Tobias Sten tok verkeleg Noreg med storm i fjor.
Han vart berre slått av Taylor Swift på den norske strøymetoppen, og sikra seg seks Spellemann-nominasjonar.
Det blei to statuettar på «Spellemann» – og to på «P3 Gull».
Sommaren 2026 pryder han toppen av fleire festivalplakatar.






Tobias Sten vann to prisar under «P3 Gull» november 2025: «Årets låt» og «Årets gjennombrot». På Spellemann vann han «Årets Spellemann» og «Årets utgiving».
Foto: Kristian Østby Brandser, NRK P3Sist sommar slapp han òg sitt sjølvtitulerte debutalbum. Og mens låtene føyk oppover på hitlistene, diskuterte både folk og kritikarar om albumet var for mykje country, for lite country, litt inkjeseiande, snevert eller utan personlegdom.
No er Tobias Sten tilbake med si andre plate. Og ho har ikkje dei same problema som den frå 2025.
Kjærleikssorg og empati
Der musikken til Sten før har villa vera litt av alt, og kombinere fest, kjensler og ei veldig allmenn tilnærming, har han no tappa inn i noko djupare.
Faktisk er skilnaden høyrbar frå første vers.
«Heimakjær» høyrest sårare og meir personleg ut. Skiva handlar i heilskap om spennet mellom å vera stor artist og det å sakna folka, tida og fridomen som kjem med å vera heime og berre vere ein vanleg fyr.
Minikonsert fra våren 2025: Tobias Sten byr på ærlige og følelsesladede låter – og covrer Zach Bryan på stordamål!
Det er mykje kjærleikssorg, sjølvrefleksjon og empati i tekstene, og musikken står godt til det.
Melodiane forankrar seg i ein miks av pop og country, slik som før. Det er både pedal steel, banjo, mandolin og trompet i miksen, kombinert med fengjande refreng.
Lyttarar av nye band som P1-favorittane Oddny kjem til å lika dette albumet godt. Faktisk refererer Sten òg til dei på singelen «Tilgi meg», når han syng «Nok ei bygd, nok ein by, forsinka avgang Widerøe-fly, frå Hardangerfjord te Oktober Bergen by».
Vakker vibrato
Ein av dei tinga som har gjort Tobias Sten så godt etablert med ein fot i popmusikken og ein i countrymusikken, er stemmebruken hans.
For uansett kva sjanger ein ynskjer å putta han i, så har han ein råsterk vokal som gjer seg godt i begge leirar.
Tobias Sten har millionar av avspelingar på Spotify. Her på «P3 Gull» 2024, året før karrieren tok av.
Foto: Henriette Dæhli, NRK P3Gjennom «Heimakjær» brukar han den hase vibratoen sin titt og ofte, for å tilføra låtene eit ekstra nivå av inderlege kjensler.
Det vert til dømes tydeleg på tittellåta «Heimakjær», kor omtrent kvar linje trekkjer knirkinga ut av stemmebanda hans. Det kan verte litt mykje gjennom eit heilt album, men oftast er det berre fint.
Hint til 2010
Låtene er òg fine.
Mellom singlane «Tilgi meg» og «Hånd i hånd» kjem «Shanty». Til å heita det har nok songen meir til felles med 2010-talets trampeklapp-musikk à la Mumford & Sons og The Lumineers enn seglarsongar.
Men der dei nemnde banda er glade og frie, vender «Shanty» seg tryglande til mottakaren.
Songen let som ei siste, desperat bøn om å ikkje gjeve opp på eit fint forhold. Og den bøna set seg rett i sjela.
LÅTFAVORITT: – Trompet, pedal steel, trekkspel, banjo og mandolin set ei klar countrystemning til låta, men ho har òg ei enda norskare og varmare kjensle til seg som minner om musikken frå til dømes «Linus i Svingen». Det overraskar meg verkeleg om ho ikkje vert ein hit, utdjupar kritikar Sofie Martesdatter Granberg om «Shanty».
Foto: Henriette Dæhli / NRK2000- og 2010-talet tittar fram fleire gongar. «Tilgi meg» minner om Iron & Wine si «Flightless Bird, American Mouth».
Altså den songen som Bella og Edward giftar seg til i «Twilight».
Dei musikalske referansane er ikkje dei aller mest originale, men dei underbyggjer verkeleg at denne skiva skal få oss til å kjenna på ekte ting.
Ein ting som verkeleg er synd med dette albumet, er at låtene ikkje rakk å bli med i NRK si store bygdesatsing «Rådebank». Dei har råskapen og countrykjensla, og samstundes ein djup nerve inn i kjensler som angår oss alle. Også for dei av oss som ikkje pleier å innrømma det.
Frå fest til grining
Denne meir inderlege ærlegdommen får Tobias Steen til å verka meir vaksen og trygg som person, men òg som artist.
Countryfavoritten har peikt seg ut ei retning, noko han mangla sist. Anna enn oppover på hitlistene, så klart.
Så sjølv om det ikkje er noko «Fy faen du e deili» her, og heller eit vedvarande, jamrande «fy faen så dum eg er som mista ei som deg», så kan desse låtene treffe vel så hardt.
For countrypopen må ikkje alltid vere så slåande morosam eller feststemt. Det held at ho får deg til å grina litt.
Foto, toppbilde: Marius Sørgjerd, Universal Music (promo)
Publisert 13.05.2026, kl. 17.51













![This Could Have Ended BADLY | Iceland Westfjords [Ep. 21] – Royal Enfield Himalayan Motorcycle](https://i.ytimg.com/vi/7Qcrqrd4kmo/mqdefault.jpg)

English (US)