«Designbransjens Oscar» til Hydro

3 weeks ago 23



Dette er svært gledeleg, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Onsdag kveld drog hjørnesteinsbedrifta i kommunen heim frå Milan Design Week med den mest prestisjefylte prisen i kofferten.

Til grunn for «designbransjens Oscar» ligg den første industriskala-aluminiumen i verda som er laga av 100 prosent resirkulert skrap, og den første utstillinga som selskapet har retta mot møbel- og designindustrien.

Det «grøne» aluminiumen har også vekt oppsikt i bilindustrien, og i fjor sommar hadde klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen med seg 83 millionar kroner for å bidra til å realisere planane om å lage «den reinaste aluminiumen i verda».

Her må eg berre bøye meg i støvet og seie gratulerer, seier statsråden til NRK.

Han legg til:

Skal vi nå klimamåla, må vi bruke ressursane smartare. Og difor betyr det mykje når Hydro viser kva som er mogleg å få til med grøn aluminium.

Lars Beller Fjetland (Designer og Art Director), Nicolay Schweigaard (Hydro), Marijn Rietveld (Hydro), Erika Ahlqvist (Hydro), Herman Kristoffer Skjølsvik (Hydro), ukjent person fra Elle Decoration, og Asle Forsbak (Hydro).

Frå prisutdelinga onsdag kveld: Lars Beller Fjetland, Nicolay Schweigaard, Marijn Rietveld, Erika Ahlqvist, Herman Kristoffer Skjølsvik og Asle Forsbak.

Foto: NRK

– Gjæv tru på at aluminiumproduksjonen vil fortsette

Lengre inn i Sognefjorden er Torleif Sand leiar i Årdal Kjemiske Fagforening.

Til liks med andre tradisjonelle industristader i Vestland, er aluminiumsverket i Årdal det eksistensielle navet som heile lokalsamfunnet krinsar rundt.

Dette gjæv oss tru på at aluminiumproduksjonen i Noreg vil fortsette å utviklast i nye 120 år, seier Sand.

Regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer, karakteriserer den nye og patenterte lågkarbon-løysinga som «ein milepæl for auka konkurransekraft og det grøne skiftet i norsk industri.»

Dette er store nyheiter og vel fortent anerkjenning. Å lukkast med sirkulære løysingar er avgjerande for å kutte utslepp, seier ho.

  • Odda

    På byrjinga av 1900-talet vart det etablert eit knippe industrisamfunn som vart pilegrimsmål for kraftsosialistar verda over: Årdal, Rjukan, Ålvik, Glomfjord, Sauda og Tyssedal. For å nemne nokre av dei.

  • Høyanger kommune

    Høyanger

  • Odda

    Odda

  • Årdal

    Årdal

Hydro har hamna på kartet i designbransjen

Utstillinga av dei nye aluminiumprodukta (sjå under) har også fått internasjonal merksemd i The New York Times og Wall Street Journal.

Prosjektleiar Lars Beller Fjetland meiner Hydro får att for si «uredde og framtidsretta tilnærming til berekraft».

Det er ingen tvil om at Hydro for alvor har hamna på kartet i designbransjen, seier han.

Sjå fleire reaksjonar på prisutdelinga under.

Marknadssjef i Hydro Extrusions, Asle Forsbak, gler seg over mottakinga av det nye produktet.

Dette er ein del av arbeidet vårt med å auke kjennskapen til aluminium blant industrielle designarar og arkitektar i alle bransjar, frå bil og bygg til maskiner og møblar, seier han.

Ved å bruke resirkulert aluminium kan vi lage produkt med eit veldig lågt fotavtrykk.

  • en person i rød frakk

    Javad Parsa / NTB

    Tina Stiegler, divisjonsdirektør for samfunns- og næringsutvikling i Innovasjon Norge

    Dette er veldig spennande! Milan Design Week er eit av dei viktigaste designevenementa i verda og ei internasjonal scene. Ei anerkjenning her gir verdifull, global synlegheit. Innovasjon Noreg har samarbeidd med Hydro i fleire prosjekt, og denne anerkjenninga viser korleis industriell innovasjon basert på sirkulære løysingar kan styrke norsk møbelindustri og opne nye internasjonale moglegheiter.

  • Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

    Simon Elias Bogen / NRK

    Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister

    Her må eg berre bøye meg i støvet og seie gratulerer. Hydro er ein stor og viktig aktør i norsk næringsliv, og det betyr mykje når dei viser kva som er mogleg å få til med grøn aluminium. Skal vi nå klimamåla, må vi bruke ressursane smartare. Sirkulære løysingar er framtida. Derfor har regjeringa støtta arbeidet med å gjere alumiumproduksjon fri for utslepp av Co2.

  • en person som sitter ved et bord

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Harald Solberg, direktør i Norsk Industri

    Vi vil gratulere Hydro med denne flotte utmerkinga. Å bruke resirkulert aluminium på denne måten er veldig spennande, og det er veldig gøy at store norske industribedrifter kan få merksemd inn i designbransjen med eit veldig berekraftig materiale. Det viser også at norsk industri kan skape moglegheiter på tvers av bransjar, og samtidig vise at vi tar klimaomsyn.

  • ein mann iført gul jakke og hatt

    Oddmund Haugen

    Terje Ljotebø, leiar i Høyanger kjemiske industriarbeidarforeining

    Dette er god reklame og ein anerkjenning av aluminium som framtidas metall. Hydro som produsent av lågkarbon-aluminium og føretrekt leverandør til oppfinnsame designløysingar, er ein absolutt fordel for resirkuleringssentera i både Høyanger og Årdal, og viser at strategien som er vald er den rette.

  • ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger

    Hallgeir Vågenes / Hallgeir Vagenes (VG)

    Petter Sortland, ordførar i Høyanger

    Hydro opererer i VM kvar dag, dei er ei global verksemd som vi vertsordførarane er stolte over. Eg har også store forventningar til Hydros satsing på hydrogen som erstatning for LNG som kjelde til å varme opp omnane i resirkulerings anlegget i Høyanger. Lukkast Hydro med dette forsøket vil dei gjere eit stort steg vidare ned mot null utslepp.

  • Helene Frihammer

    NRK

    Helene Frihammer, NHO Vestland

    Vi veit at Hydros grøne aluminium har vekt oppsikt i bilindustrien, og at dei no også vinn EDIDA-awards innan møbel- og designprodukt er stort.

  • Asle Forsbak

    NRK

    Asle Forsbak, marknadssjef i Hydro Extrusions og prosjektleiar

    Det er flott å sjå at bransjen verdset dette forsøk på å vise aluminium frå ei ny side, til eit nytt publikum. Saman med Lars Beller Fjetland og dei sju designarane fekk vi sett Hydro og resirkulert aluminium på dagsordenen i designbransjen i heile verda.

  • ein mann med hatt og briller

    Einar Aslaksen / NRK

    Lars Beller Fjetland, prosjektleiar for «100R»

    Til grunn for utmerkinga ligg Hydros innovative bruk av design i kommunikasjonen rundt berekraftig aluminium. Sju internasjonalt anerkjente designarar fekk fritt spelerom til å utforske materialet.

Publisert 10.04.2025, kl. 06.00

Read Entire Article