Det livsviktige organ-samarbeidet: – Enorm verdi

2 hours ago 3



I Noreg er det Rikshospitalet i Oslo som gjennomfører alle organtransplantasjonar.

Organa kan komme frå alle dei 29 donorsjukehusa i landet, i tillegg til utanlandske samarbeidsland gjennom ordninga Scandiatransplant.

– Dette samarbeidet har enorm verdi, og gjer at vi reddar fleire enn det vi elles ville gjort, seier informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.

– I fjor fekk vi fire lunger frå Sverige. Det redda fire kritisk sjuke pasientar, legg han til.

En mann i dressjakke og skjorte ser mot kamera.
Bak mannen er det en hekk med grønne blader og en busk med rosa blomster.
Mannen har gråsprengt hår og skjegg.
Han har et nøytralt ansiktsuttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Organ-samarbeidet har «kjempestor verdi», ifølge informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

Det omfattande samarbeidet er mellom dei største sjukehusa i:

  • Noreg
  • Sverige
  • Danmark
  • Finland
  • Island
  • Estland

– Dersom sjukehusa i Noreg har nokon organ som ikkje passar nokon av dei som står på venteliste her i landet, kontaktar dei Scandiatransplant og tilbyr organa til nokon andre som kan få nytte av dei, seier Sekowski.

Samarbeidet blei stifta i 1969, og reddar om lag 2000 menneskeliv kvart år.

Nysgjerrig på lungetransplantasjon? Les meir om det her:

Kronprinsessa med livstruande sjukdom

Fredag blei det kjent at kronprinsesse Mette-Marit er sett på venteliste for å få nye lunger.

Ho har lungesjukdommen lungefibrose, som no har utvikla seg til å bli livstruande.

Kronprinsessa var først open om sjukdommen i 2018. Det siste året har helsetilstanden forverra seg, og sidan april har ho vist seg offentleg med oksygentilførsel.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit ankommer Rikshospitalet, kronprinsessen bærer en oksygenmaskin i en ryggsekk

Dagen før nyheita om at kronprinsessa er på venteliste, blei ho sett på veg inn til Rikshospitalet saman med kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

– Kronprinsessa har det siste halve året hatt ei betydeleg forverring av sin lungefibrose. Vi ser på bileta at det i løpet av det siste året har oppstått mykje meir arrvev.

Det sa overlege Are Holm ved lungeavdelinga på Rikshospitalet på ein pressekonferanse.

– Og på lungefunksjonsundersøkingar ser vi at ho har falle betrakteleg berre dei siste tre månadane. Dette er farleg, seier han.

No er det ni personar på ventelista for lungetransplantasjon – inkludert kronprinsessa.

Ventelista er ikkje nummerert, det ettersom pasientar som ventar på nye lunger må vere ein match med dei tilgjengelege lungene.

Det er uvisst når ei lunge som vil passe til kronprinsessa blir ledig.

Dette er lungefibrose

  • Kva sjukdom har kronprinsessa?

    Kronprinsesse Mette-Marit har ein lungesjukdom som heiter lungefibrose.

    Ho fekk sjukdommen hausten 2018. Det siste året har sjukdommen til kronprinsessa forverra seg, og ho har sidan april vist seg på offisielle oppdrag med oksygentilførsel.   

    Lungefibrose er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar. Av dei som har sjukdommen får ein tredjedel til halvparten nye lunger.

    Sjukdommen gjer lungene stive på grunn av at det blir danna arrvev i lungene. Det gjer at det blir vanskeleg å få nok oksygen. Det er ingen kur for sjukdommen, og det er vanleg at pasientar blir verre over tid.

  • Korleis få nye lunger?

    For å få nye lunger må du vere sjuk nok til at du treng ein transplantasjon, men frisk nok til at du toler å gjennomføre operasjonen.

    I Noreg er det litt over 30 personar som får nye lunger kvart år. Krava for å komme på venteliste er strenge.

    Det er tre hovudkrav for å komme på venteliste:

    • Pasienten har ei venta leve­tid på maks eitt til to år utan nye lunger.
    • Det er over 80 prosent sannsynleg at pasienten lever minst fem år etter transplantasjonen.
    • Pasienten må vere yngre enn 65 år.

    15 til 20 prosent av dei som står på ventelista rekk ikkje å få nye lunger.

    Dei som ventar på nye lunger er avhengig av å vere ein match med givar. Det fordi lungene må ha rett storleik for brystkassa, blodtype som passar saman og lungene må vere friske og utan skadar.

  • Har kronprinsessa fortrinnsrett på nye lunger?

    Nei, kronprinsesse Mette-Marit blir ikkje prioritert framfor andre.

    Ho må vente på tur etter ein match på lik linje som alle dei andre som ventar på nye lunger.

    Det er eit team av hjarte- og lungekirurgar, lungelegar og transplantasjons­sjukepleiarar ved Rikshospitalet som bestemmer om ein person skal på ventelista.

    Ventelista er ikkje nummerert, ettersom givar og mottakar må vere ein match. Dersom fleire på lista er ein match til tilgjengelege lunger, vil den som er sjukast få lungene.

Organa som får nytt liv

Vegen frå eit tilgjengeleg organ til transplantasjon går raskt.

– Dersom vi er på eit donorsjukehus og ei intensivavdeling har ein døyande pasient der det ikkje er noko håp, vil donorpersonell kontakte Rikshospitalet som har ein transplantasjonskoordinator, forklarar Sekowski.

en murbygning med et skilt på

Alle som treng eit nytt organ blir sendt til Rikshospitalet i Oslo for operasjon.

Foto: Heiko Junge / NTB

Deretter vil koordinatoren sørge for at sjukehusa snakkar saman.

Vidare blir avdøde, dersom vedkommande er organdonor, undersøkt for å finne ut mest mogleg informasjon som Rikshospitalet treng.

Med riktig informasjon kan Rikshospitalet byrja arbeidet med å finne ein match.

Mann står ute og snakker. Mørk blazer og grått hår.

Sekowski forklarar korleis reisa til eit organ som blir tilgjengeleg for pasientar på venteliste.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

– Klaffar alt, seier ein «go». Då blir ein heldig pasient ringt frå Rikshospitalet og får beskjed om å innfinne seg snarast mogleg. Bur vedkommande eit stykke unna er det berre å hoppe på første fly, seier Sekowski.

– Tida går, og med lunger har ein rundt seks timar på seg, legg han til.

Dersom norske donorsjukehus har eit organ som ingen på venteliste er ein passande mottakar av, blir Scandiatransplant kontakta for å sjekke om dei har ein pasient som er eigna til organet.

Det er også mogleg å sende ut eit «nødrop» for kritisk sjuke pasientar som berre har veker igjen å leve.

Scandiatransplant kan då varsle medlemslanda i håp om at pasienten kan få livsnødvendig hjelp.

Dette er einaste gongen ein pasient som er på venteliste blir prioritert, og det skjer svært sjeldan, ifølge Sekowski.

May Solfrid Lunde fekk operert inn ei ny lunge for 20 år sidan. Les meir om hennar historie her:

Publisert 05.06.2026, kl. 18.30

Read Entire Article