Børsfall skaper uro: – Lurer på kva dei skal gjere med sparepengane

1 month ago 12



– Vi opplever at kundar ringer og lurer på kva dei skal gjere med sparepengane sine no, fortel Silje Voldsund Ødegaard, assisterande banksjef i Sparebank 1 SMN i Ålesund.

Torsdag opplevde børsane i USA det kraftigaste børsfallet sidan koronapandemien.

– Folk får jo med seg dette i media og lurer på kva som skjer. Mange lurer på om dei skal halde seg til planen eller gjere endringar, seier Ødegaard.

– Sitt i ro

Investor Jan Petter Sissener meiner marknadene vil vere urolege i tida framover, men ser kjøpsmoglegheiter for dei som tenkjer langsiktig.

Rådet hans til privatpersonar er klart:

– Sitt i ro. Når ting har roa seg, så kjøper du meir.

– Eg trur det kjem til å vere veldig volatilt i dei næraste dagar og veker. Men eg er heilt sikker på at dei har tent gode pengar på dei aksjane vi kjøper i dag når vi kjem til jul, seier han.

Sissener trur tolluroa kan vare ei stund til, men at forhandlingar vil kome, og meiner det er urealistisk å boikotte amerikanske varer sjølv om USA er i hardt vêr.

– Ein boikott tener ingen hensikt. Diplomati og dialog trur eg er den beste vegen framover.

Jan Petter Sissener

Sissener sitt råd er å kjøpe meir aksjar når ting har roa seg.

Foto: Martin Legland / NRK

Ikkje trua på fond og aksjar

På kaia i Ålesund er Espen Marø Farstad godt i gang med dagens sal av kreps. For han har det ikkje vore aktuelt å spare i fond og aksjar.

– Nei, det har eg ikkje trua på. Eg kjem berre til å tape pengar. Så eg har pengane mine på sparekonto. Det er høgrentekonto som gjeld, seier han med eit smil.

Torbjørn Stavset har både sparekonto og pengar i aksjar. Han synest det er urolege tider no, men har enno ingen planar om å gjere endringar.

– Nei, eg sit stille i båten. For min del har det vore litt nedgang, men ikkje noko å snakke om.

Espen Marø Farstad

Espen Marø Farstad har ikkje trua på å spare i fond og aksjar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Usikkerheit rundt aksjekursen

– Eg har sagt til folk at dei bør ha litt meir pengar i banken no enn til vanleg, seier Harald Magnus Andreassen.

Han er sjeføkonom i Sparebanken 1 og meiner aksjar alltid er best på lang sikt. Men akkurat no meiner han det er lurt å vere forsiktig.

– Utfallet av aksjekursfallet er avhengig av korleis tollkrigen utviklar seg vidare og korleis bedrifter og hushaldningar i mange land reagerer på det. Dersom vi får ein brems i verdsøkonomien, så er det grunn til å tru at aksjekursane fell vidare.

Harald Magnus Andreassen i dress

Harald Magnus Andreassen seier det er usikkert korleis aksjekursen vil utvikle seg vidare.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

I DNB har kapitalforvalting valt å selje ein del aksjar og sette pengane i banken, fortel porteføljeforvaltar Torje Gundersen i DNB.

– Når den økonomiske uroa aukar, så er det potensial for at aksjemarknaden kan falle. Og når den risikovurderingar tiltrer, då tek vi ned risikoen. Derfor har vi gjort det, seier han.

Begge økonomane har same råd til dei som sparar i pensjonsfond, med lang horisont.

– Om det ikkje er pengar som du skal bruke i år eller dei neste åra, så vil eg truleg berre lukke auga og håpe at verda kjem tilbake til sans og samling på eitt eller anna tidspunkt. Og då vil truleg aksjekursen vere høgare igjen, seier Andreassen.

Så dette er ein del av kostnaden ved å ta ein risiko. Gevinsten er at du får mykje betre avkastning over tid, og då meiner eg over lag tid, legg han til.

Vil vente til ting roar seg

I Ålesund sentrum driv Bjørn Tore Jeppesen ein platebutikk. Pengane derifrå går stort sett inn i banken.

– Noko av det i alle fall. Det aller meste bruker vi på å kjøpe og investere i nye plater, slik at utvalet alltid er på topp, seier han med eit smil.

Han sparer verken i fond eller aksjar, og har ingen planar om å gjere det med det første.

– Nei, eg er av den gamle sorten. Førebels har pengane i banken, men eg har hatt fond før. Så får ein sjå kva som skjer. Det blir i alle fall å vente til ting roer seg, seier Jeppesen.

Bjørn Tore Jeppesen

Bjørn Tore Jeppesen vil i alle fall vente med å spare i fond og aksjar til situasjonen roar seg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei som gir råd om privatøkonomi ser at det er ein del forvirring og uro ute og går no. Då bør ein tenke seg godt om, seier Silje Voldsund Ødegaard.

– Det er viktig å ikkje gjere noko forhasta fordi ein blir skremt. Det blir litt usikkerheit og uro når store land gjer endring. Men svingingar i aksjemarknaden er jo noko som alltid vil skje.

Ho vektlegg at hensikta med sparinga, og kva ein har råd til å tape, vil vere avgjerande for kva ein gjer vidare.

Silje Voldsund Ødegaard, assisterande banksjef i Sparebank 1 SMN i Ålesund

Silje Voldsund Ødegaard, assisterande banksjef i Sparebank 1 SMN i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Publisert 04.04.2025, kl. 17.21

Read Entire Article