Bustadprisfall i Oslo

1 month ago 11



I landet sett under eitt var det altså ein liten prisauke i mars.

Justert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,1 prosent.

– Den sterke veksten frå januar og februar minka i mars, seier administrerande direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen.

Så langt i år har bustadprisane i landet stige med 6,5 prosent.

Eiendom Norge-direktør Henning Lauridsen presenterer boligprisstatistikken for desember 2024.

EIENDOM NORGE: Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge, som lagar statistikk om bustadmarknaden.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det er også i mars store forskjellar i bustadprisutviklinga, og særleg i Oslo og Akershus var utviklinga svak. Den sterke marknaden i Stavanger og Rogaland held fram, medan veksten i Bergen minka i mars etter eit svært sterkt år i fjor og inn i 2025, seier Lauridsen.

Prisfall i Oslo

Etter ein brennheit start på året har veksten i bustadprisane stoppa opp i hovudstaden.

Prisane i Oslo sokk med 0,9 prosent førre månad.

Sesongjustert var bustadprisane i hovudstaden ned 0,5 prosent.

Sterkast utvikling i mars hadde Porsgrunn og Skien. Der auka prisane, justert for sesong, med 1,7 prosent.

Størst vekst så langt i år har Stavanger-området med ein oppgang på 11 prosent.

Det gjekk raskast å selje i Bergen med eit snitt på 16 dagar. Lengst salstid hadde Sarpsborg og Fredrikstad med 85 dagar.

Positiv utvikling

Sjeføkonom i SpareBank 1 Sør-Norge, Kyrre M. Knudsen, meiner ein meir dempa vekst i prisane er bra no.

Dette er jo veldig bra. Etter at bustadmarknaden var i ferd med å ta heilt av i delar av Noreg ved starten av året er det godt å sjå at prisane roar seg, fordi det kjem meir ut for sal. Dette er bra for heile marknaden. Høg prisvekst fører til at det er mykje vanskelegare for kjøparen og kan skape urealistiske forventningar hos seljar, seier Knudsen.

I mars blei det selt 9.733 bustader i Noreg, noko som er 37,7 prosent fleire enn mars i fjor.

Så langt i år er det selt 26.524 bustader i landet, noko som er 27,6 prosent meir enn i same periode i 2024.

– Talet på selde og annonserte bustader var på historisk høgt nivå i mars, seier Lauridsen.

Publisert 03.04.2025, kl. 11.22 Oppdatert 03.04.2025, kl. 11.54

Read Entire Article