Denne «pipa» kan redde liv

2 hours ago 1



Alarmen går hos brannvesenet på Dokka i Nordre Land.

Ein tømmerhoggar har fått eit tre over seg.

Visebrannsjef Trond Øyhus er først framme på staden.

Han blir møtt av ein mann som skrik av smerte.

Som så ofte før er det brannfolka som kjem først fram til ulykka.

– Før hadde vi ingen moglegheit i det heile tatt til å gje smertelindring når pasienten hadde store smerter, fortel Øyhus.

Han seier at det gjorde ting vanskeleg når dei skulle frigjere pasientar for livreddande førstehjelp.

varabrannsjef, Nordre Land

– Det er fortvilande å ikkje kunne hjelpe ein pasient som har store smerter.

Trond Øyhus

varabrannsjef

No har dei altså fått ei pipe som gjer dette arbeidet enklare.

Ny forsking: Like effektivt som morfin

Stoffet i pipa heiter metoksyfluran.

Det har lenge blitt brukt til å bedøve pasientar i andre delar av verda, men er ganske nytt i Noreg og Europa.

I 2021 starta forskarar frå Oslo Universitetssykehus og Sykehuset i Innlandet eit forskingsprosjekt som mellom anna skulle sjå på kor effektiv dette legemiddelet er.

Resultatet er no klart.

Det viser at metoksyfluran med ei pipe er like god som intravenøs morfin når det gjeld behandling av akutt, moderat til alvorleg smerte i tidleg fase.

Resultatet er såpass oppsiktsvekkjande at forskingsartikkelen er blitt publisert i det prestisjetunge legetidsskriftet The Lancet.

– Dette vil bidra til ein betre totalberedskap, seier Lars Olav Fjose.

Han er ein av forskarane bak studien.

Etter en ulykke i skogen bistår redningsmannskap helsepersonell. I bakgrunnen ses en skadd person som ligger på bakken. To brannmenn er i ferd med å forberede livreddende tiltak. Området er snødekket med trær i nærheten, noe som gir kontekst til hendelsen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Lars Olav Fjose er spesialist i anestesi, og jobbar som overlege både i luftambulansen og akuttmedisinsk avdeling ved Sykehuset Innlandet. Han har også erfaring som lege på internasjonale oppdrag for Leger Uten Grenser.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Lars Olav Fjose er spesialist i anestesi, og jobbar som overlege både i luftambulansen og akuttmedisinsk avdeling ved Sykehuset Innlandet. Han har også erfaring som lege på internasjonale oppdrag for Leger Uten Grenser.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Fjose forklarer at tradisjonell behandling med morfin blir gitt intravenøst, med ei kanyle i ei blodåre. Det må ein ha medisinsk utdanning for å kunne gjere.

Det kan også vere vanskeleg å få til på ein komplisert skadestad.

Pipa med metoksyfkluran er mykje enklare i bruk, og både brannmenn og anna redningspersonell utan medisinsk kompetanse, kan i teorien gje denne til pasientar utan risiko.

– Pipa fungerer fort, den er effektiv og den er trygg. Så vi har god forskingsbasert kunnskap som viser at dette medikamentet kan brukast meir enn det som har blitt gjort til no, seier han.

Tidleg smertelindring kan redde liv

Tidleg smertelindring er svært viktig for å kunne gje god behandling så tidleg som mogleg, forklarer Fjose.

– Ein kan starte tidlegare evakuering, stanse blødingar og behandle brotskadar mykje raskare og mykje betre dersom ein har smertelindra pasienten.

Han legg til at all erfaring seier at rask smertelindring gir betre resultat for pasienten.

– I ytste konsekvens kan dette bidra til å redde liv, seier han.

Brannvesenet kjem ofte først

Utanfor dei store byane er det ofte brannvesenet som kjem først til ei ulykke.

Tal frå DSB viser at brannvesenet i perioden 2017 - 2022 var først på over halvparten av alle hendingar der dei rykte ut samtidig med politi og ambulanse.

I 2024 rapporterte brannvesenet at dei utførte livreddande førstehjelp i 506 hendingar før ambulansen tok over.

Som dei første i landet har brannvesenet i Nordre Land fått opplæring i bruk av pipa. Nyleg vart den for første gong tatt i bruk på ein pasient i ei bilulykke.

– Det blir enklare og mykje betre for pasienten når vi har moglegheit til å frigjere og få pasienten raskare til behandling, seier brannsjef Tore Halden i Nordre Land kommune.

To personer står i snøen og snakker sammen. Den ene personen har på seg en rød jakke og en lue med fargerike striper, mens den andre har en svart jakke og en gul vest. Omgivelsene er vinterlige, med snø og trær i bakgrunnen. Bildet ser ut til å være tatt utenfor i et kaldt klima. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tore Halden er brannsjef på Dokka.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Tore Halden er brannsjef på Dokka.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Han er glad for at dei no har fått denne moglegheiten.

– Her i distriktet ser vi jo ambulansen ofte er opptatt på anna hald. Så vi kjem ofte først fram, og dette gjer at vi kan få betre pasientbehandling, seier han.

Varabrannsjef Øyhus legg til:

– Vi føler vi kan bidra mykje meir til å hjelpe pasienten på ein trygg måte no, seier han.

Håpet er at alle brannvesen i distrikta etter kvart kan ta dette i bruk, fortel Lars Olav Fjose.

– Det er viktig, ikkje minst for pasientane, legg han til.

– God smertelindring ser pasientane på som god kvalitet i behandlinga. Og det kan brannvesenet på Dokka bidra med i dag.

Publisert 11.02.2026, kl. 06.03

Read Entire Article