Ho ber eit namn heile verda kjenner, etter den russiske opposisjonspolitikaren Navalnyj. Men det skal aldri nemnast offentleg.
– Slik som Voldemort i Harry Potter, sa Dasha Navalnaya (24) til mild latter frå publikum under årskonferansen til Bergen Næringsråd fredag.
I salen sat mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre, leiarkandidat i Høgre Ine Eriksen Søreide, Frp-leiar Sylvi Listhaug og fleire politi- og forsvarstoppar.
Aleksej Navalnyj blei rekna som ein av dei viktigaste opposisjonsleiarane i Russland. Han døydde brått i februar 2024, då han sona ein 30 år lang fengselsdom i ein fangeleir i Sibir.
Foto: APNavalnaya fortalde nært om oppveksten. At Putins menn prøvde å vri onkelen hennar mot sin eigen bror, og korleis faren laga ein leik av det å stikke av frå svartkledde agentar i barndommen hennar.
No bur ho i USA, der ho nyleg avla eksamen ved Stanford University.
Ber Noreg rekke handa til det russiske folk
Bodskapen hennar var tydeleg; det finst russarar som ikkje støttar verken Putin sitt russiske regime, eller krigføringa hans i Ukraina.
– Det er Putins krig, men Putin er ikkje Russland.
Ikkje alle russarar støttar president Vladimir Putin sin «spesielle militære operasjon» i Ukraina, som har vart sidan februar 2022.
Foto: MIKHAIL METZEL / AFP / NTBNavalnaya sørger over heimlandet sitt, og drøymer om eit demokratisk Russland.
– Russland er heimen min. Det var der eg blei fødd og det er der eg har blitt til den eg er i dag.
Vesten har sanksjonert store delar av handelen med Russland. Det meiner 24-åringen er eit feilgrep.
– Titals millionar har blitt tvinga til å gøyme seg. Men dei er framleis i Russland. Og vi, du og eg, burde investere i deira framtid. Vesten, inkludert Noreg, burde ikkje avvise desse menneska.
– Slik kan vi bygge eit naboskap og det demokratiske Russland eg drøymer om, slo ho fast.
TV 2-profil ueinig
Tidlegare utanrikskorrespondent i TV 2, Øystein Bogen, er ikkje einig med Navalnaya.
– Eg synest ikkje det er nokon grunn til å ha kontakt med den russiske staten slik situasjonen er no. Det er ei aggressiv makt som har brote folkeretten ved å gå inn i eit anna europeisk land, sa han frå scena.
Gjennom mange år som journalist i Russland, har han opplevd både forfølging og trakassering frå det russiske politiet. Først og fremst i Russland, men også heime i Bergen.
– Eg trur det manglar ei erkjenning i Noreg av at vi står i ein veldig farleg sikkerheitspolitisk situasjon, meiner han.
Meiner Noreg ikkje er førebudd
Bogen får støtte frå både fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og byrådsleiar Christine Meyer (H).
Noreg, Vestlandet og Bergen er ikkje førebudde på angrep – verken fysisk eller teknologisk, meiner dei.
Christine Meyer er byrådsleiar i Bergen for Høgre. Ho er bekymra for at fiendar kan true demokratiet vårt.
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRKPaneldeltakarane blei spurde om kva som held dei vakne om natta.
– At Bergen ikkje er førebudd på eit eventuelt angrep, svarte byrådsleiaren.
– Vi har mange installasjonar i Nordsjøen. Vi har ein veldig sårbar kyst. Vi har straumforsyning, vi har gassforsyning, og vi har i det heile tatt ein stor, sårbar kyst som vi veit at det allereie nå er ein del aktivitet i, la ho til.
Også fylkesordføraren er uroa for ei sårbar straumforsyning.
– Dersom vi får eit straumutfall på Kollsnes, så er det ikkje berre 420 000 menneske i Bergensregionen som mister straumen, men det er inntil 18 millionar menneske i heile Europa som mister energiforsyning i kvardagen sin, seier han.
Prosessanlegget på Kollsnes i Øygarden vest for Bergen behandlar gassen frå fellene Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram.
Foto: BRYNJAR OSGJERD / NRK– Ikkje ta fridomen for gitt
Etter Navalnyjs død i 2024, har både Navalnaya og mora, Julija Navalnaya, heldt fram kampen mot Putin sitt regime.
Mellom anna gjennom Antikorrupsjonsfondet (FBK).
Ifølge Navalnaya blir organisasjonen samanlikna med terrornettverket Al Qaida av det russiske regimet.
Frå scena lova ho likevel å vidareføre faren sitt livsverk.
– Vær så snill, ikkje ta fridomen din for gitt. Eg vil fortsette å snakke og fortelje sanninga. Eg vil fortsette å kjempe til Russland er eit demokratisk land.
Publisert 15.11.2025, kl. 16.35





















English (US)