Denne boka blir no fjerna frå russiske hyller

1 day ago 7



– Eg har møtt ulike utfordringar, spesielt med tanke på LHBT+-kapittelet. Men at boka blir trekt tilbake frå marknaden, er nytt.

Forfattar Marta Breen snakkar om boka ho har laga saman med illustratør Jenny Jordahl, «Kvinner i kamp».

I 2018 vart boka lovleg gitt ut i Russland; pakka inn i plast og merka med 18 års aldersgrense.

– Vi vart spurt om vi kunne ta bort kapittelet om lesbiske og homofile. Vi sa sjølvsagt nei, men fann ei løysning med plast rundt og 18-årsgrense, forklarar Breen.

Trass plast og aldersgrense – no er boka fjerna frå hyllene.

Den russiske utgåven av boka «Kvinner i kamp» av Marta Breen, illustrert av Jenny Jordahl. MED SENSUR. Navnet på forlaget er ikkje nemnt.

ULOVLEG: «Kvinner i kamp» handlar om dei mange dramatiske kampane i kvinnebevegelsen. Ho er gitt ut i 27 land, inkludert Russland.

Foto: Jenny Jordahl / Cappelen Damm

Razzia mot forlaget i Russland

I Russland er boka gitt ut av Cappelen Damm sitt samarbeidsforlag.

Men grunna sikkerheit, ønsker dei ikkje å bli nemnt.

I mai skal det ha vore razzia mot dei.

– Eg har fått høyre at tre forleggarar er i husarrest, og eit anna forlag har fått ei enorm bot som kan få dei ut av drift, seier Breen.

Forlaget Breen samarbeider med i Russland er ekstra engstelege fordi dei nye lovane får tilbakeverkande kraft.

– Det har eg aldri høyrt om før.

Bilde av forfatter Marta Breen med bøker

Forfattar Marta Breen med boka på ulike språk. No er ho forbode i Russland fordi ho reknast som LHBT+-propaganda.

Foto: Øyvind Holen

Hjelper ikkje at boka var lovleg i 2018

Razziaen og arrestasjonane i mai blir bekrefta av Natalia Moen-Larsen, seniorforskar ved NUPI.

– Det er ikkje godt å seie kvifor det skjer no. Dei blir skulda for å spreie LHBT+-propaganda.

Det er ulovleg i Russland. Den skeive bevegelsen er nå rekna som ein ekstrem organisasjon.

  • Portrett foto av Moen-Larsen, kvinne med halvlangt, blondt hår, sort dressjakke, nøytralt positiv ansiktsuttrykk.

    Natalie Moen-Larsen

    Seniorforskar ved NUPI (Norsk utenrikspolitisk institutt)

– Det har gått eit år sidan ekstremistlovverket kom på plass. No blir det aktivt brukt mot forlaga, seier seniorforskaren.

Det hjelper ikkje at boka var lovleg då ho vart gitt ut.

Litterær agent i Cappelen Damm Agency, Anette Garpestad, informerer at dei ikkje har selt løyve til Russland sidan 2022, men at dei held kontakt med forlaga dei samarbeider med.

NRK har vore i kontakt med Achehoug og Gyldendal, men dei veit førebels ikkje om nokre av deira bøker er fjerna.

Forsiden til boka "Hvordan lager man en baby", av Anna Fiske.

Denne boka vil mange ha ut av USA.

Foto: Anna Fiske / Cappelen Damm

Fjerner norsk bok om korleis ein lagar baby

Ei bok som Cappelen Damm har gitt ut i USA, men som no er fjerna frå fleire skolebibliotek, er «Hvordan lager man en baby» av Anna Fiske.

Det vil seie; den vart aldri gitt ut frå Noreg til USA, den var alt for kontroversiell.

Men New Zealand ville ha ho, og sidan ho allereie var på engelsk, vart boka sendt til USA derfrå.

– Det skapte furore.

Det seier Ragnfrid Trohaug, forlagssjef for barne- og ungdomslitteratur i Cappelen Damm.

– Vi ser liknande utvikling i Ungarn og Polen. Men USA er jo eit eige kapittel.

En kvinne sitter på kafé eller lignende, ser i kamera med et nøytralt uttrykk. Håret er trukket bak, hun har øreringer og et tørkle rundt halsen.

Forlagssjef i Cappelen Damm, Ragnfrid Trohaug.

Foto: Ann-Iren Finstad

Forlagssjef: – Antidemokratiske tendensar

Trohaug påpeiker at det alltid har vore folk som ikkje liker bøker som fortel om ting som seksualitet, kvinnekroppen, og så vidare. Men at det no blir sett meir og meir i system.

10.000 bøker vart fjerna frå offentlege skolar frå 2023-2024, ifølgje amerikanske PEN.

– Vi ser klart antidemokratiske tendensar også i USA, seier Trohaug.

Heller ikkje boka til Marta Breen, «Kvinner i kamp», vart gitt ut i USA utan sensur. Dei nakne brystvortene vart for mykje.

– Vi måtte kle på damene, seier Breen.

Ny bok, men vil ikkje skrive annleis

Men Breen ser også håp. Den gamle sovjetstaten Georgia har gitt bod på ei anna bok, «Patriarkiet faller».

– Dette er overraskande, ettersom boka tar for seg LHBT-spørsmål og er temmeleg krass i sin kritikk av religion.

Til hausten gir ho ut ei ny bok, denne gongen om kjønn og religion. Den blir nok ikkje publisert i Russland.

– Vil du ikkje ein gong skrive mellom linjene, sånn at du faktisk får publisert boka der og?

– Nei. Å seie ting rett ut er ein liberal verdi i vårt samfunn eg vil ta vare på, svarar ho.

Publisert 12.06.2025, kl. 12.41

Read Entire Article