– Eg trur vi har hatt veldig behov for dette.
Natta før den store dagen stod VM-feberen i taket hos dei norske tilreisande i Boston.
– Det har gått veldig lang tid utan at vi har fått oppleve noko slikt. Eg trur vi har veldig godt av å få noko slikt saman, seier August Arnstad.
VENTA LENGE: Kristin Otervik og August Arnstad er spent før kampen mot Irak.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKSaman med over tusen andre nordmenn brukte han den siste kvelden før Irak – Noreg på ein real fest, arrangert av Noregs Fotballforbund (NFF). Sjå video øvst i saken.
Det er trass alt 28 år sidan sist.
– Eg var ikkje født ein gong då (førre VM), så eg begynner å bli rimeleg lei av å høyre det, fortset Arnstad.
FEST: I lokalet til Big Night Live i Boston var det liv til langt på kveld.
Foto: Pilar Olivares / REUTERS,NTB– I dag, når eg ser alle samle seg, det er så rørande. Eg blir så glad, fortel Johan Engeset og er skråsikker:
– Eg trur dei tar komfortabelt den første kampen. Eg trur mange er stressa og tenker ein ikkje må undervurdere Irak. Jo, det må vi.
Her er Irak-supporterane på plass i Boston.
Statsministeren på plass
Ein som ikkje vil undervurdere Irak er statsminister Jonas Gahr Støre, som også har tatt turen over dammen for å støtte laget.
– Det er stort å vere her. Vi blir i mindretal, men eg trur vi kjem til å høyre dei godt.
Og siktar til den norske fansen, som han anslår blir om lag 8000 tilskodarar på kampen.
GLER SEG: Statsminister Jonas Gahr Støre trur norske tilskodarar vil gi lyd frå seg på tribunen, trass mindretal.
Foto: Anders Tvegård / NRKSjølv om han også er på jobb i USA er dette noko han har gleda seg til, og mimrar tilbake til sitt første VM-minne frå 1966.
– Her fell mine personlege lyster saman med jobben. Eg synest det er viktig at statsministeren er her når Noreg er i VM for første gang på alle desse åra.
Fotballpresidenten er «piss» nervøs
– Dette er ein dag vi har venta lenge på.
På plass ved den norske leiren i Boston er Lise Klaveness, fotballpresidenten i NFF.
Ho har i likskap med landslaget vore i USA ei god stund.
– Det har vore lange veker for alle, men det har gått veldig fint for alle involverte rundt laget.
PÅ TUR: Lise Klaveness har vore på plass i USA i fleire veker. Her utanfor landslaget sitt hotell i Greensboro.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBSjølv om ho trur spelarane er avslappa før kampen, er det slett ikkje slik for henne.
– For min eigen del så er det å vere «piss» nervøs, men sånn er det når det er landskamp og det blir berre verre og verre, avsluttar Klaveness.
Ein som ikkje kjenner på nervane er Engeset, på festen i Boston dagen før dagen:
– Eg trur vi slår Senegal også og Frankrike. Ja, 4–0. Her er vi lite pessimistiske.
Så får vi sjå om kampen med avspark kl. 00.00 natt til onsdag står i stil med stemninga i stadionbyen.
Irak – Noreg blir sendt på TV 2 og kan høyrast i NRK Sport på radio.
Publisert 16.06.2026, kl. 06.52














English (US)