Carlsen avslører i ny dokumentar om Niemann-bråket: – Kjente meg litt manipulert

6 days ago 17



Det kjem fram i dokumentaren «Historia bak: Niemann og Carlsen», laga av Netflix.

I dokumentaren innrømmer Niemann å ha juksa på nett. Han skuldar Carlsen for å ha øydelagt livet hans, og hevdar han stadig må svare på om han bruker analkuler eller ei.

– Niemann står fram som ei bølle og ein tullebukk med enorme vyar om seg sjølv og for sin eigen karriere. Medan Magnus for det meste blir portrettert i eit svært positivt lys, seier NRK sin sjakkekspert Kristoffer Gressli.

Portrettbilde av Kristoffer Gressli

EKSPERT: Kristoffer Gressli

Foto: Jørund Wessel Carlsen

– Vi dreit oss ut

Men éi hending skapte mykje hovudbry for Carlsen.

Hans Niemann juksa i over 100 parti på nett, kjem det fram i ein 72 sider lang rapport. Den mektige sjakksjefen i chess.com, Danny Rensch, trekte derfor konklusjonen: Niemann juksa i partiet mot Magnus Carlsen i 2022.

– Det er ingen røyk utan eld, seier Rensch i dokumentaren som kom på Netflix tysdag 7. april.

Så kom beskjeden som snudde om på alt. Det kunne ikkje bevisast at Niemann juksa i fysiske parti.

– Vi dreit oss ut, seier Danny Rensch.

To personer fra Chess.com

MEKTIGE: Chess.com-sjef Erik Allebest (til høgre) og sjakksjef Danny Rensch.

Foto: Netflix

Han seier at han sjølv stod skulerett for Magnus Carlsen og delte nyheita. Han omtaler det som «noko av det vanskelegaste eg har gjort».

Det var i 2022 at Magnus Carlsen trekte seg frå prestisjetunge Sinquefield Cup etter eit tap mot Hans Niemann. Carlsen uttaler at han «følte at han spelte mot ei datamaskin», og meinte Niemann juksa. Skuldingane slo ned som ei bombe i sjakkverda.

Dette er sjakkjuks-saken

– Dessverre for dei er eg uskuldig, seier Hans Niemann i dokumentaren.

Magnus Carlsen: – Kjentest ikkje bra

Den vendinga likte Team Carlsen dårleg.

Det er sånn dei held på, dei snakkar mykje. Eg har sagt til Danny nokre gonger: «Kan du bruke færre ord? Eg vil ikkje ha det pisspreiket.», seier Magnus Carlsen.

– Dei hadde ikkje bevis, og det kjentest ikkje bra. Eg kjente meg litt manipulert av Danny og chess.com til å tru at dei hadde bevis, noko dei verkeleg ikkje hadde. Det var esset eg trudde eg hadde i ermet, seier verdseinaren.

– Når eg tenker tilbake på det, så var dei kanskje så bekymra for forholdet til Magnus at dei lova noko dei ikkje kunne levere, fortel far og mangaer, Henrik Carlsen.

Carlsen Niemann

MØTTEST: Hans Niemann (til venstre) og Magnus Carlsen har møtst fleire gonger dei siste åra. Her i VM i lyn- og hurtigsjakk 2024.

Foto: Lennart Ootes/Fide

NRK har bede Henrik Carlsen utdjupe, men han har ikkje svart på NRK sine spørsmål.

Kristoffer Gressli er internasjonal sjakkdommar og NRK sin sjakkekspert. Han forstår at Carlsen var skuffa då bevisa svikta.

– Det er kanskje ikkje så overraskande at Danny var så sikker på at han hadde juksa, han hadde jo juksa så mykje på nett. Og ein tenker jo at det er veldig overførbart til å jukse over brettet, seier Gressli til NRK.

I 2023 blei Niemann og Carlsen einige om forlik og å legge konflikten bak seg, men i den ferske dokumentaren kjem Niemann med ei rekke friske utsegner.

– Eg skal bli den beste spelaren i verda. Ingen trur det nå, men berre vent. Eg veit ting som verda ikkje veit, eg kan sjå framtida, seier Hans Niemann med eit lurt ansiktsuttrykk.

Publisert 07.04.2026, kl. 13.22

Read Entire Article