By på date med Gyda Oddekalv

2 hours ago 1



Auksjonsobjekta kan normalt ikkje kjøpast for pengar - no kan dei bli dine!

By på kule ting - og støtt eit godt formål samtidig.

Pengane går til Atlas-alliansen i år, for å hjelpe funksjonshemma i land med fattigdom og krig.

Her er 10 av tinga du kan by på:

Date med Gyda Oddekalv

Gyda Oddekalv, partileiar i Generasjonspartiet

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Frisk og freidig politikar som blei utestengd frå date-appen Tinder.

Fordi ho brukte Tinder til å samle underskrifter for sitt politiske parti.

Men fortvil ikkje - no kan du få date med ho likevel. Om du byr mest!

Du får: Eit eksklusivt møte på offentleg stad.

Du får ikkje: Eit kyss, forloving eller oppfølging.

By her

Fiskekort i Altaelva

Tone Holten Nome har fått flere laks i Altaelva. Hun har også vært elvevakt i flere år.

Foto: Privat

Alle sportsfiskarar sin draum, men særs vanskeleg å oppnå.

No kan du by på eit fiskekort frå Alta laksefiskeri interessentskap!

Det varar i 18 timar, frå kl. 18.00 ein dag til kl. 12.00 neste dag.

Kong Harald og David Beckham har fiska her - blir du den neste?

By her

Sølvguttene syng hos deg

oslo 20071211;nobel fredspris konsert. her er solvguttfoto; Sara Johannessen / SCANPIX

Foto: SCANPIX

Få besøk av Noregs mest ikoniske gutekor!

Opplev magien når ti sopranar fyller rommet med klang og sangglede.

I 15 eksklusive minutt syng dei kjente og kjære verk frå sitt repertoar.

Skap ei magisk stund heime for familie og vennar.

Den perfekte gåva til deg sjølv eller andre!

By her

Sete frå Oslo-trikken

Bilde av trikkesete frå ein Oslo-trikk

Foto: Sporveien

Kva med eit eksklusivt stykke Oslo-historie?

Denne originale tosetaren frå SL79-trikken frakta oslofolk i over 40 år.

No skal trikkane ut av rekka gå, men dette setet vil bestå!

Setet skal sveisast om til auksjonen så det står stødig og fritt.

Perfekt som unikt interiør i butikk, kontor, hytte - eller kanskje stova di?

By her

Norseman Xtreme Triathlon

Norseman

Foto: NTB scanpix

By på eit ettertrakta startnummer til verdas tøffaste triatlon!

Starten går ved soloppgang med eit hopp frå ferja i Hardangerfjorden.

Så kjem ein brutal sykkeletappe over Hardangervidda.

Før siste styrkeprøve: Maraton til Gaustatoppen, 1883 meter over havet.

8000 menneske frå 100 land vil delta - berre 250 får plass. Pluss du?

By her

Få ein vits kvar dag

Gjer 2026 til året der kvar dag startar med eit smil :)

Komikar Vegar Tryggeseid sender ein unik, fersk vits direkte til deg.

Kvar einaste dag - gjennom heile året!

Du får altså 365 vitsar med Vegars karakteristiske og tørre humor.

Unik gåve til deg sjølv, kontorets fellesmail eller nokon du vil glede!

By her

Papaya-innspeling heime hos deg

Har du drøymt om å få Steinar Sagen, Tore Sagen og Bjarte Tjøstheim på besøk?

No har du sjansen!

Podkast-favoritten Papaya donerer ei heilt unik oppleving: Å spele inn ein episode heime hos deg.

Eller hos nokon du vil glede.

Det blir latter, galskap og god stemning rett frå eigen heim!

By her

Intim-joik av Mikkel Gaup

Mikkel Gaup smiler i samisk drakt

Foto: Dan Robert Larsen

Få ein personleg joik komponert spesielt for deg!

Av den prisvinnande samiske skodespelaren og joikaren Mikkel Gaup.

Joiken er ein sterk og kjenslerik hyllest, forankra i samisk tradisjon og identitet.

Ei unik gåve til deg sjølv, eller nokon du verkeleg synest fortener det.

Dette blir ei oppleving du garantert aldri vil gløyme!

By her

Den aller siste Sunda-boksen

To menn iført hvite skjorter og røde hatter holder en boks med Sunda inne i en fabrikk.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Det var ein gong eit pålegg som heitte Sunda.

I årevis stod det trufast på norske frukostbord som rein kvardagsglede.

Men så kom bodskapen frå kongeriket Orkla: Produksjonen skulle stoppast!

Ein etter ein forsvann boksane - til berre ein stod igjen på produksjonsbandet.

No kan du bli vaktaren av dette sjeldne minnet frå norsk mathistorie.

By her

Else «Crocs» Furuseth

Rosa platå-crocs med mange ulike pins på

Foto: Sander Garvik Kurseth / NRK

Dette er TV-aksjonens eigen vandrepokal!

Crocsa er designa av Balenciaga, og blei først donert av Else Kåss Furuseth i 2019.

Etter det har crocsa blitt auksjonert bort og donert tilbake - kvart einaste år.

Til saman har dei fått inn 235.000 kroner til gode formål!

No kan du sikre deg denne unike kombinasjonen av mote, auksjonshistorie og velgjerd - og føre tradisjonen vidare?

By her

Publisert 13.10.2025, kl. 12.01 Oppdatert 13.10.2025, kl. 12.17

Read Entire Article