– Det kan vere like tørt som om sommaren

1 day ago 2



I Rogaland, Vestland og i kyststrøka i Møre og Romsdal og Trøndelag er det sendt ut eit gult farevarsel for skogbrann.

Meteorologane åtvarar mot at vegetasjonen lett kan ta fyr og at store område kan bli råka.

– Det er ikkje bålforbod no, men det er ikkje anbefalt å tenne bål i skog og mark når det er skogbrannfare. Spesielt ikkje i kystnære område der det er lite snø, eller mangel på snø, seier branningeniør Fredrik Steffenssen i Ålesund brannvesen.

Farevarselet gjeld for snøfrie område inntil det kjem nedbør av betydning.

Gult farevarsel for brann

Det er sendt ut eit gult farevarsel for gras- og lyngbrannfare for kyststrøka i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Grafikk: Meteorologisk institutt

– Like tørt som sommaren

Når det er farevarsel for skogbrann bør vi ikkje tenne bål ute, spesielt ikkje i kystnære område der det er lite snø. Eller ikkje snø i det hele tatt.

Det er det tørre og kalde vintervêret som fører til auka skogbrannfare.

– Det har vore lite snø og lite nedbør den siste tida, og då er det dessverre tørt i terrenget, seier Steffenssen.

Han seier at det derfor er ekstra mykje vissent gras og lauv, og at dette lett kan antenne.

– Det er faktisk akkurat like tørt nå som det kan vere om sommaren.

Fredrik Steffenssen

Fredrik Steffenssen i Ålesund brannvesen ber folk vere forsiktige ved bruk av eld no på vinteren.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Steffenssen trur enkelte antek at det er trygt å tenne bål på vinteren.

– I vårt område har nokre av dei største skogrannane vore om vinteren. Det har kanskje samanheng med at folk tenker det er tryggare og at det ikkje blir skogbrann om vinteren.

– Men det er veldig tørt. Og det må ganske tjukk snø til for at bålet ikkje skal brenne gjennom, legg han til.

– Gnistane kan spreie seg

Branningeniøren ber difor folk om å tenke seg om to gonger før dei fyrer opp eit bål for å grille pølser no på vinteren.

Spesielt i snøfattige område.

– Gnistane kan også spreie seg ganske langt, så det kan lett bli brann i område der det er tørt, seier Steffenssen.

 Grilling av pølse ute i skogen.

Skal du tenne bål og brenne pølser utandørs no, bør du tenke deg godt om, er anbefalinga frå brannvesenet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 28.01.2026, kl. 07.53

Read Entire Article