Filosofen Hans Skjervheim heldt eit foredrag i Det norske studentersamfunn i 1967 med «Det liberale dilemma» som tema.
Foredraget er seinare gjeve ut i bokform. Der tek han opp ein del problemstillingar som er stendig like aktuelle, og som melder seg innanfor ulike saksområde.
Vi hyller det liberale samfunn, med trusfridom, ytringsfridom, menneskerettar m.m. Men som vi skal sjå, løyner det seg ein avgjerande problematikk når desse prinsippa skal gjennomførast i praksis. Skjervheim formulerer ein påstand, og så trekkjer han opp nokre historiske liner som aktualiserer problemstillinga. Han seier fylgjande:
Når dei liberale prinsippa vert sette absolutt, forvandlar dei seg til absolutt illiberalitet.
Problemstillinga er ikkje ny. Skjervheim trekkjer lina tilbake til den franske revolusjon der likskap, brorskap, fridom, toleranse var sentrale slagord. Men det som starta så lovande med tanke på å endre ein undertrykkande stat, enda i eit skrekkvelde med flittig bruk av giljotinen. Han finn den same utviklinga innanfor kommunismen. Proletariatet skulle frigjerast frå dei borgarlege herrane og kapitalismen si undertrykking, men enda i eit terrorvelde under partidiktatur.
For å få grep på desse erfaringane, må vi skilje mellom formal liberalitet og substansiell liberalitet. Den formale liberaliteten lovar at alle skal få fylgje sine tankar og sin måte å leve på. Men når dette skal levast ut i eit samfunn, opplever ein at samfunnet har ein substans, eit innhald som ikkje aksepterer alt. Nokre meiningar, og ein viss levemåte har vorte «allemennseige», og toleransen for avvik blir snevra inn. I kommunismen vart revisjonisme, det vil seie å opne opp for intern kritikk, eit skjellsord, og ikkje tolt. Løysinga vart å undertrykkje all kritikk.
«Det liberale dilemma» blir aktualiseret i mange dagsaktuelle saker og problemstillingar, og dei autoritære trekka kjem lett til syne.
«Det liberale dilemma» blir aktualiseret i mange dagsaktuelle saker og problemstillingar, og dei autoritære trekka kjem lett til syne.
I budsjettforhandlingane før jul foreslo SV å sløyfe løyvinga til NLA-høgskolen. Argumentet var ikkje økonomisk, men ideologisk. Eit verdidokument for høgskolen seier at ekteskap mellom mann og kvinne er berande norm. Så er ein villig til å ta i bruk økonomiske verkemiddel få å kneble denne røysta i samfunnsdebatten slik at ein fritt skal kunne forme samfunnet etter sitt syn. Dette gjekk ikkje gjennom i budsjettforhandlingane, men illustrerer Skjervheim sin tese.
Vi kunne gå vidare til skolelaget ved Møvik skole, med bollenekt og store oppslag i Fvn, til diskusjonen kring temaet skolegudstenester som dukkar opp kvart år m.m. Og nett det siste vart sett serleg på dagsorden i Hamar som nekta alle skolegudstenester no før jul. Ynsket er at alle skal kunne vere med på skulen si juleavslutning, og at ingen skal skilje seg ut. I liberaliteten sitt namn har ein definert ut skolegudstenesta sjølv om ein veit at store foreldregruppe og skoleborn gjerne vil halde oppe tradisjonen. Då har liberaliteten vorte substansiell, den har fått eit definert innhald som ytrar seg som tvang mot dei som er usamde.
Den norske kyrkja unngår heller ikkje problemet. Dei autoritære tendensane er ikkje langt unna. Vi kan nemne to spørsmål som kjem opp frå tid til anna. Det eine gjeld synet på kvinnelege prestar og kravet om at ein ikkje kan fristillast frå samarbeid. Førre biskop i Oslo, Kari Veiteberg, gav uttrykk for at ho ikkje ville tilsetje den som reserverer seg. Det vil vel seie at kyrkja innfører stillingsnekt for personar som gjer krav på å få argumentere bibelsk for standpunktet. I liberaliteten sitt namn kan det ikkje tolast.
Så har vi fått eit nytt døme i arbeidet med ny vigselspraksis i kyrkja. På kyrkjemøtet i 2017 vart det gjort vedtak om å opne for vigsel av likekjønna. Alle har rett til slik vigsle, men den einskilde prest kan reservere seg, enn så lenge. For dilemmaet melder seg på nytt. Frå ulikt hald, heilt inn i bispekollegiet, er det røyster som talar for at kyrkja berre kan ha eitt syn, og då det liberale. Eit vidt samasett utval kom i 2006 med si innstilling med tittelen: «Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken».
Dokumentet går grundig inn på Bibelen sitt syn på homofilt samliv, og konkluderte med at Bibelen berre har eitt syn. Ekteskap mellom ein mann og ei kvinne er det som gjeld, og som ligg fast som ei skaparordning, og som ramme for eit barn sin oppvekst og utvikling. Det paradoksale er då at Bibelen berre har eitt syn, og kyrkja vil på sikt kunne nærme seg eit syn og ein praksis som set Bibelen sine tekstar til side. Så kan vi spørje om det då vil bli «lovleg» å lese dei avsnitta i Bibelen som går mot kyrkjesynet, og kva reaksjonar dei kan vente seg som ikkje deler kyrkja sitt syn. Vil det bli stillingsnekt i liberaliteten sitt namn?
For å vende tilbake til Hans Skjervheim sitt essay, så seier han: «Å stå for absolutt liberalitet i prinsippet er illiberalitet i praksis. Skal dette forholdet reflekterast teoretisk, er det berre mogeleg innanfor ein dialeketisk teori.»
Å arbeide dialektisk vil seie å tematisere motsetnader, og sameine dei i eit overordna synspunkt. Då må grunnleggjande tankearbeid og holdningsskapande arbeid gjerast.
Vi treng det eg vil kalle tverrstrukturar både i samfunn og kyrkje. Kryssande tankar som tek dialemmaet vi har skissert ovanfor på alvor, må møtast og utfordre kvarandre. Utan vil dei autoritære trekka dukke opp på nytt i ulike spørsmål og på ulike samfunnsområde. Det er viktig med ulike røyster som kan korrigere og utfordre. På toppen av både kyrkje og samfunn sit ikkje eit ufeilbarleg orakel som forpaktar sanninga. Der sit vanlege menneske med sine meiningar, fordomar og interesser. Og dei treng å utfordrast! Skjervheim sitt essay, «Det liberale dilemma» som set ord på viktige problemstillingar, er eit godt utgangpunkt.





English (US)