Demonstrantar avbraut Stoltenberg: – Hadde ikkje noko val

4 weeks ago 30



– Ingen med Palestina-skjerf fekk mikrofonen. Da hadde eg ikkje noko anna val enn å bryte inn.

Det seier Tiril Valeur frå gruppa Agder for Palestina til NRK.

Ho avbraut finansminister Jens Stoltenberg (Ap) da han var på besøk på Universitetet i Agder (UiA) måndag formiddag.

en person som snakker til en gruppe mennesker

Det var eit titals demonstrantar i salen med synleg Palestina-skjerf.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Fleire demonstrantar var på plass i salen og kravde svar på Oljefondets investeringar på Vestbreidda i Palestina.

Oljefondet er plassert i fleire selskap som FN meiner bidrar til den Israelske okkupasjonen.

– Vi meiner Oljefondet investerer tungt i Israel og i okkupasjonen. Da må vi vere der og stille Stoltenberg spørsmål om det, seier Valeur.

Finansministeren var på UiA for å halda foredraget «Finanspolitikk i ei uroleg tid».

Fekk svar frå Stoltenberg

Valeur fortel at fleire av demonstrantane med Palestina-skjerf rekte opp handa da publikum fekk stille spørsmål.

– Ingen av oss fekk mikrofonen, fortel ho.

Men da ho først såg seg nøydd til å avbryte, fekk ho svar frå finansministeren:

– Vi er for ei tostatsløysing. Éin stat for israelarane med trygge grenser og ein stat for palestinarane med trygge grenser. Det er ikkje lett å få til det, men vi ser ikkje noka anna løysing. Den brutale kriginga har styrkt behovet for ei politisk varig løysing, svarte Stoltenberg.

en person i dress og slips med hendene opp

Stoltenberg var på UiA for å halda foredraget «Finanspolitikk i ei uroleg tid».

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Demonstrantane spurde om Stoltenberg meiner at Noreg ikkje investerer i våpen i krigføringa til Israel.

– Norsk politikk er at vi ikkje skal levere våpen, og vi har gitt beskjed til Oljefondets etikkråd om at vi skal ut av alle selskap som leverer våpen til ulovleg krigføring i Gaza, svarte han.

– Men det finst tolkingssaker som for eksempel luftvern. Det er ikkje noko som blir brukt mot sivile, la finansministeren til før han gjekk tilbake til foredraget sitt.

Svaret Valeur fekk, kallar ho tåkelegging.

– Regjeringa, spesielt med Støre og Stoltenberg gøymer seg bak Etikkrådet, og tar ikkje noko ordentleg standpunkt, meiner Valeur.

Over 52.000 palestinarar er drepne i Gaza, ifølgje Dei Hamas-kontrollerte styresmaktene til enklaven. Talet inkluderer både sivile og stridande.

NRK har tidlegare konfrontert Israels viseutanriksminister Sharren Haskel med kritikken mot Israels krigføring og skuldingar om at palestinarane blir fordrivne.

Ho svarte at det alltid skjer feil i krig, men at dei ansvarlege blir haldne til ansvar og at Israel ikkje støttar ein plan om å fordriva palestinarane.

Jens Stoltenberg foran en full forelesningssal på Universitetet i Agder i Kristiansand.

Finansministeren svarte på spørsmål til demonstrantane. Dei seier svaret dei fekk var som venta.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Fått positive reaksjonar

Valeur fortel at ho på førehand hadde bestemt seg for å stille Stoltenberg eit spørsmål.

– Da eg forstod at eg aldri kom til å få mikrofonen, sat eg og venta til han hadde ein liten pause. Så hoppa eg inn med spørsmålet mitt.

en gruppe mennesker som sitter i stoler

Tiril Valeur (til høgre) var demonstranten som avbraut finansministeren.

Foto: Kjetil Samuelsen / NRK

Ho seier ho har fått positive reaksjonar i ettertid.

– Sjølv om Agder er mest kjent for sine Israel-vener, er vi mange som støttar Palestina, opplyser ho.

Til dei som måtte reagera på avbrytinga, seier Valeur:

– Eg synest det er mykje mindre alvorleg å avbryte finansministeren, enn det folkemordet som skjer i Gaza, seier ho.

Menneskerettsorganisasjonen Amnesty har tidlegare skulda Israel for folkemord mot Palestinerne.

Israel avviser brot på folkeretten og hevdar dei berre angrip militære mål.

Publisert 26.05.2025, kl. 18.47 Oppdatert 26.05.2025, kl. 19.27

Read Entire Article