– Dette er ei genial løysing, så om ein er sikker på valet sitt om å melde flytting, så ville eg anbefalt alle å gjere det, seier student Benedicte Larsen Mathisen (23).
Under torsdagens bystyremøtet vedtok politikarane i Bodø å gi studentar som melder flytting til kommunen 6000 kroner frå hausten av.
– Eg synest det er eit veldig bra vedtak. Studentane vinn på det, både økonomisk og når det gjeld tenester, som å få fastlege, seier ho.
Fordi Mathisen skal begynne på siste året ved siviløkonomutdanninga ved Nord universitet, kjem ikkje ho sjølv til å melde flytting frå Brønnøysund. Men understrekar:
– Om eg hadde hatt meir enn eitt år igjen her, så hadde eg gjort det.
Men det er ikkje alle som er like begeistra for dette.
– Dårleg gjennomtenkt forslag
Kritikken har nemleg hagla etter Bodøs «lokketilbod» til studentar. Fleire politikarar frå regionen er ikkje så fornøgde med forslaget.
Blant anna sende ni ordførarar frå kommunar rundt eit brev til ordførar Odd Emil Ingebrigtsen der dei gjekk ut mot forslaget, og kalla det for dårleg naboskap.
Likevel gjekk forslaget gjennom, og blei vedtatt med 21 stemmer.
– Meininga med ordninga er at kommunen der innbyggaren bur skal få innbyggartilskotet slik at ein kan legge til rette for innbyggaren. Denne saka handlar om studentar, ikkje om nabokommunane våre, sa varaordførar Ida Gudding Johnsen (V) under bystyremøtet.
– Studentar skal kunne ha gode velferdstilbod når dei bur i Bodø, seier varaordførar i Bodø, Ida Gudding Johnsen (V).
Foto: Sondre SkjelvikHåpet er å lokke 500 studentar, noko som kan gi kommunen 13,8 millionar kroner ekstra å rutte med.
Men sjølv om forslaget gjekk igjennom var ikkje alle politikarane i bystyret fornøgd.
Blant anna Andreas Tymi frå Raudt meinte at forslaget hadde negativ samfunnseffekt.
– Det mest alvorlege er at terskelen for å melde flytting hit blir veldig mykje lågare og dermed også terskelen for å flytte ut av dei mindre kommunane.
Når ein innbyggar melder flytting vil kommunen dei flyttar til få eit tilskot på 33.566 kroner. Kommunen som blir frå flytta mistar samtidig tilskotet.
– Dersom dette skal vere ei ordning, så må ho vere nasjonal. Dette er eit veldig dårleg gjennomtenkt forslag, seier Tymi.
Andreas Tymi frå Raudt meiner forslaget vil ha negativ samfunnseffekt.
Foto: Ola HelnessHan frykta at ordninga vil føre til eit svekt tilbod i dei andre kommunane, og er redd for at kommunane vil by over kvarandre.
Nettopp det er noko blant anna ordførar i Hadsel i Vesterålen, Kjell-Børge Freiberg vurderer.
Vurderer motbod
– Det kjem vi absolutt til å gjere, seier Freiberg til NRK.
Han meiner dette er eit uklokt vedtak, og seier kommunen no må sjå på korleis dei skal møte dette. Eit eksempel er å komme med eit mottilbod til studentane som melder flytting.
– Om dei har registrert adressa si der dei høyrer heime mens dei studerer, så må vi jo sjå om vi kan matche den summen som Bodø har lagt som eit lokkemiddel.
Han seier at Hadsel har ein del studentar frå kommunen som studerer i Bodø, og om dei melder flytting påverkar det kommuneøkonomien.
– Det er sjølvsagt ikkje det som gjer at kommuneøkonomien er i balanse, men det rokkar ved nokre prinsipp, og så utfordrar det oss også på økonomi.
Ordførar Kjell-Børge Freiberg skjønner at 6000 kroner er mykje for ein student.
Foto: ODA VIKEN / NRK– Du har tidlegare uttalt at du vil melde overgang til Troms fylke om Bodø gjennomfører vedtaket. Vil du gjere det nå?
– Vi opplever eigentleg gong på gong at vi har ein fylkeshovudstad som berre er opptatt av seg sjølv. Og då er det sånn at det er like kort for oss til Tromsø som til Bodø.
– Viktig å komme på banen
Ein kommune som har tatt eit steg vidare her er Meløy kommune, som ligg sør for fylkeshovudstaden.
Der har formannskapet bede kommunedirektøren om å utarbeide eit mottiltak mot studenttilskotet.
Formannskapet i Meløy ber kommunedirektør utarbeide sak om mottiltak mot Bodø kommune studenttilskotet sitt. Saka blir lagd frami formannskapsmøtet i august.
Foto: Meløy kommune– Det er viktig at vi kjem på banen og ser på kva vi kan tilby studentane våre for at dei skal fortsette å bu i Meløy, seier ordførar Sigurd Stormo.
Ifølge han kan det vere økonomiske tiltak, eller det kan vere andre ting.
– Eg tenker at vi er nøydde til å gjere noko. Vi kan ikkje berre sitte og sjå på. Eg synest det er eit utruleg dårleg forslag som no er gått gjennom. Og då tenker eg at vi må begynne å sjå på kva vi kan gjere.
Men det er ikkje alle i regionen som meiner dette er så lurte.
Ordføraren i Beiarn, Andre Kristoffersen (Sp) meiner kommunane i Salten ikkje må by over kvarandre, men heller stå saman og fortsette samarbeidet. Dette seier han sjølv om heller ikkje han er fornøgd med vedtaket.
Publisert 23.06.2025, kl. 12.20