Blir tvinga på fest etter dobbelt gull: – Blir fint å lukke døra

4 hours ago 1



– Eg har vel ikkje noko val, seier Anna Odine Strøm når ho får spørsmål om ho skal feire sitt andre OL-gull.

Ho har akkurat vunne storbakkerennet, og innrømmer ovanfor NRK at ho helst berre skulle dratt heim og lagt seg.

– Eg håpar på å få sove. Det er nummer ein, fortel Strøm.

– Blir du tvinga med på fest?

– Nei, men eg er ikkje ein så veldig sosial person. Det blir litt mykje, innrømmer finnmarkingen.

Det er første gong kvinnene konkurrerer i stor bakke i OL-samanheng. Med dagens siger blei Strøm også historisk som den første kvinna til å vinne to individuelle gull i eitt og same OL.

På andreplass hamna lagvenninne Eirin Maria Kvandal. Ho har andre planar for kvelden.

– Eg skal feire i alle fall. Me må få til ei feiring i kveld. Me skal opp tidleg i morgon, men feiring skal det bli, seier Kvandal.

Tre utøvere står på pallen etter en skiflygingskonkurranse. Den midterste utøveren hopper i luften med armene hevet. De to andre utøverne står til siden, en holder en premie, mens den andre holder blomster. Bakgrunnen viser snødekte bakker og hoppbakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HOPPANDE GLAD: Anna Odine Strøm tok gull, Eirin Maria Kvandal tok sølv og Nika Prevc tok bronse.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det blir fint å kunne lukke døra

Strøm har kjend på mykje merksemd under OL. Ho starta med å ta ein OL-gull i normalbakkerennet, for så å ta eit sølv i blanda lagkonkurranse.

Ho innrømmer at ho ikkje likar all merksemda som kjem med suksessen i hoppbakken.

– Det var altfor mykje etter den første, og så har det berre balla på seg, så det blir fint å kome heim og kunne lukke døra, seier Strøm.

– Korleis er det å stå i dette når du ikkje er så sosial?

– Det er jo verdas beste grunn til å få merksemd, så eg tar jo den. Eg er jo berre utruleg takknemleg som får oppleve slike ting, så får eg berre prøve å puste med magen og ta dag for dag, fortel Strøm.

HISTORISK: Anna Odine Strøm har to individuelle gull frå OL i Italia.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Heilt vill norsk dag

– Det er heilt rått, rett og slett. Det er så godt levert når det gjeld som mest. To norske på toppen, det er heilt fantastisk, seier NRKs ekspert Maren Lundby.

– Dette blir ståande som ein av dei store norske hoppdagane gjennom tidene. Dette kjem me aldri til å gløyme, seier kommentator Christian Nilssen.

– Det er heilt utruleg kva me får til. Det er ingenting som er betre enn å feire saman, seier Strøm til NRK etter rennet.

Sølvvinnaren sleng seg på:

– Eg er stolt av laget, ikkje berre Anna, men heile laget. Det er ein heilt vill norsk dag.

Silje Opseth tok femteplassen, medan Heidi Dyhre Traaserud hoppa inn til sjette.

– Det er ei levering utan sidestykke. Eg har aldri opplevd det før, seier hopptrenar Christian Meyer.

Undervegs i konkurransen var det fire nordmenn på toppen av lista.

Tre utøvere i skibakke forbereder seg til konkurranse. De er iført hvite drakter med blå og gull detaljer, samt hjelmer med visirer. Området rundt er en typisk snødekket skiarena under vinter-OL. Det er tilskuere i bakgrunnen som følger med på hendelsen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NERVEPIRRANDE: Dei fire norske kvinnene hoppa sist i konkurransen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Litt i overkant

– Det var ein fantastisk dag. Me har sett at det kunne gå bra med tanke på treningane her, men at me skulle ta dei fire første plassane etter første omgang, det var litt i overkant, seier hoppsjef Jan-Erik Aalbu og held fram:

– Me tar dobbeltsiger i tillegg til jenter på femte- og sjetteplass, det må vere noko av det råaste me har sett i norsk hoppsport i eit OL. Utruleg moro å sjå.

Dei norske kvinnene imponerte stort og leia hoppkonkurransen.

Topplista såg slik ut: Eirin Maria Kvandal på førsteplass, Anna Odine Strøm på andreplass, Silje Opseth på tredje og Heidi Dyhre Traaserud på fjerde.

– Det er heilt ellevilt, sa Lundby etter første omgang.

– Eg har aldri vore med på noko liknande, la Lundby til.

– Dette er noko av det villaste me har sett i hoppsamanheng nokosinne og dette er OL altså, sa Nilssen.

GULLHOPP: Sjå vinnarhoppet her

– Håplaust

På slutten av omgangen endra vinden seg.

– Det blir jo håplaust for desse hopparane. Eg er veldig spent på korleis Anna Odine og Nika Prevc skal takle dette her, sa Lundby.

Også Johan Remen Evensen reagerte.

– Dei må stoppe og ha pause når det er så ille som no. Det er jo dobbelt så mykje bakvind som då dei starta. Dei bør ta ein pause til det roar seg. Det er trass alt OL, sa eksperten.

Fleire av favorittane reagerer også på forholda.

– Eg veit ikkje kor eg hamnar på resultatlista, men eg hadde skikkeleg uflaks i første omgang. Eg visste i andre omgang kva eg er i stand til. Eg har lært mykje i dette OL, seier Abigail Strate, som til slutt hamna på ein ellevteplass.

Tre utøvere står på seierspallen under en medaljeseremoni, iført vinterjakker og luer. To av dem holder opp armene i triumf, mens den tredje smiler og holder kosedyr. Alle tre har medaljer rundt halsen, og omgivelsene er snødekte med en hoppbakke i bakgrunnen. Det er en stemning av feiring og glede. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PALLEN: Anna Odine Strøm tok gull, Eirin Maria Kvandal tok sølv og Nika Prevc tok bronse.

Foto: Stephanie Lecocq / Reuters / NTB

– Korleis var forholda?

– Eg trur heile laget mitt vil vere ganske skuffa over det. Du kan ikkje alltid kontrollere kva som skjer med forholda, men du stoler på at juryen gjer det så rettferdig som mogleg, seier kanadiaren og held fram:

– Men det er ein utandørsidrett, så det kan ikkje alltid skje. Men dette er det rennet som betyr mest for alle. Eg skal ikkje dvele for mykje ved at det skjedde, men forhåpentlegvis kjem det fleire sjansar.

– Det var vanskeleg for oss. Me snakka om det, og eg har aldri vore så raskt på bakken etter hoppet. Det er veldig uheldig, men slik er konkurransen, seier tyske Selina Freitag til NRK etter sitt siste hopp.

I første omgang hoppa ikkje tyskaren lengre enn 119 meter.

– Eg har hatt gode resultat før, så det er tungt å dra heim utan medalje. Men eg kan framleis vise gode hopp på slutten av sesongen, og det er planen, seier Freitag.

Strøm var siste nordmann ut i den første omgangen, men klarte å stå imot og hoppa eit kjempehopp.

Publisert 15.02.2026, kl. 19.36 Oppdatert 15.02.2026, kl. 22.25

Read Entire Article