California saksøkjer Trump for innføring av tollsatsar

2 weeks ago 23



California er den første amerikanske delstaten som gjer dette, ifølgje Politico.

California kjem til å tape milliardar av dollar på tollsatsane som Trump har innført, ifølgje avisa. Med stor økonomisk aktivitet, i alt frå Silicon Valley til landbrukssektoren, er staten svært avhengig av global handel.

– Skaper kaos

– Dei ulovlege tollsatsane som president Trumps har innført, skaper kaos i California-familiar, bedrifter og i økonomien vår – dette driv opp prisane og truar arbeidsplassar, seier Gavin Newsom i ei fråsegn. Og han legg til:

– Vi står opp for amerikanske familiar som ikkje har råd til å la kaoset halde fram.

Godkjenning i Kongressen

I søksmålet skriv Newsom at Trump har brukt ulovlege metodar for å innføre dei mange nye tollsatsane, blant anna mot Mexico, Canada og Kina.

Styresmaktene i California meiner også at slik auke i tollen krev godkjenning frå Kongressen.

Publisert 16.04.2025, kl. 13.45 Oppdatert 16.04.2025, kl. 13.59

Read Entire Article