Det ergrar meg «inst inne i fjorden»

3 days ago 2



Eg fyller 75 år denne månaden. Det er trekvart sekel og det er ein lang del av livsvegen min. Ja, eg må vel kunne sei at eg nærmar meg enden på denne vegen.

Eg blir rett og slett «fly forbanna» når eg høyrer eldre bli omtala som ei brysom bølge og har fått navn som ein eller anna «tsunami» og heiter «Eldrebølga», skriver innsenderen. Foto: Shutterstock (illustrasjonsbilde)

Det er då ein får seg nokre stille øyeblikk for seg sjølv i godstolen og tenker på tida som har vore. Eg må med ei gong sei at eg er klar over at det er mange som har vist meg tålmod. Eg var nok ein «liten Emil» i pappas auger av og til i dei fyrste åra og «Smia» var ein ypperleg plass å ta tilhold når skjul trengtes meir framfor å stå auge til auge med ting som av og til blei oppdaga. Mor mi viste nok meir tålmod enn pappa, men då ho for fyrste gongen blei klar over at eg hadde smakt alkohol blei alle illusjonar om at det skulle gå meg vel i framtida broten.

Likevel så meiner eg at eg fekk ta farvel med dei begge på ein verdig måte og at alt mellom oss var avklara. Mor mi som blei nesten 100 år og pappa som bare runda dei 70. Det er akkurat dette som faktaopplysning som gjer at eg kjenner på det me kallar livsvegen. Tida me kan få kan bli varierande alt etter om ein har god helse eller blir råka av sjukdom.

Eg har derfor bestemt meg for å sei noko som kanskje ikkje fell i god jord hos politikarar eller «andre eksperter». Eg blir rett og slett «fly forbanna» når eg høyrer eldre bli omtala som ei brysom bølge og har fått navn som ein eller anna «tsunami» og heiter «Eldrebølga». Kva i himmelens navn tenker dei på? Det er tid for å ta bladet frå munnen.

Bedehuset har aldri vore min plass for ettertanke og forsoning, men eg fekk ei gong eit inntrykk av at dei fleste der ga uttrykk for at dei lika melkekake med sukat endå dei hata sukat. Eg mistenkar rett og slett politikarar for å legge seg på same nivå som bedehusgjengen. Eg trur dei vil at me skal akseptera at begrepet «eldrebølga» skal være som sukat i melkekaka og derfor berre halde kjeft. Det passar dei best at me berre aksepterer deira forståelse av fakta. Det ergrar meg «inst inne i fjorden».

Eg kan ikkje her og nå kome med eit forslag til kva som kan gjerast for betre å møte ei auke av eldre, men det må være lov å seie frå om kva ein forventar av politikarar når dei fyrst ynskjer seg slike posisjonar.

Eg skjønar rett og slett ikkje at målsettinga om å betre levekår for fleire og som igjen aukar levealder skal bli eit problem? Om så er så må det endrast på, men er det rett å nedprioritere den velværa som er at me kan bli fleire eldre og ha det godt?

Er det slik å forstå at målet om å vareta dei eldre skal reduserast i forhold til endå betre utvikling for dei som allereie har det godt? Er me rett og slett blitt så mange som tek så stor plass på dansegolvet at me puffar andre ned frå det? Har me mista verdien vår om å hjelpe dei som sit nederst ved bordet?

Read Entire Article