Brann på Tysnes ute av kontroll - seks av åtte næringsbygg har tatt fyr

1 month ago 17



Det brenn no i sju av åtte næringsbygg, som ligg i ei rekke, ifølgje politiet.

Situasjonen er uavklart og det er fare for at brannen skal spreia seg. Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar.

Det pågår sløkking både frå land og frå sjø.

– Mannskapar frå fire brannstasjonar har rykt ut til brannen, fortel fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Børre Brekkvassmo.

I tillegg hjelper kystvaktskipet «Tor» og redningsskøyta «Sundt» med sløkking av brannen. Det bles kraftig i området.

Det brenn kraftig i eit kontorbygg som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes.

Næringsbygga som brenn, tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland.

Det er meldt om mykje røyk i området. Bebuarar må lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som er utsett for røyk, oppmodar politiet om.

Bygningen som brenn, er del av ei rekke med kontorbygg, som ligg på kaikanten på Onarheim. Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilt, skriv Bladet Tysnes.

Bygningen som brenn ligg i bygda Onarheim på Tysnes.

Brann hos Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Det brenn i ei rekke med næringsbygg, som er under oppføring ved Alsaker Fjordbruk.

Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet Tysnes

Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 16.29

Read Entire Article