Bilal Njie med i KFUM-troppen mot Sarpsborg – starter på benken

1 hour ago 1



26. april 2026 kl. 15:51

Pogacar tok sin tredje strake monument-siger – Tobias Halland Johannessen imponerte

Ingen kunne stoppe Tadej Pogacar under Liège – Bastogne – Liège søndag, ofte omtalt som sesongens hardaste eindagsritt.

– Det er ein atombombe som skjer no opp Côte de la Redoute, kom det frå TV 2 kommentator Mads Kaggestad.

Det var då Tadej Pogacar rykka ifrå feltet, 34 kilometer frå mål. Og med seg fekk han 19-åringen Paul Seixas.

Ungguten var på bakhjula ei god stund, men når det stod att 14 kilometer klarte han ikkje henge på den slovenske verdseinaren.

Dette var Pogacar sin tredje strake siger i rittet, fjerde totalt.

Det var knytt store forventningar til Tobias Halland Johannessen, som før start drøymde om ein topplassering.

– Topp ti hadde vore veldig stort, og ligg ein topp 10 kan alt skje, sa han til NRK.

Halland Johannessen var med heile vegen inn i kampen om ein topplassering, men kom seg ikkje fram i spurten. Han enda på 9. plass.

– Det er by far det beste eindagsrittet, kom det frå Christian Paasche om nordmannens prestasjon.

Det er den nest beste norske plasseringa i rittet gjennom historia.

Pogacar

Foto: JEFF PACHOUD / AFP,NTB
Read Entire Article