Bilen er no dradd ut av husveggen, og dei to personane er ute av bilen.
– Dei blir betegna som alvorleg skada. Hjarte- og lungeredning går føre seg på staden, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i politiet.
Ulukka har skjedd ved E16 i Lærdal. Vegen vil vere stengd i ein periode no.
Huset er eit feriehus, og ingen var i bygget.
Årsaka til ulykka er ikkje kjend. Politiet meldte om hendinga klokka 15.13.
Ifølge Sogn Avis er fleire luftambulansar på veg til staden.
Publisert 12.06.2026, kl. 15.45 Oppdatert 12.06.2026, kl. 16.07









English (US)