Regjeringa set av nøyaktig null kroner til å halda fram med bygginga av Stad skipstunnel i det reviderte nasjonalbudsjettet som blir lagt fram i dag.
Då finansminister Jens Stoltenberg gjesta Politisk kvarter tysdag morgon, sa han at skipstunnelen ganske enkelt kostar meir enn han smakar.
– I ei tid med behov for ansvarleg styring og knallharde prioriteringar, kan vi ikkje forsvare å bruke milliardar på eit prosjekt med så usikker samfunnsnytte, sa han.
Hovudargumentet til regjeringa er at prisen har eksplodert. Den vedtekne ramma frå 2021 var på om lag 4,1 milliardar kroner. Det nyaste overslaget frå Kystverket, levert i mars 2026, ligg på rundt 8,6 milliardar kroner.
Foto: Jane Rasmussen / NRKSymbol på kløfta mellom sentrum og periferi
Til gjengjeld lova han vestlendingane pengar til rassikring, vedlikehald og andre samferdselsprosjekt.
Om det rekk til å stilla frontane, er eit ope spørsmål.
Etter fleire tiår med utgreiingar og omkampar har Stad skipstunnel forvandla seg frå å vera eit konkret samferdselsprosjekt til å bli eit potent symbol på den politiske kløfta mellom sentrum og periferi.
For tilhengarane er han eit monument over nasjonal vilje, ingeniørkunst og ei nødvendig oppreising for ei kystbefolkning som føler seg gløymd av Oslo.
For kritikarane har han derimot vorte sjølve kroneksempelet på «manglande budsjettdisiplin», «offentleg sløsing» og «økonomisk irrasjonalitet».
– Dette er omtrent som venta, seier Einar Lie.
Han er professor i økonomisk historie og har kritisert ideologien bak tunnelen i fleire artiklar.
– Så får vi sjå kva med- og motspelarar i Stortinget seier, seier Einar Lie.
Foto: NRKLie legg til:
– Det ville vore heilt påfallande om dette prosjektet skulle bli ståande i ei tid med hardare prioriteringar.
Då regjeringa freista å setja ned foten i det ordinære statsbudsjettet i haust, vart dei trossa av eit fleirtal på Stortinget som kravde at arbeidet skulle halda fram.
Arbeidet resulterte i eit nytt og rimelegare prisoverslag på skipstunnelen som gav håp og «glør til bålet» for dei som drøymer om å segla gjennom fjellet.
Denne gongen er det færre politiske spor att å utforska.
– Stad skipstunnel er spektakulær, men i ei tid med auka forsvarsutgifter og ei aldrande befolkning, tvingar harde prioriteringar seg fram, seier Morten Welde ved NTNU.
– Med negativ samfunnsnytte og galopperande kostnader står prosjektet seg dårleg mot meir kritiske føremål. Revidert nasjonalbudsjett viser at regjeringa evnar å prioritere når det økonomiske handlingsromet blir mindre.
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, les avslaget inn i ei større politisk forteljing om korleis makta er konsentrert i «Oslo-gryta» og ikkje evnar å sjå over vasskiljet til vest.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Har svikta kysten
I Vestland blir tunnel-avlysinga møtt med hovudristing blant dei som meiner tunnelen er livsnødvendig for tryggleiken rundt det vêrharde Stad-havet.
Berre i løpet av morgontimane har fleire ordførarar og opposisjonspolitikarar klaga over det dei karakteriserer som ei «nedprioritering av kysten».
Vegar Erstad / NRK
Frank Willy Djuvik, dagleg leiar i Måløy Vekst
Dette er atter eit brutalt svik mot kysten frå dagens regjering. Stad skipstunnel handlar om tryggleik, framkome og langsiktig infrastruktur for sjøtransporten. Regjeringa sviktar nok ein gong kysten, verdiskapinga og folk som lever av og med havet. Dei klarer tydelegvis ikkje å ta av seg Oslo-brillene, og sjå at det finst noko utanfor regjeringskvartalet til 54 milliardar kroner.
Arne Flatin
Paul Sindre Vedeld (Sp), ordførar i Vanylven
Eg er svært skuffa over at regjeringa ikkje prioriterer tryggleiken til sjøfolka og verdiskapinga på kysten. Vi har brukt titals millionar på førebuingar i tru på nasjonale lovnader. Igjen går milliardar til bane og veg på Austlandet, medan kysten blir oversett. Sanninga er at mange av regjeringa sine prosjekt har dårlegare samfunnsnytte enn dette. Eg forventar at Stortinget på nytt set ned foten.
Tri Nguyen Dinh
Marius Strømmen, styreleiar i Norsk Sjøoffisersforbund
Når regjeringa set av null kroner, er det eit alvorleg signal til sjøfolka. Dette handlar om menneske, ikkje prestisje. Tunnelen ville fjerna frykt og stress for mannskap og familiar. Når ein brukar 53 milliardar på regjeringskvartalet – seks skipstunnelar – blir prioriteringane tydelege. Viljen til å investere i Oslo er langt større enn forståinga for risikoen sjøfolka våre står i kvar dag.
Silje Guddal
Ove Kjøllesdal, dagleg leiar i Stad Vekst
At Ap-regjeringa på nytt sviktar Vestlandet og kysten med å fjerne Stad Skipstunnel frå revidert budsjett, kom ikkje som ei overrasking. Tvert imot føyer det seg inn i eit mønster der Ap tydelegvis har bestemt seg for at fokuset rundt samferdsle skal ligge på Austlandsregionen rundt Oslo. Heldigvis er ikkje slaget tapt enno, då Ap må ha støtte frå andre for å få budsjettet vedteke.
NRK
Bjørn Lødemel, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd
Dette er som venta. Sidan oktober har Innsatsgruppa jobba godt med kunnskap og støtte til skipstunnelen. Saka kjem til vedtak i Stortinget 19. juni, så no er det full kamp fram til då. Eg er framleis optimist, men det er heilt avgjerande at alle no pressar på inn mot sine parti på alle nivå for å sikre fleirtal. Vi gir oss ikkje før det endelege punktumet er sett i juni.
Ismail Burak Akkan / NRK
Bård Hoksrud (Frp), leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen
Det er svært positivt at kostnadene vart reduserte tidlegare i år. FrP vil framleis kjempa for å realisera skipstunnelen, men vi må gå grundig gjennom kva som har drive prisane opp. Dersom særnorske klimakrav frå regjeringa har gjort prosjektet unødvendig dyrt, bør desse fjernast slik at vi kan gjennomføra bygginga til lågast mogleg kostnad for fellesskapet.
Stad kommune
Judith Kvåle (Ap), ordførar i Stad
Dette er særs skuffande. Regjeringa har ikkje gjort greie for kva det kostar å avslutte eit prosjekt der Stad kommune har brukt millionar på statlege bestillingar. Skipstunnelen er ei kritisk HMS-investering for 30 000 sjøfolk. Staten må ta ansvar for kostnadene dei sjølv har initiert. No må partia som har garantert for tunnelen, vise kva dei står for i praksis når budsjettet skal vedtakast.
NRK
Tor Arne Borge, administrerande direktør i Kystrederiene:
Vi meiner dette er eit alvorleg tilbakesteg for tryggleik, beredskap og utviklinga av norsk sjøtransport, særleg i ei tid med auka fokus på robuste forsyningslinjer og nasjonal beredskap.
Øystein Otterdal / NRK
Jonas Gahr Støre, statsminister
Vi har tatt ein ny runde for å sjå kva tilboda kunne bli. Det ligg minimum tre milliardar over kostnadsramma som Stortinget har vedteke, og det er før prosjektet har begynt. Prosjektet blir for dyrt, og derfor set vi no ein sluttstrek for det.
Øyvind Sandnes / NRK
Sveinung Nedregotten, samfunnskontakt for Stad skipstunnel i Kystverket
Vi tar forslaget frå regjeringa til etterretning og avventar den politiske behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.
Til argumentet om samfunnsnytte viser dei til at regjeringa har sagt ja til ei rekkje prosjekt med lågare samfunnsøkonomisk nytte enn skipstunnelen (sjå regjeringa si eiga oversikt her.)
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, les avslaget inn i ei større politisk forteljing om korleis makta er konsentrert i «Oslo-gryta», og at eit «Oslo-dominert» arbeidarparti ikkje evnar å sjå over vasskiljet til vest.
– Dette er skuffande, men ikkje overraskande, seier han.
– Dei har svikta kysten.
Han legg til at Senterpartiet vil kjempe for å få Stad skipstunnel tilbake i budsjettet.
Stad-ordførar Judith Kvåle fortvilar over at regjeringa endå ein gong set ned foten for skipstunnelen. Kommunen har allereie brukt fleire titals millionar på å førebu tunnelen. – Vi kan ikkje ha ein stat som vinglar slik i store infrastrukturprosjekt. Det skaper ei uretteleg uvisse for både næringsliv og tryggleiken til sjøfolka våre.
Foto: Stad kommune– Dette handlar om politiske prioriteringar
Også Kystrederiene reagerer kraftig på at regjeringa igjen vil skrota Stad skipstunnel. Administrerande direktør Tor Arne Borge kallar det «eit alvorleg tilbakesteg for tryggleiken» langs kysten:
– Dette handlar om politiske prioriteringar. Når milliardprosjekt på veg og bane får halda fram trass i store kostnadsaukar, medan eit beredskaps- og tryggleiksprosjekt til sjøs blir stoppa, blir det vanskeleg å forstå kvifor sjøtransport skal behandlast annleis.
Publisert 12.05.2026, kl. 09.37

















English (US)