Bob Vylan og Kneecap blir etterforska etter Palestina-støtte på festival

6 hours ago 2



«Død over IDF», ropte duoen frå scena under konserten sin på den berømte Glastonbury-festivalen i Storbritannia.

Dei protesterte mot krigen i Gaza, som har kravd over 50.000 menneskeliv sidan 7. oktober 2023.

Nå blir både Bob Vylan og den irske gruppa Kneecap etterforska av britisk politi for konsertane sine.

BBC, som direktestrøymde konserten til Bob Vylan, har beklaga at dei ikkje kutta strøyminga da utspela frå scena kom.

– BBC respekterer ytringsfridommen, men er sterkt imot oppfordringar til vald. Den antisemittiske bodskapen ytra av Bob Vylan er fullstendig uakseptable, og har ingenting å gjere i kanalane våre, sa ein talsperson for kringkastaren måndag.

en mann som synger inn i en mikrofon

Palestinske symbol var ein del av sceneshowet til Bob Vylan.

Foto: OLI SCARFF / AFP / NTB

Det britiske medietilsynet Ofcom har kritisert BBC for å ha strøymt utsegnene. Nå har også den britiske kulturministeren meldt seg på.

Ifølge Sky News fordømmer kulturminister Lisa Nandy utsegnene og strøyminga på det sterkaste.

– Ein redaksjonell feil må handterast. Når du har fleire, blir det eit leiingsproblem, seier Nandy.

– Leiingsproblem

Nandy seier ho har ringt BBC-sjef Tim Davie for å få svar på kvifor sendinga ikkje blei stansa.

– Eg forventar svar på desse spørsmåla utan opphald, seier Nandy.

Kulturministeren seier også at ho har hatt samtalar med britiske jødiske miljø i kjølvatnet av sendinga. Statsminister Keir Starmer har omtalt ytringane som hatefulle.

Fleire har kravd avgangen på BBC-toppen i kjølvatnet av kontroversen. Bob Vylan har mista visuma sine til USA og agenten sin der.

en mengde mennesker på en konsert

Fleire veiva palestinske flagg under konserten til Kneecap.

Foto: Scott A Garfitt / AP / NTB

Trommeslagar Bobbie Vylan publiserte søndag ein video på Instagram der han kommenterte utsegnene.

Videoen blei sletta etter kort tid, men ifølge Sky News retta Vylan seg blant anna til israelske sivile.

– Til israelske sivile: Forstå at dette sinnet ikkje er retta mot dykk, og ikkje la regjeringa deira få dykk til å tru at sinne mot militæret er sinne mot eit folk, sa Vylan.

Duoen ropte også «fri Palestina», og «frå elva til havet», eit vanleg rop i pro-Palestina-demonstrasjonar, som av nokon blir tolka som ei oppfordring om å øydelegge Israel.

I sosiale medium får duoen også støtte. Fleire poengterer også at enda fleire er drepne i Gaza mens diskusjonen om Glastonbury har gått føre seg.

I videoen kritiserte Vylan politikarar som bruker tid på konserten til duoen i staden for andre ting.

Skal ha oppfordra til opptøyar

Øya-aktuelle Kneecap blir også etterforska av britisk politi etter at eit av medlemmene i gruppa uttalte at ein burde starte «opptøyar» under bandmedlem Mo Charas neste rettshøyring 20. august.

Han modererte seg seinare, og sa Mo Chara måtte få «støtte».

Mo Chara, eller Liam O’Hanna, blir allereie etterforska for å etter seiande ha veiva med eit Hizbollah-flagg under ein konsert i fjor.

Han blir etterforska for brot på britisk terrorlovgiving.

en mann som snakker med en mann med maske

Mo Chara på veg inn i fengslingsmøtet 18. juni i år.

Foto: Jaimi Joy / Reuters / NTB

I juni blei han sett fri av politiet, men ei ny vurdering om fengsling skal gjerast 20. august.

Hundrevis av støttespelarar møtte opp utanfor rettslokala i London da O’Hanna måtte møte der.

BBC valde på førehand å ikkje vise Kneecap-konserten direkte, men sa at ein redigert versjon ville bli tilgjengeleg etterpå, ifølge The Guardian.

Bob Vylan og Kneecap var langt frå dei einaste artistane som markerte si støtte til Palestina under festivalen.

Den irske songaren CMAT fekk med seg publikum i å rope «fri Palestina», mens artisten Jade bad folk rope «fuck justifying genocide».

en mengde mennesker som holder opp hendene

Palestinske symbol i publikum under konserten til den irske artisten CMAT.

Foto: Jaimi Joy / Reuters / NTB

Ekspert: Kjem an på konteksten

Ekspert på ytringsfridom, Anine Kierulf, uttaler seg generelt om utsegnene som nå blir etterforska.

– I utgangspunktet er det fullt lovleg å meine sterke ting om Israel/Palestina, i begge retningar. Så kan det finnast grenser for ytringsfridommen. Det kan vere oppfordringar til straffbare handlingar, truslar, støtte til terrororganisasjonar, og det kan vere hatefulle ytringar, seier juristen til NRK.

Ho trekker fram ytringa «død over IDF».

– Det kan tolkast som ei oppfordring til å ta livet av IDF. Det er i tilfellet ei straffbar oppfordring til drap. Men det er langt meir nærliggande å tolke som ei meiningsytring, ikkje ei oppfordring til noko konkret.

– Jo meir slagordprega ei utsegn er, jo tettare vil det reknast som ein type meiningsytring som viser støtte til ei sak.

en mengde mennesker som holder flagg

Publikum under Kneecap-konserten på Glastonbury.

Foto: Jaimi Joy / Reuters / NTB

Også «frå elva til havet» må tolkast i konteksten det er uttalt, meiner Kierulf.

– Om ein forstår det som «vekk med heile Israels eksistens», er det sjølvsagt grovt. I Noreg er det klart ikkje ulovleg, men det kan det vere andre stader, for eksempel i Tyskland. Men det er ikkje gitt at alle forstår eller bruker uttrykket på den måten, seier ho.

Portrettbilder av anine kierulf

Anine Kierulf er ekspert på ytringsfridom og jurist ved UiO.

Foto: NRK

Ho legg til at ein må tolke alle ytringar som kan vere straffbare, forsiktig – slik at ein ikkje straffar meir enn det som faktisk er ulovleg.

Kierulf meiner det er vanskeleg å seie om rommet for å ytre seg kritisk om Israel og Palestina har blitt mindre etter 7. oktober.

– At harde statlege reaksjonar på ytringar og demonstrasjonar kan ha ein nedkjølande effekt, er heilt klart. Så spørsmålet er: Har den nedkjølande effekten lamma ordskiftet? Det veit vel ingen av oss svaret på, men det er ikkje inntrykket mitt.

Publisert 01.07.2025, kl. 13.20

Read Entire Article