Bør ein snakka om jordvern når det gjeld hus som alt er bygde?

1 hour ago 1



DEBATT: Bonden må ta personlig økonomisk risiko for å nå nasjonale mål. Skal eit kårhus stå i vegen for det?

Dei økonomiske utsiktene i gardsdrifta er ikkje slik at ein bygger hus nummer to som det ikkje er bruk for, skriv Sissel Marie Bjerga. Bildet av henne er tatt i samband med ein reportasje i 2023. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Sissel Marie Bjerga

    Leiar av Finnøy kommunedelsuvalg, KrF

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Som leiar av Finnøy kommunedelsutval har eg med stor interesse fulgt med på ordskiftet om Statsforvaltaren og demokratiet, og respekten for planar. Eg les med undring svaret frå Bent Høye i debattinnlegget i Aftenbladet 3. mars. Kvifor gjeld ikkje rundskrivet og føringane om gjenbruk av kårbustadar som vart sendt til Statsforvaltarane frå departementet i 2010 frå dåverande landbruksminister Lars Peder Brekk?

Eit hus som alt står der

Statsforvaltaren vår svarer ikkje på dette. Men han seier at Statsforvaltaren «tilstreber å følge lover og retningslinjer fra regjering og storting». Kvifor verkar det som om Statsforvaltaren i Rogaland ikkje ynskjer å ta til fylgje dei styringssignala som kom i rundskrivet frå 2010? Er det slik å forstå at Statsforvaltaren i Rogaland meiner at desse er oppheva, eller at Statsforvaltaren i Rogaland veit betre? Praksisen tyder på at Statsforvaltaren ikkje vil bli styrt av departementet på dette punktet.

Ingen må tru at underteikna meiner at det då skal vera fri frådeling, eller at det ikkje er nøye med jordvernet. Men her set ein jordvern opp mot allereie bygde hus. Ein produserer ikkje mat på dette arealet. Å gjenbruke hus er det beste jordvern ein kan få, i staden for å ta nye landbruks- eller naturområde til å bygge på. Det er både god arealbruk, sikrar busetting og fornuftig klimapolitikk. Det blir ikkje mindre matproduksjon på dette arealet om det skiftar farge i arealkartet, men ein sikrar ei anna nasjonal interesse i distrikta - utan å bygge ned meir.

Nye tider på gardane

Kommunenplanens bestemmelser og retningsliner viser i detalj kva krav kommunen har satt som må vera oppfylde for at frådeling av kårhus kan skje. Plan- og bygningslova gjev kommunane heimel til dette. Når kommunen har laga eit rom, gjennom retningsliner og føresegner i kommuneplanen, -og som Statsforvaltaren godkjende i forkant, kvifor klagar då Statsforvaltaren på dei vedtaka kommunen gjer i frådelingssaker?

Som folkevald vert eg kontakta av eigarar av landbrukseigedomar som har fått tillatelse frå kommunen, der alle kommuneplanens bestemmelsar og retningsliner til frådeling er oppfylde, men likevel blir saka påklaga av Statsforvaltaren. Kommuneadministrasjonen i Stavanger har bekrefta at sidan kommunesamanslåinga i 2020 er det ikkje gitt tillatelse til å bygge nye kårhus på gardar. Dei økonomiske utsiktene i gardsdrifta er ikkje slik at ein bygger hus nummer to som det ikkje er bruk for. Bøndene investerer i driftsbygningar for å oppfylle lovkrav, betre dyrevelferd og effektivisere drifta. Det er mange år sidan det kom avløysarar, mjølkerobotar, kameraovervaking og andre hjelpemiddel som kan erstatta kårfolket i fjosen.

Kolliderer med bondevitet

Når kommunen har bestemt at den som ikkje treng hus til kårfolk, heller skal få frigjera kapital for å oppfylle lovkrav til drifta, då er det underleg at Statsforvaltaren ikkje føl retningslinene frå departementet, og ikkje kommuneplanen som er ein avtale mellom kommune og stat. Då motarbeidar Statsforvaltaren bonden som både skal oppfylle nasjonale mål om å auka matforsyning og sikra beredskap i dette landet. Bonden, som er den einaste yrkesgruppa som tek personleg økonomisk risiko for å oppfylle samfunnsoppdraget med å auka norsk sjølvforsyning. Er ikkje kommuneplanen vår ein styringsreidskap? Vil verkeleg Statsforvaltaren spenna «hykkas» på bonden på denne måten? Når me faktisk har avtalt spelereglane mellom kommune og statsforvaltar på førehand, då kolliderer dette med både logikk, rettferdighet og sunt bondevit.

Publisert:

Publisert: 10. mars 2026 12:39

Read Entire Article