Det starta med at ein person oppdaga ein «litt rar flugesnappar» på Skjold i Øygarden, og la ut bilde av den på sosiale medium.
Det fekk Frode Falkenberg, rådgjevar i den ideelle foreininga Birdlife, med seg.
Då han konkluderte med at det var ein sjeldan halsbandflugesnappar var det berre ein ting å gjere.
– Ja, det utløyste reiselysta til lokale fuglekikkarar.
Kor mange var det som dukka opp der ute?
– Eg hadde ikkje teljinga. Eg var så opptatt av å sjå etter fuglen.
Men han estimerer at dei var om lag 25 personar der på pinseaftan laurdag.
Fuglen er ein sjeldan gjest i Noreg, og høyrer eigentleg heime i sørlegare strøk. Men denne har nok berre flydd litt for langt, trur Falkenberg.
– Har floge litt for langt
Ein halsbandflugesnappar er om lag 13 cm stor og skil seg ut med at hannfuglen har eit kvitt «halsband» på kroppen.
Det er slik Store norske leksikon skildrar fuglen.
Falkenberg kjenner seg trygg på at det er den arten som har forvilla seg nordover.
Eigentleg høyrer den heime i Mellom-Europa og det søraustlege Europa heilt opp til Gotland i Sverige.
– Men om våren er det nokre fuglar som trekker litt for langt. Og det har nok skjedd med denne, seier Falkenberg.
Han trur den har overvintra i Afrika og blitt litt ivrig då han skulle reise heimover til Europa.
Falkenberg og fleire av dei andre fugleentusiastane fekk sikra seg bilde av turisten. Men dei er ikkje nødvendigvis nøgde av den grunn.
Ryktet spreier seg – køyrer langvegs frå
Ein annan fuglevenn som fekk med seg sjeldanheita var Anders Heien.
Han sette seg sporenstreks i bilen og køyrde 40 minutt frå Fyllingsdalen då han fekk nyss om fjørkreet.
– Det gir eit lite sann, ikkje adrenalinkick akkurat, men eit lite ja, kick. Det var gøy, seier han om synet.
Det har vore fugleentusiastar på terrassen sidan klokka sju sundag morgon.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKHeian synest fuglane er spanande skapningar med imponerande åtferd. Og det er han ikkje aleine om.
Dagen derpå har ryktet spreia seg.
– Det er framleis folk på plassen der og fuglen er observert i dag også. Så det er ein del bilar i oppkøyringa til den heldige dama som har fuglen i hagen, seier Falkenberg sundag.
NRK får opplyst av bebuarane at det er folk som har køyrd frå Kongsvinger og Stavanger for å ta ein titt på halsbandflugesnapparen.
Frode Falkenberg har sett fuglearten i utlandet før, men det er første gong han får observere den på heimebane.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKMen kor lenge dei får observere herlegdommen. Det er uvisst.
– Den kan vere vekke om ti minutt eller om ti dagar. Men det er ein fugl som ikkje kjem frå Noreg og ikkje har noko make her. Så sannsynet for at den blir veldig lenge er nok ganske lita.
Publisert 24.05.2026, kl. 22.15










English (US)