Dei avgjerande minutta: Flaug drone inn i brennande hus

2 hours ago 1



Skytinga i Åsane:

Politiet tok i bruk høgeksplosive granatar for å tvinge mannen ut av huset.

 Fride Sørensen / TV 2
BRANN NED: Krimteknikarar leitar i brannruinane etter den dramatiske aksjonen onsdag denne veka. Ein mann i 40-åra er sikta for drapsforsøk. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Publisert 20.02.2026 18:52

Den enorme politiaksjonen på Hordvik i Bergen onsdag varte i over tolv timar før den dramatiske situasjonen fekk ei avklaring.

Klokka var 21:23 då mannen i slutten av 40-åra omsider kom ut av det brennande huset.

Då var det eit halvt døgn sidan politiet fekk dei første meldingane om skyting frå huset.

TV 2 veit at mannen seig om, tok snø i hendene sine og la det i ansiktet sitt. Nokre meter bak han låg eitt av dei mange våpena hans.

Så, klokka 21:43, vart han pågripen av mannskap frå beredskapstroppen og ein hundepatrulje.

Naboer hørte skudd – så kom flammene

«Gurkha» var sentral

No er mannen i 40-åra sikta for drapsforsøk på politifolk, grove truslar og skadeverk. I det vesle nabolaget i Hordvik var spora etter fleire titals skot godt synlege torsdag.

Både hus, postkassar, skilt, bilar og anna er treft. Politiet, som sjølv vart skotne på i ein sivil panserbil, prøvde å forhandla med mannen.

Dei opplevde han som ustabil gjennom heile dagen.

Aksjonen inkluderte betydelege nasjonale ressursar som politihelikopter, beredskapstroppen og ein spesialbil. Mellom 50 og 60 personar, berre frå Vest politidistrikt, var involvert.

Dei nasjonale ressursane kjem i tillegg.

Etter det TV 2 forstår, var den sokalla «Gurkhaen» sentral mot slutten av aksjonen. 

Det var den som bevega seg nærast huset då forhandlingane med mannen braut saman og skytinga tok seg opp igjen.

Har plass til 13 personer: Så mye koster politiets super-SUV

Gass og granatar

Då var klokka passert 20:00. Den neste halvtimen kom det jamleg med skot ut frå vindauga på huset.

Torsdag fortalde politiet at dei difor såg seg nøydde til å bruke både tåregass og sprengvåpen som mottiltak. 

Etter det TV 2 får opplyst handlar det mellom anna om sjokkgranatar og høgeksplosive granatar.

Beredskapstroppen har granatar med seg på slike oppdrag. 

Skjøt mot familiens hus: – Jeg fikk sjokk

Klokka 20.40 byrja politiet å bruke dei sterke verkemiddela mot huset. 

Likevel stogga ikkje skytinga frå huset opp.

Droneflyging i flammane

Så tok huset fyr. Men skota frå huset heldt fram.

Då bestemte politiet seg for å fly drone inn i det brennande huset. Også Bergens Tidende har dei same opplysningane.

På dette tidspunktet tenkte operasjonsleiinga at mannen enten ville brenna inne eller komma ut.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
FRAKTA UT: Her blir mannen frakta ut av området inne i ein ambulanse. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Til slutt, klokka 21.23, kom mannen ut. 20 minutt seinare hadde politiet kontroll på han.

– Det er ikkje slik at politiet set fyr på noko med hensikt, sa stabssjef Kjetil Øyri i Vest politidistrikt torsdag.

– Vi brukte gass og sprengvåpen i forhold til vårt ønske og formål som var å få han ut av bygget.

Vil ikkje kommentere

Øyri forklarte også kor i den sokalla «maktpyramiden» desse verkemidla ligg.

– Bruk av gass er ganske lågt på maktpyramiden. Når vi byrjar å bruke spengvåpen, så er vi høgare oppe.

Torsdag ville ikkje politiet svare på kva type sprengvåpen som vart brukt.

TV 2 har stilt fleire spørsmål om aksjonsdetaljane i denne saka, men politiet ønskjer ikkje seie meir.

– Vi kjem ikkje til å gå meir i detaljar rundt vår operative innsats i Hordvik. Då dette vil kunne avsløre våre kapasitetar og taktikk i framtidige aksjonar, er svaret frå Vest politidistrikt fredag.

Read Entire Article