Det brenn no i sju av åtte næringsbygg, som ligg i ei rekke, ifølgje politiet.
Det er ikkje kontroll på brannen, og det pågår sløkking både frå land og frå sjø. Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar.
Det brenn kraftig i eit kontorbygg som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes.
Kystvaktskip og redningsskøyte deltek i sløkkearbeidet
– Mannskapar frå fire brannstasjonar har rykt ut til brannen, fortel fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Børre Brekkvassmo.
I tillegg hjelper kystvaktskipet «Tor» og redningsskøyta «Sundt» med sløkking av brannen. Sløkkeinnsatsen frå sjø har god effekt, ifølgje politiet.
Det bles kraftig i området, men det er no ikkje fare for spreiing til andre bygg enn rekka med bygg som er ramma.
Det brenn i ei rekke med næringsbygg, som er under oppføring ved Alsaker Fjordbruk.
Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet TysnesBygga var heilt nye
Bygga tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg heilt nede ved kaikanten i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland. Dei innheld kontor, møterom og auditorium.
Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilte, skriv Bladet Tysnes.
Bygningen som brenn ligg i bygda Onarheim på Tysnes.
Det er meldt om mykje røyk i området. Bebuarar må lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som er utsett for røyk, oppmodar politiet om.
Brannen har spreidd seg til seks av åtte kontorbygg i ei rekke.
Foto: tips-biletePublisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 16.52