjort noko med, på ting som gir meir enn det tek. For meg har det vore frikøyring, ekstremsport og no alpint.

Poengnaud

Ned bakkane i Austerrike køyrer han sine tre første FIS-renn. 21. plass i super-G før 6. plass og 5. plass i storslalåm.

– Då eg kom i mål dunka hjartet godt, for å sei det sånn.

I midten av januar tok han tre andreplassar i Tsjekkia og vart klar for sine første verdscuprenn i storslalåm i franske Meribel.

Bernt Marius Rørstad dokumentar

LITE TID: Rørstad har lite tid til å liggje på sofaen under førebuingane til Paralympics. Bilete er frå 2024, heime i Ulsteinvik.

Foto: Celina Myklebust Magnussen / NRK

Det gjekk ikkje heilt slik han ønskte og han hamna langt bak.

Likevel har han trua, dette er berre starten.

– Kvar dag eg har med alpinski og portpassering er eit steg i riktig retning.

Legg alt i det

Han har nesten ikkje vore heime sidan november.

– Eg har sett alt anna på pause for å klare å komme meg dit, fortel Bernt.

Kvar veke går med til å justere, terpe og bli raskare.

Landslagstrenar Øystein Bakken fortel om eit landslag som kan gå for gull, og er svært nøgd med å få Bernt inn treningsgruppa.

– Eg er kjempeimponert over korleis han tørr å prøve og hive seg ut i noko som er så ukjend.

En person står i snølandskapet kledd i vinterklær. Vedkommende har på seg en hvit lue med logoer, samt en jakke med flere merkevareloger. I bakgrunnen skimtes trær og en bygning, trolig en del av et skisenter. Dagen ser ut til å være grålig, noe som gir en dyster stemning.

SPENT: Øystein Bakken ser fram til Paralympics i mars og håpar Rørstad klarar å vise seg verdig ein plass i troppen.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Han fastslår at dette ikkje er ein nybegynnar.

– Han er god på ski, det er det ingen tvil om. Så det er spennande å sjå korleis han utviklar seg vidare.

Kamp mot klokka

No er det ein månad til Paralympics startar. Og sjølv med gode resultat i vanlege FIS-renn er det dei kommande dagane i verdscupen som tel mest.

Siste rennet før Paralympics er 10. februar, og dermed også siste sjansen til å levere varene.

Bernt burde komme seg under 160 poeng for å kvalifisere seg til Paralympics.

I tillegg er det krav om ein topp 12-plassering i eit verdscuprenn i forkant av Paralympics, fortel landslagstrenar Øystein Bakken.

Foreløpig er poengsummane til Bernt slik: 175,79 i super-G og 174,02 i storslalåm.

For at ein utøvar skal reknast som kvalifisert for paralympiske vinterleiker, må vedkommande ha mindre enn 240 FIS-poeng i tekniske øvingar (slalåm og storslalåm) og mindre enn 180 FIS-poeng i fartsøvingane (super-G og utfor).

Noreg har tre direkte plassar i para-alpint, med fire utøvarar som kjempar om desse.

Tre personer iført skiklær står og sitter på ski i en snødekt bakke. Den ene personen står ved siden av en ski-tilpasset stol, mens de to andre sitter i slike stoler. Området er innrammet av snø og noen redskaper til snøheis, med et rødt sikkerhetsnett i bakgrunnen. Det er tydelig at scenen foregår i et skianlegg under vinterforhold.

LANDSLAGET: Marcus Grasto Nilsson, Magnus Valø Balchen og Jesper Saltvik Pedersen under trening i Kvitfjell i januar.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Foreløpig er Bernt den med svakast score av dei norske herrane, og må også få godkjent ein wildcard-søknad av IPC (departite-søknad).

Men det er berre ein tanke som står i hovudet på Bernt.

Han vil vere han som har delteke i OL.

Paralympics ser du på NRK sine plattformer 6.–15. mars.

Publisert 06.02.2026, kl. 16.03 Oppdatert 06.02.2026, kl. 16.16

Read Entire Article