Derfor strøymer turistane til Noreg

13 hours ago 3



I sommar har det vore hetebølge i fleire europeiske land.

Dei siste åra har stadig fleire utanlandske turistar ønska å kome seg vekk frå høge temperaturar om sommaren. 

Det er godt nytt for norsk reiseliv.

– Kjem ikkje for ein solferie

– Akkurat no er vêret heilt nydeleg! Det er ikkje for varmt og so lenge det ikkje regnar, so er eg veldig nøgd. 

Det seier kommunikasjonsansvarleg i Visit Bergen, Linn Kjos Falkenberg. 

Det høyrast kanskje litt rart ut at ei som jobbar med reiseliv er nøgd med litt overskya vêr og relativt lite sol?

Men det er ein grunn for det. 

Dei siste åra har fleire og fleire turistar flykta frå strendene i Spania og rivieraen i Frankrike, for å heller kome til Noreg.

Omgrepet «coolcation» vart for alvor introdusert for nokre år sidan. 

– Folk som kjem frå varme område, og har sol og sommar meir eller mindre heile året, vil gjerne oppleve noko anna, seier Falkenberg. 

– Vi merkar coolcation godt med at spesielt amerikanarar og canadiarar seier dei vil finne andre reisemål enn sørover i Europa, der dei tidlegare har feriert når dei har vore i Europa. Årsaka er at det er blitt for varmt rundt Middelhavet og i Frankrike. 

 Nora Abrahamsen Jensen / TV 2
GRUNN TIL Å SMILE: Stadig fleire vil ha ein kjøligare sommarferie. Det sørger for gode tider for norske reiseliv. Foto: Nora Abrahamsen Jensen / TV 2

Likevel so skremmer ikkje mangelen på piña colada i solsteika oss nordmenn vekk frå å legge ferien til vårt eige land. 

Majoriteten av nordmenn tek også gjerne ein kjøligare ferie i år.

Tal syner at 7 av 10 nordmenn vil i år feriere innanfor eigne landegrenser. 

Det merkar ein også i vestlandshovudstaden. 

– Dei aller fleste turistane er nordmenn. Men det er ein stor andel med amerikanarar, tyskarar og britar i rekka etter nordmenn. Utanlandske turistar har stort sett bestilt på førehand. Dei kjem når dei kjem og har gjerne lese seg opp på kva vêr dei kan forvente i Bergen. Dei kjem ikkje hit for ein solferie, seier Falkenberg. 

Fleire vil nordover

På Fløyen i Bergen er turistane samde med Falkenberg. 

Dei har kome til Noreg for å sleppe unna hetebølge og skyhøge temperaturar.

Ein av dei er Ingrid Swendsen Sanford frå Sveits. Ho reiste til Bergen saman med 11 andre familiemedlemmer. 

 Nora Abrahamsen Jensen / TV 2
TRONGT OM PLASSANE: Det vert ganske fullt på Fløyen gjennom sommaren av utanlandske turistar. Foto: Nora Abrahamsen Jensen / TV 2

Det vart ein skikkeleg suksess.

– Eg elskar vêret her i Bergen! Eg kjem frå Basel i Sveits. Der er det 36 grader i dag. Det er altfor varmt, seier Sanford. 

Men ho merka seg ein forskjell i korleis nordmenn og europearar opplev soldagar og varme.

– Vi var i Oslo før vi kom til Bergen. Der var det cirka 25 grader i sola, det er varmt. Men absolutt alle var ute, sola seg og prøvde å få mest mogleg sol. Vi tenkte med oss sjølve: «kvifor har dykk so ekstremt lyst å vere so mykje ute i sola?».

– Eg trur det handlar mykje om eit ulikt tankesett. Nesten alle eg kjenner legg sine feriar vekk frå høge temperaturar og vil heller reise nordover, seier den sveitsiske turisten. 

Og ho er ikkje den einaste som vil ha det kjøligare på sommaren. 

– Eg tykkjer det er ganske kaldt samanlikna med Tyskland, men det er deilig. Heime i Tyskland er det rundt 40 grader no. Det er altfor varmt, seier Richard Berkmann. 

– Saknar ikkje varmen

Han kom til Bergen på eit av dei mange cruiseskipa som har anløp i byen. 

For Berkmann sin del trivast han best med eit lågare teikn på gradestokken.

– Eg likar vinteren betre enn sommaren. Det er årsaka til at vi la sommarferien til Noreg.  Eg håper dei neste dagane vert som i dag. Eg saknar verkeleg ikkje varmen heime, seier Berkmann.

 Nora Abrahamsen Jensen / TV 2
GODT BUDD: Det kan nok lønne seg for turistar å sjekke vêrmeldinga både to og tre gonger før dei pakker kofferten. Foto: Nora Abrahamsen Jensen / TV 2

Også Harry Pentreath frå Leeds er glad for at vêret i Noreg ikkje er på sitt varmaste. 

Men at det var mange som gjorde som han og tok ein «coolcation», det var han ikkje klar over. 

– Vi reiser kvart år til ein litt kaldare stad på sommaren. Eg visste faktisk ikkje at «coolcation» var ei greie, men det er jo akkurat det vi gjere, ler han. 

Kulda held fram

Det ser også ut til at turistane får den sommaren dei ønskjer. 

Vêrmeldingane for den komande tida er ikkje veldig gledeleg lesing for nordmenn som ønskjer sol og varme. 

– Dei to neste vekene no so ser det ut til at det vil halde fram med fleire lågtrykk, seier meteorolog i StormGeo, Ingrid Lundhaug. 

Ho forklarer årsaka til dei ekstreme temperaturane rundt om på kontinentet med ein sommar prega av høgtrykk. 

 Nora Abrahamsen Jensen / TV 2
NOKRE BLIR NØGDE, MEN …: Det er nok turistane som har størst grunn for å juble for det komande vêret i Noreg. Foto: Nora Abrahamsen Jensen / TV 2

Når høgtrykket slår inn over Europa, vert lågtrykket dytta nordover mot Skandinavia. 

– Det er rundt 40 grader i indre strøk av Spania og Portugal no. Det vil byrje å bevege seg mot Frankrike og temperaturane der vil kome på rundt same nivå. Etter det går varmlufta mot Balkan. Det vil bli varmt mange stader neste veke.

Og til nordmenn som ikkje ønskjer ein «coolcation» i eige land, so har ho nokre råd.

– Eg ville forsøkt å kome meg ut mot kysten. Der er ikkje temperaturane like høge og ein kan framleis nyte sola. 

Read Entire Article