Sjå føre deg at alle andre passasjerar har kome seg av bussen og dit dei skal.
Du skal på restaurant med vener, men må sitja att i bussen i nær ein time, og ser til slutt ut vindauget at brannvesenet har dukka opp for å få deg ut.
Dette opplevde Helgesen då han reiste frå Øystese til Bergen denne månaden.
ATTENDE: Sondre Langesæter Helgesen attende på perrongen i Bergen der han blei sitjande fast i bussen i ein time.
Foto: Vidar Eidhammer / NRKRullestolheisen fungerte heilt fint då han skulle inn.
Men då han kom fram til Bergen og skulle ut, att var det ikkje noko liv i heisen.
Svenskeknapp og gaffeltruck
Helgesen fortel at sjåføren og ein ven lengde prøvde å få heisen til å verka att.
Ting blei skrudd av og på fleire gonger, og dei freista til og med å få låna ein gaffeltruck i området for å få rullestolen ut, utan hell.
– Me ringde Cargonet rett over vegen her, men dei hadde berre store truckar, så det var ikkje mogleg for dei, seier Helgesen.
TEST: Sondre Langesæter Helgesen får testa ein rullestolheis som fungerer på busstasjonen i Bergen, med god hjelp av ein sjåfør frå Tide.
Foto: Vidar Eidhammer / NRK– Det var positivt at eg hadde med meg ein kompis, og eg prøvde å ikkje stressa, men det var både tidkrevjande og nedverdigande.
Til slutt kom forslaget om å ringa brannvesenet, som kom etter kort tid
MANNSTERKE: Bergen brannvesen rykte ut for å få Helgesen ut av bussen etter at heisen kilte seg.
Foto: Ragnhild Økland Børven/Hordaland Folkeblad / NRK– Kvir seg for å reisa kollektivt
Helgesen seier han hadde ringd Skyss dagen før for å sikra seg at han kunne ta turen med rullestol, noko han fekk stadfesta var i orden.
– Det er prisen å betala for å velja kollektivt: Førehandsmelda behov og kjenna ein gjer alt rett. Jo lenger tid det går sidan hendinga, jo meir usikker og skuffa blir eg, fortel han.
Regionleiar Guri Anne Egge i Norges Handikapforbund seier hendinga til Helgesen ikkje er unik, og at slike hendingar gjer at mange med funksjonsnedsettingar kvir seg for å reisa kollektivt.
HØYRD DET FØR: Guri Anne Egge i Norges Handikapforbund har høyrd mange likna historier tidlegare.
Foto: Synne Sørenes / NRK– Me har høyrd mange slike historier over fleire år. Det manglar ofte god nok opplæring av sjåførane, seier Egge, og held fram:
– Eg har høyrd om truckar som er brukte til å få rullestolar ut, og bussar som har køyrd til verkstad med rullestolbrukaren om bord. Det fristar ikkje veldig å reisa kollektivt, for du har jo lyst til å koma fram dit du skal, og til rett tid.
Skyss legg seg flat
– Dette er sjølvsagt noko me ikkje er nøgde med, og er leie oss for at han hadde denne opplevinga, seier pressekontakt Øyvind Strømmen i kollektivselskapet Skyss.
ORSAKAR: Skyss kjem med ei orsaking, og lovar å følgja opp saka vidare.
Foto: Vidar Eidhammer / NRK– Det er jo ikkje slik det skal vera. Me har krav til utstyret og opplæring av sjåførane, men her har det skore seg. Me vil koma med ei orsaking, og kjem til å følgja opp saka, seier Strømmen.
Pressekontakten seier vidare at Skyss vil vurdera å stilla strengare krav til reserveløysingar når dei framover vel kva selskap som skal køyra dei ulike rutene.
Han seier også at Skyss vurderer å setja inn fleire bussar med låge golv også på lengre ruter, men at det då vil gå ut over bagasjeplassen.
Menneskeleg feil
Det er busselskapet Tide som køyrer ruta Helgesen tok, men dei køyrer på oppdrag for Skyss.
Regionsjef i Tide Buss Sørvest, Harald Hella, skriv til NRK at sjåføren gjorde ein feil då Helgesen skulle på bussen, slik at heisen kilte seg.
BUSSTYPEN: Det var rullestolheisen på ein slik buss som låste seg.
Foto: Vidar Eidhammer / NRK– Me har snakka med sjåføren, og har gjennomgått hendinga grundig for at dette ikkje skje ein gong til. Sjåførane våre har opplæring, men denne hendinga viser at me har eit forbetringspotensial, seier Hella.
Han seier selskapet har sett i verk tiltak for å styrka opplæringa hjå sjåførane.
– Me håpar Helgesen vel å reisa med oss att, skriv regionsjefen.
Publisert 31.03.2026, kl. 16.05














English (US)