KOMMENTAR: Foreldra til Emely, som tok sitt eige liv i 2023, 12 år gammal, har gått til sak mot Sola kommune. Dei meiner alvorleg mobbing over fleire år gjorde jenta deira psykisk sjuk. Skulen, på si side, såg aldri det dei vil kalla mobbing.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
«Som pappa har eg tapt uansett», sa Bengt Frantzen i Sør-Rogaland tingrett sist veke. Han og mor, Monica Frantzen, har mista yngstejenta si, Emely.
Dei meiner Sola kommune har svikta. At skulen ikkje trudde på Emely når ho fortalde om mobbing. At tiltaka skulen sette inn for at Emely skulle ha eit trygt og godt skulemiljø, ikkje verka. At skulen etter kvart meinte det var Emely som måtte forandra seg.
«Mamma, eg er usynleg», fortel mor at ho sa, ein morgon dei stod på badet.
Makt og avmakt
Når eit barn slit sånn i skuledagen at mor og far må varsla skulen om det, er skulen si definisjonsmakt enorm. Alltid. Korleis skulen møter det, kva som blir gjort og følgt opp, og måten det blir følgt opp på, har alt å seia for den familien det gjeld.
I saka om Emely er det den gamle paragraf 9A i opplæringslova som gjeld. Skulen har aktivitetsplikt, og den gjeld så lenge eleven ikkje har det trygt og godt. Skulen kan likevel ha gjort det som er rimeleg å forventa, sjølv om ikkje resultatet er slik ein kunne ønska seg det. Tiltaka kan vera gode nok, og fagleg godt forankra, sjølv om tiltaka er annleis enn det foreldre ber om.
Alvoret
Emely hadde språkvanskar. Alt i barnehagen vakte det bekymring. Først på hausten i 2019, i fjerde klasse, fekk ho diagnosen «impressive språkvanskarimpressive språkvanskarImpressive språkvansker innebærer en svikt i språkforståelsen, det vil si at barnets hovedproblem er å få mening ut av det som blir sagt. Språkforståelsen er grunnlaget for all språklig aktivitet (Bishop 1995). Språkforståelsen må være betydelig under det vi kan forvente ut fra evnenivå målt med ikke-verbale IQ-tester. Dette er en meget alvorlig diagnose som ofte kan føre til sosioemosjonelle (psykiske) vansker og vedvarende språkproblemer. (Elevsiden.no)».
I retten understrekar fastlegen eit stort alvor i den diagnosen. Desse barna er maktlause, seier han. Dei manglar eit kommunikasjonsinstrument og eit beskyttelsesinstrument. Dei er gjerne offer for mobbing, og har lite forsvarsmekanismar for å handtera dette sjølv. Dei har ingen sjanse. Ofte er problematikken så komplisert å handtera at ein vanleg skule heller ikkje har sjanse. Traumatisering følger ofte, og fastlegens tolking er at Emely på grunn av den diagnosen var sårbar for mobbing.
Professor i spesialpedagogikk, Marie-Lisbeth Amundsen, går i retten til frontalangrep på skule og kommune. Ho har lese sakspapira, og er opprørt over at tiltaka frå skulen stadig går på å styrka Emely sosialt. Ho meiner det er som å be eit barn i rullestol om å begynna å gå. Amundsen meiner bestemt at Emely skulle hatt ein spesialpedagog med seg frå første skuledag. «Vi veit at desse barna er spesielt utsett for mobbing. Og at dei kan utvikla depresjon, spiseforstyrringar, sjølvskading og sjølvmordstankar.»
I papira les ho seg til at skulen seier ting går bra, mens rapportar frå BupBupBarne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, PPT og ergoterapi seier at ho utviklar alvorlege psykiske problem på grunn av mobbeproblematikken.
Tett på
Men skulen finn ikkje at Emely blir mobba. Dei finn enkeltepisodar, dei ser at Emely ikkje har det trygt og godt, særleg ikkje i friminutta. Dei prøver å gjera overgangane lettare, dei er bevisste på kven som sit med kven, i klasserom og i garderobe, korleis dei flyttar seg frå ein stad til ein annan, at det alltid er nok vaksne ute, tett nok på til å sjå kva som skjer. «Eg har aldri vore så tett på nokon elev, som eg har vore på Emely,» seier inspektøren på skulen.
Dei ser at Emely slit sosialt, at ho kan misforstå sosiale kodar, at ho helst vil vera med ein og ein, at det ikkje alltid er så lett for dei andre barna. Det er rundt 20 elevar i klassa, 350 elevar på skulen. Fleire har sine eigne utfordringar, alle er barn. Og alle barn har rett til å bli høyrde. «Vi kan ikkje skulda barn for å mobba, når vi ikkje har grunnlag for å seia at det skjer», blir det sagt frå skulen.
Foreldra ser Emely bli sjukare og sjukare, dei er heilt sikre på at det er mobbinga som er årsaka til det. Skulen er også bekymra for henne, dei ber foreldra kontakta fastlegen.
Emely er depressiv, ho driv med sjølvskading, også på skulen, ho har teikn på spiseforstyrring, ho har eit sjølvmordsforsøk bak seg. Ho har utvikla PTSD, ho har traume. Ho ser for seg dei som plaga henne, som om det er verkeleg. Sjølv etter at ho har bytta skule.
I januar 2023 prøver Emely igjen å ta sitt eige liv. Ho døyr av det forsøket, 12 år gammal.
Påstandane
I retten blir det frå foreldra si side lagt ned påstand om at Sola kommune har ansvar. For Emelys utrygge skulemiljø, der dei meiner ho blei utsett for mobbing i form av stygge kommentarar, vald, utfrysing og sjølvmordsoppfordringar i heile grunnskulen. Viss dei hendingane hadde blitt forhindra, ville ikkje Emely blitt alvorleg psykisk sjuk og tatt sitt eige liv. Det er ein årsakssamanheng her, meiner dei, og dermed er Sola kommune erstatningspliktige.
Frå Sola kommune si side blir det lagt ned påstand om frifinning av kommunen. Dei meiner den meir sannsynlege årsaka til at Emely tok livet sitt, ligg i at språkvanskane og dei sosiale utfordringane hennar gjorde det vanskeleg for henne å fungera i grupper, at ho mistolka vaksne og medelevar, og at dette over tid førte til traume og opplevd avvising.
Dei meiner skulen ikkje var i posisjon til å hindra sjølvmordet.
Det er hjarteskjerande
Vi snakkar om fellesskulen. Vi har eit lovverk som seier at alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Her har ikkje det gått opp. Og uansett utfall av denne rettssaka, er det grunn til å ropa høgt på samfunnsnivå. Viss vi meiner alvor med at alle barn skal ha det trygt og godt på skulen, må vi også finna nok folk og ressursar til dei mest sårbare barna.
Emely var ekstra sårbar. «Makteslaus, med lite forsvarsmekanismar», seier fastlegen om barn med hennar diagnose. Som også var ein usynleg diagnose for dei andre barna. Det er tungt for eit barn. Det er for tungt.
Publisert:
Publisert: 21. mai 2026 11:22

1 week ago
4






English (US)