Brann i leilegheitskompleks: – Vi har ikkje kontroll

3 hours ago 1



Naudetatane har rykt ut til eit leilegheitskompleks i Måløy. Det skal brenne i toppetasjen.

– Vi har ikkje kontroll på staden, seier vaktkommandør Jostein Steinsland-Hauge hos 110 Vest.

Alle i bygget skal vere evakuerte.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen hos Vest politidistrikt seier at det ikkje er meldt om skadde eller sakna. Det er uvisst om det var folk heime i etasjen då brannen starta.

– Vi har røykdykkarar inne og mannskap i innsats for å sløkkje brannen, seier vaktkommandør Jostein Steinsland-Hauge hos 110 Vest.

brann og røyk stig opp frå eit leilighetsbygg i eit bustadfelt

Flammane og røyken er godt synleg.

Foto: NRK Tipser

Brannen vart varsla like over klokka 09. Via ein videostrøym kunne 110 Vest konstatere at opne flammar frå etasjen.

Steinsland-Hauge seier at det førebels ikkje er spreiingsfare til andre bygg.

– Det er vindstille, røyken går meir eller mindre rett opp og vi har vatn på brannen. Men ting kan sjølvsagt endre seg, så dette er vurderingar som blir gjort fortløpande, seier han.

Publisert 21.04.2026, kl. 09.20 Oppdatert 21.04.2026, kl. 09.56

Read Entire Article