Med musikk i kroppen, kan Parkinson-pasientar sette frå seg rullatoren og danse på høge hælar.
Vinteren 2021 er pianist Annabel Guaita i gang med innspeling av eit nytt album. Så merkar ho at ho ikkje får med seg fingrane på høgrehanda.
Den allsidige musikaren har også vore tangoinstruktør, leia debattar og halde konsertforedrag i ei årrekkje.
Men i periodar hadde ho vore svært svimmel og trøytt. Og ho merka at ho miste styrken i kroppen.
UTSLITEN: Før ho fekk diagnosen, forstod ikkje Annabel kvifor ho vart så inn til margen sliten. Fatigue er eit vanleg symptom ved Parkinson.
Foto: PrivatPå veg frå jobb ein ettermiddag, møtte ho ein kjenning frå tangoen. Han syntest Annabel såg så sliten ut, og at ho subba med beina når ho gjekk.
Ho meinte det måtte skuldast ein lang dag på undervisningsjobben.
FINMOTORIKK: For ein pianist er finmotorikken i hendene uunnverleg.
Foto: Therese G.Pisani / NRK– Som å skru på ei kran
Møtet med dansekollegaen fekk henne til å setje på tango på øyrepluggane då ho gjekk vidare.
Ho kunne aldri ha føresett verknaden:
– Det var som om nokon skrudde på ei kran inni meg, som gav tilførsel av energi, og livsglede. Som om noko sildra ned gjennom ryggrada og vekte til live min eigen rytmesans.
Med tango på øyret retta ho seg opp, gjekk med lengre steg, meir spenst og meir styrke. Symptoma var nesten borte.
Men berre for ei stund. For etterpå var alt som før.
Den treige høgrehanda vart dropen for Annabel. Hendene må fungere når ein er pianist.
– Eg gjekk til fastlegen og sa: Dette må du hjelpe meg med!
Fastlegen fann ikkje noko enkelt svar. Han tilrådde utgreiing på eit rehabiliteringssenter.
Dopaminmangel
Tida på rehabiliteringssenteret var både vond og god: Ho møtte dyktige behandlarar, men det dukka ikkje opp eintydige svar.
På slutten av opphaldet ville dei at ho skulle ta ei skanning, berre få avkrefta Parkinson – til det var jo Annabel altfor ung.
Men i januar 2024, kom brevet i posten, med resultatet av skanninga. Hjernecellene mangla dopamin, noko som tyder på ein grad av parkinsonisme.
Det er mange sjukdommar ein kan ha utan at det går ut over pianospelet, men Parkinson – ein nevrologisk sjukdom som går til angrep på motorikken – framstår som noko av det verste ein pianist kan få.
Med kunnskap om at ho no hadde ein utlaupsdato som pianist, gjekk Annabel inn i ein mørk fase. Ettersom gangen og balansen vart dårlegare, meinte ho at ho også måtte gi opp dansen.
Då far hennar døydde på våren 2023, var botnen nådd. Kven var ho utan musikken og dansen, og utan støtte i far sin?
PÅ JOBB: Annabel fortsette å jobbe mellom periodane der ho var svært svimmel og trøytt.
Foto: PrivatFrå rullator til rytme
Vi må ta eit lite steg tilbake.
For kva var det som hadde skjedd, då Annabel erfarte at tangoen «skrudde på ei kran»?
– Det er dopamin som vert slept laus. Det er omtrent slik det ser ut i hjernen også, seier nevrolog Geir Olve Skeie.
– Parkinson-pasientar har for låg produksjon av dopamin i eit område av hjernen som styrer motorikken.
– Korleis kan musikk hjelpe?
– Musikken har rytme. Sjølv med dopaminmangel er personar med Parkinson i stand til å «kaste seg på» ein ekstern rytme, og bevege seg normalt. Når dei bevegar seg til musikk ser hjernefunksjonen deira tilnærma normal ut.
– Det ser ut som det er den «innlevde rørsla» som har denne effekten på Parkinson-symptoma. Det må altså vere musikk som pasienten likar for at det skal verke, seier Skeie.
– Det er ganske utruleg å sjå på: Med den rette musikken, kan ei dame som vanlegvis går med rullator, plutseleg danse på høge hælar.
Sanna Martine Sørum
Trommeforsking
Kjetil Vikene arbeider på Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved Universitetet i Bergen. Mellom 2020–2024 har Vikene leia ein studie der Parkinson-pasientar gjekk i trommeterapi.
Thor Brødreskift / Universitetet i Bergen
– Den kjekkaste studien
– Det er den kjekkaste studien eg nokon gong har gjort, seier Vikene. Då vi skulle rekruttere deltakarar, var det mange som var skeptiske. Ei dame på 75 år som aldri hadde spelt eit instrument fekk prøve litt først. Så ringde ho tilbake og sa «dette var faktisk ganske gøy, kan eg fortsette?».
Sanna Martine Sørum / UiB
Innlevd og eksplosiv
– Koordinasjon mellom armar og bein er noko av som er mest svekka hos Parkinson-pasientar med framskridne symptom, og dessutan høgre-venstre-koordinasjonen. Ved trommene får dei jobba med akkurat dette, og ikkje minst med eksplosiv rørsle, som er vesentleg.
– Etter at dei har vore med på studien, seier deltakarane at dei har fått betre kontakt med, og kontroll over, dei sjuke delane av kroppen sin.
«Playing with Parkinson»
Gjennomsnittsalderen til dei som får diagnosen Parkinson er 67 år. Annabel var 52.
Symptoma kan byrje allereie tjue år før ein får diagnosen, med humørsvingningar og nedstemtheit.
Etter den første tunge perioden, kom pianisten til eit vendepunkt. Ho oppdaga kva som hjelpte henne av kosthald, trening, musikk. Det å ha noko meiningsfullt i livet, vart viktigare enn nokon gong.
Og ho vil utnytte den magiske effekten til tangoen:
– Eg kan komme til danselokalet med mange symptom: Ein høgrefot som ikkje ville strekke seg ut; subbande gonge. Så, når eg dansar med ein av dei faste partnarane, og har komme inn i flyten, seier kroppen: «Du er ikkje sjuk! Du har ikkje Parkinson!»
INNLEVING: Annabel underviser kurset Leading Ladies, her med Lisbet A. Silden.
PLAYING WITH PARKINSON: - Dersom Parkinson skal vere ein del av livet mitt, så la oss leike litt saman, seier Annabel Guaita. Etter å ha komme gjennom ein tung periode, prøvar pianisten å formidle lærdom om musikk og Parkinson.
TANGO SOM MEDISIN: Annabel har vore tangoinstruktør i mange år. Parkinson-pasientar mistar den indre rytmegeneratoren sin. Gjennom danserørsler til musikk vert rytmesenteret aktivert.
– Første gongen var det så sterkt at tårene kom.
Det er ikkje berre dansen som har terapeutisk effekt.
– Å lytte til Mozart kan organisere tankane og lette planlegging. Å spele Grieg og Chopin inneber eksplosive rørsler, og Bach sine firstemmige fugar skapar orden i hovudet. Forsking viser at det å lytte til fleirstemmig musikk kan danne nye nervebanar i hjernen og fremme nevroplastisitet.
Ho måtte endre tilnærminga til pianospelet: Gjere rørslene større og tydelegare, bruke meir tid. Og ho opplevde at det også kunne bli fint.
– No er det kvalitet framfor kvantitet, og eg må vere heilt til stades i kvar rørsle, kvart uttrykk.
Gjennom prosjektet «Lyttelos: Playing with Parkinson's» formidlar ho kunnskap om musikk og Parkinson i eit eige konsertforedrag.
– Eg tenkte at «dersom Parkinson no skal vere ein del av livet mitt, så la oss leike litt saman», seier Annabel.
MEINING: Dei psykiske symptoma ved Parkinson gjer det ekstra viktig å ha noko meiningsfullt i livet.
Foto: Therese G. PisaniHei!
Eg er doktor i musikkvitskap og skriv om musikk og kultur på nrk.no. Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi i NRK Kultur burde sjå på? Eg blir glad for alle innspel!
Publisert 11.04.2025, kl. 19.58