Bodø/Glimt-lege: – Ser mykje betre ut enn me frykta

8 hours ago 1



Bodø/Glimt-spelaren Sondre Brunstad Fet vart frakta av banen på Aspmyra med båre under sundagens kamp mot Brann.

Brunstad Fet vart send til sjukehus der dei tok røntgen av skadane.

Same kveld vart spelaren følgd opp av fysioterapeutar, som også har sett på skadane måndag.

I ei pressemelding frå klubben måndag, kjem det fram at det gjekk betre med sunnmøringen enn dei fyrst frykta.

– Det ser mykje betre ut enn me frykta med ein gong, og me skal gå vidare med å ta MR i morgon. Me er optimistiske på Sondre sine vegne, og me håpar at han kjem raskt tilbake, seier lege i Bodø/Glimt, Morten Sørgård.

Read Entire Article