Brukar blod frå barne­legar: Håpar på betre vaksinar

1 day ago 6



Legar som jobbar direkte med barn, er nesten alltid eksponerte for sjukdom. Og smitte er til tider vanskeleg å unngå.

No har forskarar dratt nytte av denne smittsame situasjonen.

For i kampen mot vanlege sjukdommar blant barn, har dei no testa kva blodet til barnelegar kan bidra med. Og det kan vise seg å vere ein medisinsk suksess.

Blod frå barnelegar har nemleg opptil 25 gonger betre vern mot for eksempel RS-virus enn det eksisterande behandlingar har, ifølge ein ny studie.

– Dette gir meining fordi det er vanleg blant barnelegar at ein stadig blir meir motstandsdyktig mot luftvegsvirus i løpet av karrieren.

Det seier Trent Calcutt. Han er barnelege i Australia og ein av forskarane i studien.

Calcutt meiner resultata er lovande og bør kunne testast ut på folk.

Henta ut immunceller

I den nye studien brukte forskarane immunceller frå legar som jobbar med barn. Deretter brukte dei cellene til å lage spesielle antistoff, som både kunne kjenne igjen og øydelegge virus.

Dei laga mange ulike typar for å sjå kva som fungerte best. Desse blei deretter testa på dyr.

Forskarane fann at når dei kombinerte fleire typar antistoff, blei resultatet betre.

Håpet er at funna kan føre til nye medisinar, som igjen kan hjelpe fleire folk i framtida.

Illustrasjon av RS-virus

RS-virus er eit vanleg forkjølingsvirus hos både barn og vaksne om vinteren. Hos nokre små barn kan sjukdommen gi infeksjon i dei små luftvegane eller lungebetennelse som gir hoste og pustevanskar.

Illustrasjon: Artur Plawgo / Getty Images/iStockphoto

Spennande, men vanskeleg

– Studien er spennande og viser at om ein blir utsett for denne typen virus i jobbsamanheng, så vil ein danne beskyttande antistoff.

Det seier Claus Klingenberg til NRK. Han er seksjonsoverlege ved Barne- og ungdomsavdelinga ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Likevel trur han ikkje at blod frå helsepersonell er svaret.

– Det vil i praksis ikkje vere mogleg å lage beskyttande antistoff ved å tappe blod frå for eksempel mange barnelegar eller barnesjukepleiarar. I dag bruker ein førebyggande antistoff som er produserte med ein spesiell rekombinant DNA-teknologi.

Men Klingenberg er tydeleg på at betre vern mot RS-viruset er nødvendig – spesielt her i Noreg.

Claus Klingenberg

Claus Klingenberg seier helsepersonell i Noreg er svært kritiske til at vaksine mot RS-virus ikkje er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Foto: Privat

Ikkje i Noreg

For tida finst det to måtar å verne spedbarn mot RS-virus på.

Den eine er vaksinasjon under graviditet. Den andre er å gi barn ei sprøyte med langtidsverkande antistoff rett etter fødsel. Begge metodane forhindrar alvorleg sjukdom hos spedbarn.

I Noreg er derimot ikkje dette ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Overlege Claus Klingenberg seier store studiar viser god effekt av antistoff til nyfødde eller vaksinasjon av gravide. Og at det gir ein stor reduksjon av alvorlege infeksjonar hos spedbarn.

– Derfor bestemte ei rekke land i Europa, med Spania i spissen, å innføre vaksinen for å førebygge RS-virus blant alle spedbarn frå 2023. Effekten var svært overbevisande, seier han.

Hausten 2024 anbefalte eit ekspertutval i WHO at alle land burde innføre ein strategi for førebygging av RS-virus. Enten med vaksine eller antistoff.

Og frå hausten 2025 har mange europeiske land, inkludert Sverige, Danmark og Finland, innført førebyggande tiltak.

– Noreg heng i dag igjen som «aleineland» i Europa som ikkje tilbyr dette til spedbarn.

vaksine

I Noreg er vaksinen Abrysvo det einaste alternativet. Han kan brukast av gravide for å verne spedbarn dei første seks levemånadene.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Seier politikarane vurderer

Usman Ahmad Mushtaq er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Han seier dei tar vaksinar til barn på alvor, men at det krev eit grundig arbeid å innføre eventuelle endringar i vaksinasjonsprogrammet.

– I november fekk vi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag og nye vurderingar frå fagmyndigheitene av både nyare RS-virusantistoff til spedbarn og vaksinasjon av gravide, for å verne dei minste barna mot RS-virus. Dette er kunnskap og oppfordringar vi no går gjennom og vurderer.

Han seier vidare at endringar i barnevaksinasjonsprogrammet blir gjorde i samband med ordinære budsjettprosessar.

– Studiar viser også gode resultat av ein slik vaksine, at talet på innleggingar av små barn på sjukehus går ned, er ikkje dette viktig?

– Det er viktig å førebygge og hindre alvorleg sjukdom. Særleg utsette barn har i mange år fått tilbod om eit eldre RSV-antistoff, som også førebygger alvorleg sjukdom, seier Mushtaq.

Usman Ahmad Mushtaq

Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

– Uakseptabelt

I Noreg blir rundt 1000 spedbarn innlagde på sjukehus grunna RS-virus. Mange fleire er sjuke med hoste og eteproblem, men blir behandla heime.

– Barna er ofte svært sjuke, dei kan ha store pusteproblem og foreldra er bekymra og redde. Både legevakter og barneavdelingar er i periodar overbelasta, seier Claus Klingenberg.

Han meiner derfor det er eit stort behov for betre førebyggande behandling i Noreg.

– Barnelegar, barnesjukepleiarar, jordmødrer og helsesjukepleiarar finn det uakseptabelt at norske myndigheiter enno ikkje har innført dette i Noreg, og at dei faktisk heller ikkje har konkrete planar for å få det på plass innan neste virussesong, seier Klingenberg.

Publisert 19.03.2026, kl. 11.05

Read Entire Article