KRONIKK: Hadde ikkje Ksenia Lutsjenko rømt Russland i tide, ville den ortodokse journalisten vore innelåst i ein av fangeleirane til Vladimir Putin. For å bli der i åtte år.
Johannes Morken
Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
I 25 år har den russiske, ortodokse journalisten Kseniya Lutsjenko analysert korleis den russiskortodokse kyrkja i praksis er vorten eitt med den autoritære og krigerske staten som president Vladimir Putin har bygd opp. Under patriark Kirill har kyrkja vorte ein av dei ideologiske berebjelkane til regimet, «ein sjølvutnemnd vaktar av såkalla ‘tradisjonelle verdiar’».
I ei bok viser ho korleis kyrkja er blitt djupt innvoven i spreiinga av militarisme, homofobi og nasjonalt hat. Kyrkja er blitt ein viktig reiskap i å «manipulera russarar og spreia propaganda», som Lutsjenko nyleg formulerte det i eit intervju med tyske DW.
Lutsjenko har dokumentert kva som blir sendt på TV-kanalen Spas, driven av Moskva-patriarkatet – toppleiinga i kyrkja. Spas er med i gratis kanalpakke som alle husstandar får. Her vert det kringkasta rein hatretorikk. Folk i Ukraina vert stempla som «ukronazistar».
«Ortodoksi og zombiar»
Lutsjenko har sin eigen kanal på den krypterte appen Telegram, med namnet «Ortodoksi og zombiar». Ein zombie er som kjent eit fiktivt, vandrande lik. I populærkulturen spelar zombiar nøkkelroller i horror-sjangeren.
Den sjangeren har den russiskortodokse maktkyrkja gått inn i for fullt. Patriark Kirill godkjenner, ifølgje Lutsjenko, krigsbrotsverk ved å hevde at dei blir utførte både i god tru og i Guds namn.
I ei preike patriarken heldt i september 2022, forkynte han at den som døyr i krigen mot Ukraina, ofrar seg sjølv for andre og at eit slikt offer vaskar vekk alle tidlegare synder.» Dette, seier Lutsjenko, er i strid med kristen lære og kan best samanliknast med islamsk martyrideologi.
Paradar medan bombene fall
I april vart Lutsjenko dømd til åtte års fengsel, in absentia, for å ha brote lova om «medvite å ha spreidd falsk informasjon om hæren».
Straffesaka vart reist i 2025 etter at Lutsjenko 8. juli 2024 skreiv om eit russisk åtak mot barnesjukehuset i Kyiv. På «Ortodoksi og zombiar» gjorde ho eit talande poeng av at barnesjukehuset vart råka på ein dag som president Putin i 2022 hadde erklært som årleg «dag for tradisjonelle familieverdiar, for familie, kjærleik og truskap».
På denne dagen i 2024 var det «familieparadar» i mange russiske byar, og bispedøma i kyrkja var med. Lutsjenko skreiv om festliturgi, salmesong og utdeling av medaljar til store familiar, «medan bomber fell over ukrainske barn». Dette er, noterte Lutsjenko, «verdiane til det heilage Rus».
Like før påske i år vart Lutsjenko i ein domstol i Moskva kjent skuldig i «offentleg å ha medvite spreidd falsk informasjon» om dei russiske styrkane. Ho skal, ifølgje dommen, ha gjort dette av «politiske, ideologiske, rasemessige, nasjonale eller religiøse hat- eller fiendskapsgrunnar …». Ho fekk også fire års forbod mot all digital publisering.
I eit intervju eg har gjort med henne på Telegram, forklarar Lutsjenko: «Formelt sett bygde saka på eitt einaste innlegg på Telegram. Men det russiske etterforskingssystemet og dei russiske domstolane vil få meg til å teia, dei vil knusa meg. Dei brukte dette innlegget berre som eit påskot – den verkelege grunnen er arbeidet mitt og posisjonen min.»
Etterlyst internasjonalt
Lutsjenko reiste frå Russland i 2022. Putin-regimet har etterlyst henne internasjonalt. Ho risikerer arrestasjon og utlevering dersom ho reiser til land med utleveringsavtalar med Russland. Putins justisdepartement har sett henne på lista over «utanlandske agentar». I oktober vart Lutsjenko sett på lista over «terroristar og ekstremistar» av den russiske finansovervakinga.
Lutsjenko og mange andre russarar lever farleg utanfor Russland:
«Vi blir overvaka av agentar frå dei russiske tryggingstenestene: Dei møter opp på dei offentlege arrangementa våre, følgjer med på sosiale medium og samlar informasjon om privatlivet vårt, om kvar vi bevegar oss og om opphaldsstadene våre. Vi blir òg nekta grunnleggjande konsulære tenester. Passa våre blir ikkje fornya, og utan gyldig pass blir det svært vanskeleg å få eller forlengja opphaldsløyve i utlandet. Reiser utanfor Den europeiske unionen er ofte utrygge, sidan mange land kan pågripa oss og utlevera oss til Russland – og det har alt skjedd med nokre.»
Minst 12 andre russiske borgarar er også strafferettsleg dømde for krigskritikk på religiøst grunnlag. Langt fleire er administrativt bøtelagde.
Angrar ingenting
Lutsjenko har, fortel ho, ingen planar om å stengja «Ortodoksi og zombiar» eller å slutta med rapportering og analysar: «Eg vedgår ikkje skuld, eg har aldri spreidd falsk informasjon, eg tek ikkje tilbake eitt einaste ord eg har sagt». Frå eksil publiserer Lutsjenko i respekterte uavhengige russiske medium, som Meduza, og hos tankesmier som Carnegie Center.
Lutsjenko avviser at ho er ein helt.
«For det første er det hundrevis av oss – eg har vener og kollegaer i eksil. Og så har vi dei som er arresterte og dømde i Russland etter dei same paragrafane i straffelova. Men dei sit i straffekoloniar, medan eg drikk kaffi i Berlin. Dei er dei verkelege heltane og martyrane.»
Publisert:
Publisert: 1. juli 2026 19:38

2 hours ago
2


English (US)