
Torgeir Kismul Matre er lege i spesialisering i øyre-nase-halssjukdomar.
Foto: Lucian Muntean / NRK14,2 milliardar kroner.
Det er summen det er hevda det vil koste å skrote Helseplattforma.
– Beløpet er nok mest for å skremme, seier dataforskar.
– Skroting vil koste 9 milliardar mindre, meiner IT-professor, som knapt kunne tru scoren Helseplattforma fekk på brukarvenlegheit.
Dei meiner det vil vere ein katastrofe om systemet blir innført i heile Noreg.
Særleg no som kommunar går for ein norsk konkurrent.
– Ting blir betre, svarer Helse Midt.
Elefanten
– Å byte frå Helseplattforma var litt som å kaste lenkene eller reimene, seier dr. Torgeir Kismul Matre.
Matre føretrekker pasientar framfor datahjelpa.
Foto: Lucian Muntean / NRKDå øyre-nase-hals-legen nyleg flytta frå sjukehuset i Molde til Ahus på Lørenskog, bytta han frå det USA-utvikla systemet til Bodø-selskapet DIPS.
– Det var ei frigjering, eigentleg. DIPS er intuitivt og eg trong null opplæring.
Legen seier at det er nydeleg å ha eit system som samarbeider, slik at han kan ha fokus på å fikse pasientane – i staden for å få datahjelp.
– Her går alt av seg sjølv, medan med Helseplattforma måtte eg ringe datahjelpa fleire gonger i veka.
Det gjekk ut over pasientryggleiken, meiner Matre. Han hevdar han veit om alvorlege feil i medisinar til pasientane grunna Helseplattforma.
Legen saknar ikkje å snakke om datasystem.
Foto: Lucian Muntean / NRK– Det gjekk mykje tid på morgonmøte og lunsjpausen til å diskutere korleis ein kunne få til elementære ting i Helseplattforma. Etter eg byrja her i januar har eg ikkje snakka om DIPS ein einaste gong. Det er påfallande, synest Matre.
Rundt 85 prosent av norske sjukehus brukar pasientjournal frå DIPS.
I ei undersøking frå 2025 står det: Helseplattforma skil seg tydeleg ut med rapportert brukskvalitet på 17,3 av 100. Snittet for DIPS er 57,7.
– 17 av 100. Trudde ikkje det gjekk an ein gong. Alt under 40 blir sett på som stryk. 17,3 er jo tett på ubrukeleg, seier IT-professor til NRK.
Matre laga denne teikninga av problematikken.
Illustrasjon: Dr. Torgeir Kismul Matre, mellom anna basert på foto av Stian Lysberg Solum, NTB.Vasa-skipet
Dataforskar Roald Bergstrøm var med frå starten da Noreg skulle få seg nytt journalsystem rundt 2012. Han byrja tidleg å åtvare mot valet av ein amerikansk leverandør.
Han seier at både Sverige og Finland no har funne det mest økonomisk å snu frå USA-utvikla system.
Roald Bergstrøm har sidan 1990-talet jobba som IT-sjef på Levanger sjukehus, på Sintef, for kompetansesenteret for IT i helse og i Helsedirektoratet. Han har åtvara mot Helseplattforma sidan 2018.
Foto: Privat / NRK– Systema var koda for bruk i USA og passa dårleg inn i nordiske helsevesen.
Dermed blei det store kostnadar og utsetjingar når ein skulle byggje det om.
Berre i Midt-Noreg har ein brukt over 1,5 milliardar kroner på konsulentar, medan talet i Sverige er 800 millionar, seier han.
– I Gøteborgs len havarerte det nye journalsystemet tre dagar etter innføringa. Svenske aviser drog parallellar til da Vasa-skipet kantra på jomfruturen, seier Bergstrøm om innføringa av eit amerikansk journalsystem i Sverige.
Den svenske stoltheita Vasa-skipet krengde og sokk på si aller første reise i 1628, 1300 meter frå hamna i Stockholm. Her ein TV-rekonstruksjon.
I Noreg har Helseplattforma blitt omtalt som ein IT-skandale og katastrofe, blitt slakta av Riksrevisjonen og fått sterk kritikk frå Datatilsynet.
Korrupsjonsjeger Eva Joly uttalte til NRK: – Dei innførte eit system som var verdskjent for å ikkje fungere.
Samtidig har utviklinga i USA gjort fleire skeptiske til å overlate norske helsedata til eit amerikansk gigantselskap.
Vraka
Få kilometer unna det ferske praktsjukehuset mellom Molde og Kristiansund, som står i harde innsparingar etter Helseplattforma, ligg Gjemnes kommune.
Denne maidagen gjer dei det same som fleire kommunar i Trøndelag:
Vrakar Helseplattforma og vel DIPS-systemet Aidn.
– Det kostar berre halvparten, og scorar mykje betre på brukarvenlegheit, seier Ragnhild Kleive og Elisabeth Ludvigsen i kommunen.
Elisabeth Ihle Ludvigsen og Ragnhild Kleive i Gjemnes kommune framfor det som skal bli ny sjukeheim. Der kjem sparte millionar godt med. Dei fortel at journalsystemet skal samhandle mellom sjukeheim, heimeteneste, fysio- og ergoterapi og psykisk helse og rus.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKKommunen sparar 5 millionar på fem år, noko som er betydeleg i ein kommune med helsebudsjett på 80 millionar.
– Kva var det som talte for Helseplattforma?
– Å vere i same system som helseføretaket og sjukehuset. Me er omgitt av kommunar som er med på Helseplattforma.
Sjølv om dei er midt i pilotområdet for den nye journalsystemet, som skulle knyte sjukehus og kommunar saman i heile Noreg, vel dei no altså ein norsk konkurrent.
Kven skal styre KI?
I 2025 sa 78 prosent av alle legar i Helse Midt at dei var misnøgde med Helseplattforma.
Dataforskar Roald Bergstrøm meiner at ein ikkje treng å byte ut heile systemet i éin operasjon, men at ein kan gå gradvis over til ei ny og meir open løysing.
– Utfordringa er at me ikkje veit kva Helse Midt-Noreg har forplikta seg til med firmaet Epic, da kontrakten framleis er hemmeleg, hevdar Bergstrøm.
Han meiner me skulle hatt all helseinformasjon samla i ein nasjonal database, og systema uavhengige av denne.
Brukarar under Helseplattforma får også ein ekstra app, i tillegg til HelseNorge-appen. HelsaMi-appen til høgre.
Foto: Skjermdump: Webjørn Svendsen Espeland / NRKBergstrøm peiker på sårbarheita av å låse seg til eit amerikansk system, særleg no som KI er på full veg inn for å diagnostisere og analysere helsedata.
– For dei store aktørane som Epic, Microsoft og Palantir opnar helse opp for enorm mogleg forteneste ved å kople helseinformasjon med legemiddel, ernæringsråd og livsstilsråd.
– Da er det ekstra viktig at me har kontrollen sjølve, seier Bergstrøm.
– KI senkar prisen
14,2 milliardar kroner.
Det blei av fleire medium nyleg meldt vere prisen for å skrote Helseplattforma (HP). Talet kom frå Sopra Steria, i ein rapport bestilt og delt av Helse Midt-Noreg (som står bak innføringa av Helseplattforma).
Dataforskar Roald Bergstrøm trur den nemnde prisen er mest for å skremme Stortinget bort frå MDG-forslaget om å vrake Helseplattforma.
– Teknologien har endra seg drastisk. I dag skriv KI programvare sjølv. Eg trur det blir langt rimelegare, enn her kor over 500 personar (inklusive konsulentar for 1,7 milliardar) bygde den norske Helseplattforma, hevdar han.
IT-professor Dag Svanæs ved NTNU har også lest rapporten. Han meiner at den særs høge summen på vraking må vere ei misforståing.
– Tala viser at det vil koste 5 millardar kroner ekstra, nokon meiner 7 milliardar, men det er i alle fall ikkje 14,2 milliardar, hevdar Svanæs.
Gjeld, nedskriving og lisensar/drift må bli betalt uansett om ein byter system eller ikkje, bedyrar han.
Det gir i så fall 9,2 millardar lågare pris på skrotinga.
Professor Dag Svanæs ved NTNU har følgt journalprosjektet tett dei siste ti åra.
Foto: Kai T. Dragland/NTNUProfessoren peikar òg på at konsulentane fekk bruke to og ei halv veke på rapporten.
– Kva er det beste med Helseplattforma?
– Intensjonane var jo gode, seier Svanæs.
Han meiner at tanken om at det er for seint å snu, er ein klassisk feiltanke – å fortsette sidan ein har lagt så mykje pengar i det, sjølv om det er ulønsamt.
Professoren er oppgitt over mangelen på uavhengig økonomisk analyse, men trur det no er heilt uaktuelt å gå vidare med Helseplattforma i heile Noreg.
– Kva er da formålet med å fortsette med det i Midt-Noreg?
– Ja, det må du spørje leiinga i Helse Midt om!
Og det skal me gjere, men først litt personvern:
– Bryt personvernet
Ørnulf Rasmussen er professor i juss og ekspert på forvaltningsrett. Han er svært bekymra for datavernet i Helseplattforma (HP).
– Eg meiner at HP er lovstridig, både med tanke på nasjonal helserett og europeisk personvern (GDPR).
Professoren varsla Datatilsynet, som nyleg kom med ein rapport som skreiv at Helseplattforma hadde «vesentlege manglar» og fleire brot på personvernreglane.
Rasmussen er også kritisk til hemmeleghald av store deler av kontraktane med USA-selskapet Epic:
– Helseminister Kjerkol sa at ho ikkje hadde tilgang til heile kontrakten. Ho var generalforsamling for innkjøpet, og burde kravd fullt innsyn.
Rasmussen meiner regjeringa er ansvarlege, og difor må ta alle kostnadar for HP.
– Systemet er no ein svær personvernrisiko, og dei enorme kostnadane svekker helsetilbodet for folk i midt-Noreg.
«Venteplattforma» har ulike tunger døypt systemet.
Foto: Espen Andreas Sandmo / NRK– Ikkje relevant
Helse Midt-Noreg er føretaket som har hatt ansvaret for Helseplattforma:
– Dette var ein visjon om å lage eit system for heile Noreg. Er det framleis målet?
– Vårt mål nå er å vidareutvikle og forbetre Helseplattforma til ei best mogleg felles journalløysing i Midt-Noreg, skriv kommunikasjonsdirektør. Eiliv Flakne i ein e-post til NRK.
– Kva er da formålet med ulike journalsystem i Noreg?
– Det viktige er ikkje felles løysingar, men at det er råd å utveksle informasjon på tvers av tenester og regionar. Nokre vil seie at det er ein fordel at ikkje alle er like, ved at det skaper dynamikk og motivasjon for vidare utvikling.
Må helseminister Vestre vise administrerande direktør Jan Frich i Helse Midt-Noreg (nærast kamera) ryggen, eller blir Helseplattforma berga? Her frå sjukehusopninga i Molde i 2025.
Foto: NTB / NTBTrass store problem og at fleire kommunar no vel ein konkurrent, meiner administrerande direktør i Helseplattformen AS, Siri Beate Berg, at dei er på rett veg.
– Med Helseplattforma har Midt-Noreg lukkast med noko helsetenesta har prøvd på i 30 år – å samhandle godt på tvers av helsetenestene.
Føretaket vil ikkje gi eit konkret tal på kor mykje dei trur det vil koste å vrake Helseplattforma.
Men direktør Flakne skriv blant anna «(...) det relevante spørsmålet er ikkje kva ei ny løysing kostar, men korleis Helse Midt-Noreg og 34 kommunar skal kompenserast».
Du kan lese heile svaret her, og fleire svar frå både Helse Midt Noreg og Helseplattformen AS nedst i artikkelen.
– DIPS for små
Kostnadane for Helseplattforma ser no ut til å bli minst 15 milliardar kroner, eit stykke unna prisen på rundt 3 milliard ved signeringa for sju år sidan.
Før det hadde det vore anbodskonkurranse – der amerikanske Epic til slutt stod att som einaste deltakar.
– Ingen norske leverandørar fekk vere med å levere tilbod – fordi dei var for små.
Det seier pensjonerte Petter Faye-Lund, som tidlegare var styreleiar for DIPS.
Direktør Petter Faye-Lund på kontoret på Rikshospitalet i 1994. Legen er tidlegare direktør ved Aker sjukehus og Rikshospitalet, og var styreleiar i DIPS mellom 2002–2018.
Foto: Aleksander Nordahl / NTB– Norske DIPS hadde systema for 85 prosent av sjukehus-Noreg, men blei vurdert for lite til å gi anbod – for 15 prosent av sjukehus-Noreg! seier han.
DIPS var då eit reint sjukehussystem, og ikkje eit system skulle dekke «alt», slik som amerikanske Epic lova.
– Eit anna interessant aspekt er at regjeringa hadde vedtatt at større, offentlege IT-prosjekt skulle vere trinnvise løysingar og ikkje «big bang». Helseplattforma var verkeleg «big bang», seier den pensjonerte helsetoppen.
I 2023 melde helseminister Kjerkol at «tida for store offentlege IT-prosjekt er over».
Har du trua på Helseplattforma?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
PS: Avstemminga i Stortinget er tysdag 26. mai. Ved førre avstemming om å greie ut å skrote Helseplattformen gjekk Ola Borten Moe (Sp) mot eige parti, og «redda» journalsystemet saman med regjeringspartia bak prosjektet, Høgre og Arbeidarpartiet.
Her er fleire svar frå Helse Midt-Noreg og Helseplattforma AS:
Frederik Winness Ringnes / NRK
Jan Frich, administrerande direktør i Helse Midt-Noreg
– Ville du, med alt me veit i dag, valt Epic som leverandør?
– Det er vanskeleg å spekulere i. Eg må berre seie det har vore meir krevjande enn det ein tenkte seg. Det har eg ikkje noko problem med å seie.
- Vi meiner det vil vere svært uheldig å skrote Helseplattforma no.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Jan Frich, administrerande direktør i Helse Midt-Noreg
- Eg har full anerkjenning for at dette prosjektet har vore veldig mykje meir krevjande enn det ein tenkte seg, og at mange synest det er tungvint å bruke systemet.
- Samtidig såg vi i 2025 ei vesentleg betring i økonomien og ventetidene. Då meiner eg det er rett å halde fram på sporet, og jobbe vidare med å gjere systemet så godt som mogleg.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg
- I kva grad kan me stole på rapporten om skroting av HP som er bestilt av Helse Midt-Noreg?
- Sopra Steria er eitt av dei leiande konsulentselskapa i Noreg innanfor innovasjon og digitalisering, og Helse Midt-Noreg ser ingen grunn til å tvile på innhaldet i rapporten deira.
- Kor lang tid fekk Sopra Steria på å lage rapporten?
- Selskapet gjennomførte analysearbeidet i perioden 9. – 26. mars i år.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg om pris på skroting og konkurrent
- Professor Svanæs vel å sjå bort frå fleire relevante økonomiske effektar som er avgjerande for regionen og den vidare drifta, balansen og investeringsevna til dei 34 kommunane. Det blir elles vist til rapporten frå Sopra Steria, som anslår at estimata er hefta med stor uvisse. Meirkostnadane til kommunane er ikkje kartlagde, og må også takast med i vurderinga.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, om at kommunar vel vekk Helseplattforma
- Kva tenker de om at fleire kommunar no droppar HP til fordel for Aidn?
- Vi ønskjer alle kommunar velkomne inn i fellesskapet om ei felles journalløysing i Midt-Noreg, men respekterer sjølvsagt dei som av ulike grunnar vel andre løysingar.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg om misnøgde legar
- Kva tenker du om at 8 av 10 legar i regionen framleis er misnøgde med Helseplattforma?
- Brukarvennlegheita i Helseplattformen er ikkje god nok, og vi veit at legar oppgir lågare brukarvennlegheit enn andre grupper.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg om Helseplattforma
- Samstundes ser vi at utviklinga når det gjeld aktivitet, ventetider og økonomisk resultat går i positiv retning og er betra i vesentleg grad i løpet av 2025, året etter at dei to siste helseføretaka tok i bruk Helseplattforma. Det blir arbeidd med å betre brukarvennlegheita i eit eige program.
Helse Midt-Norge
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg om påstandar om hemmeleghald
- Kvifor er [delar av] kontrakten med Epic framleis hemmeleg?
- Kontrakten er ikkje hemmeleg, men ein viss informasjon som er av konkurransemessig tyding er unntatt offentlegheit. Dersom det er særskilde forhold ein ønskjer å få belyst, svarer vi gjerne på ytterlegare spørsmål.
Eiliv Flakne, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg om helsedata
- Slik som verdssituasjonen er no, kvifor burde ikkje norske helsedata bli behandla av heilnorske system?
- All lagring og behandling av data i Helseplattforma skjer i Noreg, Sverige eller Nederland, i tråd med norsk lov og europeiske personvernreglar. Helseplattforma verken lagrar eller behandlar pasientdata i USA. Vi følgjer anskaffingslova ved innkjøp av IT-løysingar, og denne gir per i dag ikkje grunnlag for å diskriminere tilbydarar basert på nasjonalitet på generell basis.
Helseplattformen AS
Siri Beate Berg, administrerande direktør i Helseplattformen AS
- Alle helseføretak og kommunar som brukar Helseplattforma i dag, rår frå å avvikle Helseplattforma. Det vart klart under høyringa i Helse- og omsorgskomiteen 21. april. Det blir også støtta av Norsk sjukepleiarforbund, legeforeininga i Sør-Trøndelag og alle brukarutvala i helseregionen.
Siri Beate Berg, admministrerande direktør i Helseplattformen AS om brukarvenlegheita
- Kva tenker de om brukervenlegheita i HP, som støtt blir slakta?
- Det stemmer at det har vore utfordringar med brukarvennlegheita i HP. Særleg var det utfordringar i starten ved Trondheim kommune og St. Olavs hospital.
- Vi prioriterer arbeidet med brukarvennlegheit høgt. Vi jobbar tett med legar og sjukepleiarar for å gjere brukarvennlegheita betre, mellom anna langs tre spor: utvikling av løysinga, leiing og opplæring.
Så ser vi at utfordringane går ned og tilfredsheita med systemet aukar når ein har brukt det ei stund. Ved St. Olavs hospital er brukarførespurnader halverte årleg sidan 2023.
Siri Beate Berg, administrerande direktør i Helseplattformen AS om personvern
- Kva tenker de om personvernet i HP, som jusprofessor Ørnulf Rasmussen meiner er lovstridig?
- Det stemmer ikkje at HP er lovstridig. Deling og samarbeid om helsedata i HP er regulert gjennom det såkalla enkeltvedtaket frå Helse- og omsorgsdepartementet.
- Datatilsynet peikar på at ansvarsbiletet har vore krevjande. Datatilsynet peikar vidare på at Helseplattformen AS har ei plikt til å rettleie kommunar og helseføretak om dataansvaret. Dette må følgjast opp gjennom konkrete tiltak og avtalar. I etterkant av rapporten har departementet evaluert enkeltvedtaket, og valt å vidareføre det.
Siri Beate Berg, administrerande direktør i Helseplattformen AS
- Ei rekkje av svakheitene Datatilsynet peikar på, er retta opp. Det siste året har vi mellom anna vidareutvikla styringssystemet og organiseringa av personvern- og tryggleiksarbeidet. Vi har forbetra avvikshandteringa. Vi har tydeleggjort roller og ansvar, både internt og i samspelet med helseføretak og kommunar. Dessutan jobbar vi med å forbetre opplæringa.
- Vi tek vurderingane til Datatilsynet på alvor og arbeider kontinuerleg med å styrkje personvern, tryggleik og etterleving i løysinga. Personopplysningar skal handterast trygt og i tråd med regelverket i heile løysinga.






















English (US)