Kjølige netter i juli skal ein leite stadig lengre etter. Verda er i ferd med å bli brutalt varm, så nært som i Spania og Hellas kryp kvikksølvet stadig oftare opp mot femti.
I New York har det dei siste somrane blitt etablert offentlege kjølesenter i museum, kinoar og kjøpesenter, medan segldukar heng over fortau for å gje skugge.
Det er ikkje alle som har råd til innandørsvinter om sommaren.
Stadig fleire flyktar frå den eksplosive heten, og det norske reiselivet jublar. Dette har vi jobba for lenge. Ikkje berre gjennom glansa kampanjar for å lokke turistar til kalde vassdrag, kjølige vidder og isbrear som syng på siste verset.
Noreg har også gjort eit solid bidrag for å varme opp kloden – fordi vi pumpar opp stadig meir olje og gass.
Vi er tilfeldigvis blant dei aller verste i verda når det gjeld klimautslepp per innbyggar. Vi veit berre ikkje om det, for oljerelaterte utslepp tel ikkje med i i statistikken sidan det svarte gullet blir henta opp utanfor landet vårt, på norsk kontinentalsokkel, før mesteparten blir brent som drivstoff andre stader.
Forureininga aukar temperaturane så mykje at sydenreisande avislesarar får råd om korleis dei kan halde seg i live på Kreta, Solkysten og Riveriaen. Ikkje lenger mykje nyting å snakke om under ferieopphald i Syden.
MADRID: Folk kjølte seg ned i fontener da gradestokken steg over 40°C i sommar.
Foto: AFPMen kva gjer vel det? For utruleg nok er vi i ferd med å snu turiststraumen nordover. Ikkje mange hadde tru på akkurat det før tusenårsskiftet.
Uheldigvis er det ikkje fritt fram for kvar og ein. Auken i talet på kuldehungrige SAS-passasjerar frå Italia, Spania og Frankrike er dramatisk frå i fjor, noko som driv prisane i vêret og ekskluderer folk som har mindre å rutte med. Dei må sveitte, eller hoppe i eit lokalt hav.
Klimakrisa er ikkje for alle.
LOFOTEN: Toppen av Festvågtinden ved Henningsvær.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTBI den vestlege verda kjøper somme seg ut av djevelskapen. Gjennom flybillettar til kaldare strøk, bygging av svømmebasseng eller innkjøp av luftavkjølingsmaskiner.
Dessutan får vi framleis tak i alt, sjølv om varene kostar meir, er mindre kortreiste eller vanskelegare å finne.
Blir det til dømes for varmt for bananane å gro i Guatemala, så hentar vi dei heller frå Kina.
Eg reiste til 21 land langs ekvator og polarsirklane i arbeidet med mi siste bok, for å finne svar på korleis klimaendringane påverkar vanlege folk. Eg har snakka med menneske som bur der det verkeleg brenn – bokstaveleg tala.
Ekteparet Sharlem og Mami er bønder i landsbyen Boya 3 i den kongolesiske regnskogen. Over eitt år med ekstremflaum har redusert familien sine årsavlingar frå 20 til åtte sekkar. Katastrofalt for nibarnsforeldra.
I Den demokratiske republikken Kongo går Kongo-elva over sine breidder og fører til problem for både vegfarande og bønder.
Foto: Gunnar GarforsPå den andre sida av Atlanterhavet er også matematikkprofessor Eduardo uroa, over eit problem av motsett art.
To år på rad har mange av sideelvane til Amazonas tørka heilt inn, og urfolk blir tvinga til moderne byar og ein livsstil dei ikkje kjenner eller ønskjer. Med tørre elvefar forsvinn tilgangen på drikkevatn, mat, medisinar og transport.
Det finst ikkje mange nok helikopter i Brasil til å hjelpe alle. Sjølv hovudelva krympar kraftig, men med eit opptil 90 meter djupt hovudløp er det enn så lenge ikkje full krise for dei som bur nær ho. Men heller ikkje her kjem sesongane lenger når dei skal.
«Det går rett til helvete!» fortvilar Eduardo. Og det er ikkje han sin feil.
Mange veglause samfunn langs Amazonas er avhengige av kombinerte passasjer- og lasteskip, men i omfattande tørkeperiodar er det ikkje alle stader det er nok vatn i elva. Det er medverkande til at folk blir tvinga til å flytte.
Foto: Gunnar GarforsBrasil og Den demokratiske republikken Kongo står for høvesvis 1,2 og 0,009 prosent av klimautsleppa i verda. Sistnemnde land husar 110 millionar menneske og er på storleik med alle desse landa til saman: Portugal, Spania, Frankrike, Italia, Sveits, Tsjekkia, Polen, Tyskland, Belgia, Nederland og Luxembourg.
Ingen land slepp ut færre klimagassar per innbyggar. Men kvar einaste ein av dei kjenner klimakrisa på kroppen.
Det finst verken innlagt vatn, straum eller tilgang på vifter i regnskoglandsbyane og næraste butikk ligg oftast langt unna.
Trass storbrannar i Los Angeles og asfalt som smeltar rundt Middelhavet, så kan vi vestlege som har forårsaka nesten alle CO₂ -utslepp, kjøpe oss fri frå klimaeffektane. At vi knappast treng sjå eller oppleve krisa er høgst ufortent.
Som om ikkje det er nok, nyt vi her på berget altså framleis godt av hyggelege sommartemperaturar.
Stolte får vi med oss at utanlandske kjendisar og verdas aller rikaste legg ferien til Sognefjorden eller Lofoten. Dei syt for at internasjonale magasin med høg glinsefaktor publiserer både skryteselfiar og paparazzi-bilete av vakre og sminka menneske – i vakrare og usminka natur.
Ironisk nok er det coolcation som gjer Noreg hot. Plutseleg overopphetar reiselivet òg. Potensialet for masseturisme er stort, og vi bør vurdere avgrensingstiltak.
Ikkje tru at turistane på sikt vil vere nøgde med ei ferieveke eller to under midnattssola, når hetebølgjene på heimebane utviklar seg til langvarige ekstremtilstandar.
Det er eit tidsspørsmål før det blir tett mellom nordgåande flyttelass, med enormt trykk på område, ressursar og infrastruktur.
Kronikkforfattar Gunnar Garfors.
Foto: Gunnar GarforsNaturen vår er vill, vakker og relativt kjølig. Monopolet på å bu i han vil ikkje vare evig.
Trusselen forsvinn neppe, fordi vi ikkje tek tak i dei bakanforliggande årsakene til klimaendringane. Det gjer rett og slett ikkje vondt nok til at vi skjønar, eller vil skjøne, alvoret.
Eg fryktar at Eduardo har rett. Kursen vi har peila oss inn på, ber lukt åt helvete.
Hør kronikkforfattar Gunnar Garfors i «Drivkraft»:
Gunnar Garfors har besøkt alle verdens land – to ganger – og har flere Guinness-rekorder i reising. Det har blitt en rekke foredrag og en håndfull bøker stappfulle av reisetips, så kanskje han har svaret på hvor og hvordan du bør reise neste gang.
Publisert 09.08.2025, kl. 18.05