Sist onsdag vedtok fleirtalet i bystyret i Kristiansand å overlate deler av heimesjukepleia til kommersielle aktørar, truleg internasjonale konsern.
Kommersialiseringa er lansert under mottoet fritt brukarval. Men kor fritt er dette valet? Det kan vere grunn til å sjå litt på vedtaket.
I eit av punkta i fleirtalsvedtaket står det: «... For å oppnå dette volumet (10 prosent) skal kommunen, ved tildeling av tjenester til nye brukere som ikke uttrykkelig ønsker kommunal tjeneste, prioritere områder der private leverandører er tilgjengelige.»
Åpner for private aktører: – Livet blir snudd på hodet
Her må altså brukarar i ein vanskeleg livssituasjon hugse på å utrykkeleg be om kommunale tenester dersom dei ikkje ønskjer tenester frå ein kommersiell aktør. Eg har sjølv vore i ein slik situasjon og veit at val av leverandør ikkje er det første ein tenkjer på når helsa til ein sjølv eller dei nærmaste sviktar. Det er også uklart om det er lovheimel for ei slik forskjellsbehandling av kommunale og kommersielle tenester.
Dersom denne ordninga blir gjennomført, kan det knapt kallast fritt brukarval. Her er det tydeleg at fleirtalskonstellasjonen er meir opptatt av å sikre økonomien til dei kommersielle selskapa enn av å tenkje på brukarane i ein vanskeleg livssituasjon. Dei kan heller ikkje ha stor tru på behovet for ordninga når dei må gjere slike prokuratorknep for å få nok brukarar til dei kommersielle aktørane.
Det blir stadig tydlegare at denne kommersialiseringa skal pressast igjennom utan omsyn til brukarane, faglege råd, auka kostnader og organisatoriske utfordringar.